Skriftlig spørsmål fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:978 (2025-2026)
Innlevert: 22.12.2025
Sendt: 23.12.2025
Til behandling

Anne Grethe Hauan (FrP)

Spørsmål

Anne Grethe Hauan (FrP): Meiner statsråden det er forsvarleg helsepolitikk at pasientar som har fungert utan smertestillande medisinar i årevis, blir gjort meir medikamentavhengige som følgje av ei byråkratisk refusjonsendring – og vil statsråden ta initiativ til å reversere denne avgjerda?

Begrunnelse

Regjeringa har fleire gonger sagt at målet er å redusere bruken av vanedannande legemiddel og styrkje ikkje-medikamentelle behandlingstilbod for pasientar med langvarige smerter. Likevel har refusjonsendringar i praksis ført til det motsette. Pasientar som over lang tid har fungert godt utan smertestillande medisinar, har mista behandling som har gitt stabil effekt, og står no att med medikamentbruk som einaste reelle alternativ.
Langvarige smerter er ikkje ein standardtilstand som kan behandlast likt for alle. Pasientar reagerer ulikt på behandling, og mange toler dårleg sterke medisinar eller får alvorlege biverknader. Når fungerande og individuelt tilpassa behandling blir fjerna av økonomiske og administrative årsaker, blir fagleg skjønn sett til side og pasientomsynet svekka. Konsekvensen er ofte redusert livskvalitet, hyppige medisinskifte og auka risiko for avhengigheit.
Det er særleg alvorleg når staten, gjennom eigne prioriteringar, bidreg til å føre pasientar inn i medikamentavhengigheit som kunne vore unngått. Dette reiser viktige spørsmål om kven helsepolitikken eigentleg er til for – pasientane, eller systemet.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig