Erling Sande (Sp): Kva er grunnen til at utdanningsdirektoratet på kort varsel bryt sine tidlegare lovnader til Nordland fylkeskommune og kva vil statsråden gjere for at forsøket med friluftsfag med studiekompetanse kan halde fram til prosessen med ny fag- og timefordeling er ferdig?
Begrunnelse
Nordland fylkeskommune har sidan 2013 drive forsøk med å tilby friluftsfag med studiespesialisering ved Knut Hamsun vgs. Til tross for gode erfaringar, positive uttalar frå fleirtalet i utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget og eit sterkt ønskje frå fylkeskommunen med å ha eit slikt tilbod har utdanningsdirektoratet ikkje gjeve permanent godkjenning til læreplanane. I staden har ein vist til prosessar fram i tid, seinast til prosessen om ny fag- og timefordeling som direktoratet meiner ligg mot slutten av dette tiåret. I 2023 meldte direktoratet at Nordland fylkeskommune kunne halde fram med utdanningsprogrammet fram til denne prosessen var ferdig. No har direktoratet brote desse lovnadane, og varsla fylkeskommunen i brev 18.12.25 at forsøket skal opphøyre seinast innan våren 2028.