Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1048 (2025-2026)
Innlevert: 07.01.2026
Sendt: 08.01.2026
Til behandling

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan landbruksministeren forklare korleis det er mulig å gjennomføre noko så vanvittig meiningslaust som å kaste alle slakta verpehøns i søpla?

Begrunnelse

I ulike oppslag har det kome fram at det i praksis no er heilt slutt med slakt av HØNER til bruk i mat, pga. innføring av EU regelverk, og der Mattilsynet har prestert å "knegå" EU igjen.
At verpehøns no altså blir kasta og ikkje brukt til mat ved slakting, pga eit mulig søl av eggeplomme, er ikkje berre greinalaust men direkte sløseri i stor skala.
At det i butikker i Norge ikkje skal vere mulig å få kjøpt høns til mat, er ufattelig, når både Sverige og Finland har funne god rutiner for å tillate dette.
Som vanlig er vi her i landet "helligare enn paven" og innretta oss etter EU betydelig strengare enn EU land som til dømes Sverige.
Ikkje berre har Sverige billigare drivstoff, sjølv om dei ikkje har pumpa opp ein einaste liter olje, men der tar dei faktisk også vare på sine kjøttressurser og brukar desse til mat, - her i Norge kaster vi altså Høna i søpla.
I fest talar etter fest talar snakkar ein om kor viktig det er med å ta vare på ressursane og hindre matsvinn, og såleis unngå sløseri.
Men, så viser det seg alstå at det er staten sjølve som innfører og tolkar EU reglar strengare enn nødvendig. slik at dyr som kunne blitt til mat, faktisk blir kasta i søpla.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig