Ove Trellevik (H): Vil regjeringa endre forskrifta slik at denne uretten blir retta opp, eventuelt kvifor ikkje?
Begrunnelse
I dag får ikkje lokale nettselskap behalde heile nettleiga frå alle kraftverk som leverer inn til lokale nett. Store delar av inntekta blir overført Statnett, men ansvaret for drift, utbygging etc likevel er eit lokalt nettselskap sitt ansvar. Dette skapar eit lite tillitsvekkjande system. Krafta blir produsert lokalt, men både kraft og nettleige forsvinn ut frå regionen. Kostnadane for drift og investeringar blir verande att, og kundane lokalt får rekninga.