Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:3997 (2025-2026)

Innlevert: 30.09.2026
Sendt: 01.10.2026
Besvart: 08.10.2026 av samferdselsminister Kamzy Gunaratnam

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren med bakgrunn i eiga erfaring bak rattet, forklare følelsen det er å gli avgårde utan skikkeleg kontroll med piggfrie dekk på vinterstid, og har statsråden i en slik situasjon erfart at piggdekk er betydeleg bedre på vinterstid en piggfrie dekk, og samtidig forklare logikken og det rasjonelle i at dei sikraste dekka, piggdekk blir avgiftsbelagt av AP regjeringa, dekk som hindrer ulykker, og som også er grunnen til at landets utrykkingskøyretøy køyrer på piggdekk?

Begrunnelse

Om ikkje lenge går vi inn i ein ny vinter, med glatt føre og dårleg veigrep, også i byane.
Oslo og ein del andre byer har innført piggdekkavgift, ei avgift på dei sikreste bildekkene i ei tid der antall alvorlige ulykker og dødsulykker aukar i heile landet, spesielt om vinteren og på glatt føre.
Piggdekk har betydelig kortare bremselengde, og graver seg mekanisk ned i isen og gir dermed betydelig bedre feste og dertil kortare bremselengd.
Med piggdekk har ein ved 50 km/t ei bremselengd på 43 meter, mot 60 meter med eit nordisk piggfritt dekk.
Utrykkingskøyretøya her i landet brukar piggdekk, medan alt for mange bruker priggfrie som også "polerer" opp vegbanen og faktisk gjer den enda glattare.
Argumentasjonen for å "straffe" dei som brukar piggdekk, er ikkje berre grenselaust greinalasut, men også direkte trafikkfarleg.
Eg køyrer mykje bil, ca. 40 000 km i året, og ser også galskapen ikring dette her i Oslo, der bilar glir i hytt og pine på glatt føre med piggfrie dekk, medan mine piggdekk gjer at eg køyrer trugt og sikkert.

Kamzy Gunaratnam (A)

Svar

Kamzy Gunaratnam: Føremålet med piggdekkgebyret er å redusere nivå av svevestøv i norske kommunar. Gebyrordninga er utforma for å balansere omsyna til trafikktryggleik, framkome og miljø. Det er framleis ei utfordring med for høge nivå av svevestøv i enkelte norske kommunar. Som lokale styresmakter for forureining har kommunane ansvar for at grenseverdiane i forureiningsforskrifta blir haldne. Då må dei òg ha tilgjengelege verkemiddel for å kunne følgje opp dette ansvaret.
Piggdekkgebyr er eit treffsikkert og effektivt verkemiddel som kommunane sjølve kan velje om dei vil innføre. I dag er piggdekkgebyr innført i Oslo, Bergen og Trondheim. Eg meiner det er rett at kommunane framleis skal kunne avgjere lokalt om dei vil ha piggdekkgebyr, og at staten ikkje bør avgrense denne moglegheita.
Bruk av piggdekk er ikkje forbode i Noreg, og den enkelte bilisten står fritt til å velje type vinterdekk. Køyrer ein inn i ei gebyrsone med piggdekk, må ein betale gebyr. Dette er i tråd med prinsippet om at den som forureinar skal betale. Erfaringane viser at i dei største bykommunane som har piggdekkgebyr, kan ein stor del av bilistane køyre piggfritt utan at ulempene blir for store. Vegnettet i desse kommunane blir òg drifta med dette som utgangspunkt.
Utanfor dei største byområda, der svevestøv i mindre grad er eit problem, er det ein større del av køyretøya som nyttar piggdekk. For å redusere risikoen for ulykker er det viktig å bruke dekk som er tilpassa dei lokale føreforholda. Piggdekk og piggfrie vinterdekk har nokre ulike eigenskapar på norsk vinterføre, men det finst dekk av begge typar som gir godt veggrep og god tryggleik. Piggdekk vil som regel ha betre eigenskapar på islagde vegar. På tørre, våte eller salta vintervegar vil piggfrie vinterdekk ofte ha like gode eller betre eigenskapar. Fleire politidistrikt og helseføretak har valt å bruke piggfrie dekk på tenestebilane og ambulansane som køyrer i bynære og kystnære område i Sør- og Midt-Noreg.
Etter mi vurdering er piggdekkgebyret eit viktig verkemiddel for å redusere nivåa av svevestøv. Det førebyggjer helseskadar, byggjer på prinsippet om at forureinaren betaler, og støttar kommunane som lokale styresmakter for forureining.