Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:3999 (2025-2026)

Innlevert: 30.09.2026
Sendt: 01.10.2026
Besvart: 08.10.2026 av samferdselsminister Kamzy Gunaratnam

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Synest samferdselministeren når ministeren sjølv er ute på vegen, at det er greit at skilt vert gløymt igjen, eller at det er nedsatt farstgrense og skilting om vegarbeide fortsatt er aktivt, når arbeidet ikkje pågår eller når vegarbeidet faktisk er ferdig, og har samferdselsministeren tenkt å gjerer noko med dette, og sørge for at rett skilting vert nytta ved rett tilhøve på våre vegar?

Begrunnelse

Langs våre vegar er det ein del vegarbeide, som sjølvsagt blir rettmessig skiltet og med nedsatt farstgrense i anleggstida.
Derimot ser ein på Norske vegar og i særdelesheit på riks og motorvegar, vegarbeide som har ført til nedsatt fartsgrense og ulik skilting, også i helgene og utanfor tida det er anleggsarbeidet , sågar også etter arbeidet er ferdig, fortsatt har nedsatt fartsgrense og anna skilting. Enkelte gongar kan det sjå ut til at skilt regelrett er "glømt igjen".
Dette medfører trafikkfare, då skilting som ikkje er i tråd med virkeligheta på vegane kan skape farlege situasjonen.

Kamzy Gunaratnam (A)

Svar

Kamzy Gunaratnam: Krava til bruk, plassering og fjerning av skilt går fram av skiltforskrifta og tilhøyrande normalar, mellom anna Vegnormal N300 Trafikkskilt. Desse reglane pålegg entreprenøren å fjerne mellombelse skilt straks arbeidet er avslutta, og å sørgje for at skiltinga til ein kvar tid samsvarer med dei faktiske tilhøva på vegen.

Eg er kjend med at det frå tid til annan likevel vert observert skilt for nedsett fartsgrense og varsling om vegarbeid som står att etter at arbeidet er avslutta. Eg har forståing for at dette opplevast som unødvendig og uheldig for trafikantane.

Statens vegvesen har difor dei siste åra styrkt oppfølginga av entreprenørane når det gjeld skilting ved vegarbeid. Det vert gjennomført kontrollar og revisjonar for å sikre at skilting vert fjerna eller endra når arbeidet er ferdig, og at fartsgrensene vert sett tilbake til ordinært nivå. Vegvesenet har òg teke opp problemstillinga med entreprenørane i kontraktsoppfølginga, og det vert lagd vekt på at feil eller manglande oppdatering av skilt kan få konsekvensar for kontraktsforholdet.

Statens vegvesen vurderer òg bruk av digitale og fjernstyrte skilt som kan endrast automatisk når arbeid går føre seg eller vert avslutta. Slike løysingar kan redusere risikoen for feilinformasjon og bidra til betre trafikkflyt og tryggleik.

Eg vil understreke at korrekt skilting er avgjerande for trafikksikkerheita og for tilliten til vegsystemet. Departementet følgjer utviklinga tett og vil halde fram med å arbeide for at skilting ved vegarbeid til ein kvar tid er i samsvar med regelverket og dei faktiske tilhøva på vegen.