Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:79 (2026-2027)
Innlevert: 07.10.2026
Sendt: 07.10.2026
Besvart: 15.10.2026 av landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen

Ingrid Fiskaa (SV): Kva vil landbruksministeren gjera for å hindra at Tine sentraliserer og legg ned anlegga sine i distrikta, slik dei har planar om i eksempelvis Ørsta og Tresfjord i Møre og Romsdal, og dermed svekkjer matberedskapen vår i ei tid då me treng det motsette?
Regjeringa har eit mål om å oppretthalda mjølkeproduksjon i heile landet og auka sjølvforsyninga. Likevel skjer det motsette. Jord går ut av drift, mjølkebruk blir lagt ned og infrastrukturen kring landbruket blir svekt.
Tine har dei siste åra vedteke nedlegging av fleire meieri og varsla sentralisering og omstrukturering, noko som gjer reisevegen for mjølka lenger og den landbruksmessige beredskapen dårlegare. Eksempelvis er meieria i Ørsta og Tresfjord i Møre og Romsdal varsla nedlagt. Avgjerda om å byggja ned infrastrukturen kring landbruket står i motsetning til behovet for å styrka matberedskapen og oppretthalda lokale verdikjeder.
Ein desentralisert meieristruktur er viktig for totalberedskapen. Fjordar, fjell og meir ekstremvêr aukar sjansen for stengde vegar. Lenger reiseveg forringar mjølkekvaliteten og gjer transportlogistikken meir krevjande. Tine har som marknadsregulator henteplikt på mjølk i heile landet, men denne blir uthola når avstandane blir for store. Dårlegare tilgang på alt frå meieri, slakteri, veterinær og avløysar gjer det vanskelegare å halda oppe matproduksjon i heile landet, og det trengst nasjonale grep for å motverka dette.
Matberedskapen i Møre og Romsdal vil bli svekt dersom meieria i Ørsta og i Tresfjord blir lagt ned. Tine planlegg å flytta produksjonen ut av fylket, med kremost og snøfrisk-produksjonen til Byrkjelo og ridderost og fastost til Verdal. Rundt 70 kompetansearbeidsplassar i distriktet vil forsvinna. Dei tilsette lever i uvisse då tidsplanen for nedlegginga ikkje er kjend, og risikoen for å mista nøkkelpersonell aukar frå veke til veke.
Berre sidan 2019 er meieria i Hardanger, Voss, Sem, Sola og Kristiansand lagt ned. No står Ørsta og Tresfjord for tur, og fleire andre anlegg er under vurdering. Denne uheldige utviklinga er ei følgje av ein landbrukspolitikk som i mange år har ført til bruksnedlegging og sentralisering. Det svekkjer både sjølvforsyninga og beredskapen vår.

Nils Kristen Sandtrøen: Regjeringens mål er å opprettholde landbruk i hele landet, og melkeproduksjon er en viktig bærebjelke i norsk landbruk. Det er i dag melkeproduksjon over hele landet. Tine SA har mottaksplikt for melk fra produsentene, og gjennom kvoteordningen for melk tilpasses produksjonen etterspørselen i markedet. Til sammen bidrar dette til å oppfylle målene Stortinget har fastsatt, herunder distriktsprofil og variert bruksstruktur. Norge er selvforsynt med flytende melk, fløte og rømme, og har høy selvforsyningsgrad for andre meieriprodukter.
Bedriftene har ansvaret for og tar beslutninger for sin industristruktur.
I januar 2025 ble det vedtatt at Tine SAs anlegg i Ørsta og Tresfjord skulle legges ned. Produksjonen skulle etter hvert flyttes til andre anlegg. 18. mars 2026 sendte Tine SA ut en pressemelding der det fremgår at selskapet vil bruke mer tid på å finne den mest effektive og langsiktige løsningen for hvordan anleggene for blokk- og spesialost best kan organiseres. Tidspunktet for avvikling er derfor ikke fastsatt.
Å legge til rette for bruk av jord- og beiteressursene i hele landet er en viktig del av beredskapen. Å sikre produksjonsgrunnlaget gjennom aktiv drift og å legge til rette for konkurransedyktige verdikjeder er derfor nødvendig for å produsere mat til egen befolkning.