Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:58 (2013-2014)
Innlevert: 06.11.2013
Sendt: 06.11.2013
Besvart: 13.11.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A): I regjeringserklæringa står det at ein «vil stille krav om at ingen skal kunne sykemeldes i mer enn 6 måneder av sin egen fastlege». Dette kan skape utryggleik for alle som vert råka av langvarig sjukdom, til dømes kreftpasientar, og forvirring om kven dei skal vende seg til når denne seksmånadarsperioden er over.
Kan statsråden svare på korleis dette systemet skal organiserast og kven den einskilde pasient skal vende seg til, når det ikkje lenger er fastlegen?
I den politiske plattforma for regjeringa utgått av Høgre og Frp står følgjande formuleringar:
"Regjeringen vil stille krav om at ingen skal kunne sykemeldes i mer enn 6 måneder av sin egen fastlege."

Robert Eriksson: Regjeringas politikk bygger på at deltaking i arbeidslivet er ein av dei viktigaste bærebjelkane i eit menneske sitt liv. Det gjeld òg om ein blir råka av sjukdom eller funksjonstap. Å forvalte arbeidet med sjukmeldingar på ein god og føremålstenleg måte, er eit viktig bidrag til deltaking i arbeidslivet, trass i helseplager og sjukdom.
Det er dokumentert at det er stor variasjon i legane sin sjukmeldingspraksis, og at fastlegane kan påvirke sykefraværet i sin pasientgruppe. Samstundes opplever mange legar arbeidet med sjukmeldingar som ei utfordring, der dei forventingane pasientane har skal balanserast mot det behovet samfunnet har for å avgrense sjukefråværet.
Videre veit vi at sjansene for å falle ut av arbeidsmarknaden aukar med lengre sjukefråværstilfeller. Det er difor fornuftig å satse på tidlig intervensjon av sjukmeldte for å bidra til at flest mulig kommer tilbake i arbeid. Regjeringa ønskjer å prøve ut nye tiltak for å bidra til lågare sjukefravær, herunder krav til ny medisinsk vurdering etter 6 månader.
Korleis dette skal organiserast krev ein nærare utgreiing, mellom anna ein kartlegging av dei ulike konsekvensane ikkje berre for den einskilde, men også for fastlegen, Arbeids- og velferdsetaten og arbeidsgjevar. Dette arbeidet vil departementet no gå i gang med.