Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:1330 (2015-2016)

Innlevert: 17.06.2016
Sendt: 20.06.2016
Besvart: 24.06.2016 av landbruks- og matminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Har areal omdisponert til andre formål enn landbruk (fråtrukke areal til skogplanting) auka i 2014 og 2015 samanlikna med omdisponeringa i 2013? Og i tilfelle kor mykje?

Begrunnelse

Høgre sin landbrukspolitiske talsperson sa i debatten om jordbruksoppgjeret: "omdisponeringa av dyrka mark er nå på det laveste nivået siden registreringene startet i 1976".
Dette er det ikkje mogleg å finne i SSB sine tal.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Tala for omdisponering av dyrka jord blir registrerte i KOSTRA (Kommune-stat-rapportering). Dyrka jord omdisponert til andre formål enn landbruk (omdisponeringa til skogplanting er ikkje med) var i 2015 på 6 341 dekar. I 2014 var denne omdisponeringa på 5 710 dekar, mens den i 2013 var på 5 620 dekar. Såleis auka omdisponeringa i 2015 med 631 dekar samanlikna med 2014, og med 721 dekar samanlikna med 2013.
Samstundes ligg den årlege omdisponeringa av dyrka jord i alle desse tre åra (2013-2015) under omdisponeringa i alle dei føregåande åra, heilt tilbake til registreringa starta i 1976. Ut frå dette kan ein seie at omdisponeringa av dyrka jord dei tre siste åra er på det lågaste nivået sidan registreringene starta i 1976.
Til samanlikning blei det gjennomsnittleg omdisponert 7 600 dekar årleg i perioden med raud-grøn regjering, og gjennomsnittleg 11 400 dekar i perioden 1994-2003 som var utgangspunktet for halveringsmålet i 2004.