Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden oppmode fylkesmennene til å praktisere meir offentlegheit i større grad en praksis i dag er?
Begrunnelse
I Tysnes kommune i Vestland fylkeskommune skal det vera dialogmøte mellom fylkesmannen og kommunen, om to reguleringsplanar som er under arbeid, og som fylkesmannen har motsegn mot. Reguleringsplan for Elsåkervågen og regplan for fiskerihamn i Skjelleviksundet.
Dei to sakene er av stor allmenn interesse i lokalsamfunnet, den eine saka handlar om det store oppdrettskonsernet Alsaker Fjordbruk sine utvidingsplanar. Det er ei viktig sak for oppdrettskonsernet, og det har mykje å seia for lokalsamfunnet på Onarheim. Fiskerihamn-saka omhandlar utvidingsplanar for det einaste fiskeribruket som er i Tysnes p.t.
Lokalavisa Bladet Tysnes fekk fyrst nei frå fylkesmannen til å følgja dialogmøtet, avisen klaga – og fekk nei på nytt.
Det er ingen lovheimel som seier at avisa har rett til å vera med på møtet, sidan dette ikkje er eit folkevald organ, men spørsmålsstiller meiner det burde vore praktisert meiroffentleghet.
I eit demokrati er det litt spesielt at maktorganet i saka (Fylkesmannen) ikkje godtek at lokalavisa får vera med på eit møte som er viktig for lokalsamfunnet.