Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:775 (2022-2023)

Innlevert: 19.12.2022
Sendt: 20.12.2022
Besvart: 03.01.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kva kan gjerast for å hindre at vogntog køyrer i venstre fil på motorveger i 90, 100 og 110-soner, som skaper lange køer og mange farlige situasjoner?

Begrunnelse

I lengre tid har eg observert mange farlige situasjoner ved at vogntog køyrer i venstre fil på motorveger med 100 og 110-sone.
Av ein eller anna grunn skal enkelte vogntog køyre i venstre fil, med forbikøyring av andre vogntog som skaper svært lange køer. Dette skaper også mange farlige situasjoner.
Trafikken flyter fint når vogntog forholder seg i filene dei faktisk skal ligge i med fartssperra på sine vogntog. Ingen av desse klarer å holde fartsgrensa i verken 90, 100 eller 110-soner.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: På oppdrag frå Samferdselsdepartementet gjorde Statens vegvesen i 2018 ei vurdering av enkelte tema knytt til fartsforskjellar mellom ulike køyretøy på motorveg og motortrafikkveg. Eitt av temaa som vart vurderte, var forbod mot tunge køyretøy i venstre felt.
Statens vegvesen kom då til at det ikkje var føremålstenleg å innføre eit absolutt forbod mot tunge køyretøy i venstre felt på motorveg og motortrafikkveg. Eit slikt forbod vil mellom anna kunne hindre tunge køyretøy i å køyre forbi saktegåande køyretøy i høgre felt over lange avstandar. Vegvesenet tilrådde i staden at eventuelle problemstrekningar blir skilta med forbod, noko som kan vere aktuelt til dømes i tunnelar. Aktuelle forbodsskilt kan vere 335 «Forbikjøringsforbud for lastebil» og skilt 306.5 «Forbudt for lastebil og trekkbil». Departementet slutta seg til tilrådinga. Statens vegvesen har ikkje endra oppfatning i etterkant.
Eg meiner òg at løysinga som vart tilrådt i 2018 er mest føremålstenleg. Eg vil samstundes peike på at kravet til aktsemd i vegtrafikkloven § 3 gjer det ulovleg å hindre trafikken unødig, til dømes ved å køyre i for låg fart sett opp mot gjeldande fartsgrense og trafikkforholda elles, slik at det oppstår kø.