Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Dokument nr. 15:2715 (2022-2023)
Innlevert: 30.06.2023
Sendt: 30.06.2023
Besvart: 10.07.2023 av næringsminister Jan Christian Vestre

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Regnskap Norge overleverte i november 2021 regjeringa ei liste med 39 konkrete forenklingstiltak, for å hjelpe næringsministeren med å nå målet i Hurdalserklæringa om å redusere administrative byrder for næringslivet med 11 milliardar kroner.
Kor mange av desse 39 tiltaka er gjennomført pr juni 2023, kor mange er det planer om å gjennomføre seinast med verknad frå 2024, og kan Næringsministeren stadfeste at målet om å kutte administrative byrder for næringslivet med 11 mrd. kr er eit nettomål, ikkje eit bruttomål?

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: Svaret er utarbeidd i samarbeid med finansministeren sidan 37 av 39 forslag frå Regnskap Norge ligg under ansvarsområdet til Finansdepartementet.
Innspel frå næringslivet er viktig for å kartleggje gode forenklingstiltak. Regnskap Norge har over lang tid gitt innspel og vore ein samtalepartnar for departementet. Eg set stor pris på engasjementet som Regnskap Norge, andre organisasjonar og verksemder viser på området.
Forenklingsmålet til regjeringa ligg fast. Det er ambisiøst og krevjande, men noko vi strekkjer oss etter. I 2021 sette eg ned ei interdepartemental arbeidsgruppe for forenklingsarbeidet. Vidare har eg halde innspelsmøter med næringslivet og oppmoda til konkrete framlegg til tiltak. Vi har no fått om lag 140 framlegg, og oppmoder næringslivet og organisasjonane deira til å sende inn fleire. Vi arbeider no med dei framlegga som er mest aktuelle.
Status for dei 39 framlegga som departementet fekk frå Regnskap Norge i november 2021, er: Fem forslag har Regnskap Norge i etterkant trekt, nokre med ein merknad om at ein ev. kjem tilbake med eit meir konkret framlegg. Seks av framlegga dreier seg om regelverket for meirverdiavgift, og her har Regnskap Norge valt å arbeide vidare med andre næringsorganisasjonar (NHO, Virke, Revisorforeningen og SMB Norge) for å gi ei samla framstilling av alle mva-framlegga som er fremja. Departementet har ikkje fått dette større innspelet på mva-området enno. For eit framlegg – opne for at alle næringsdrivande kan krevje e-faktura – er vurderinga at det ikkje er eit forenklingstiltak sidan vi ikkje kjenner til regelverk som er til hinder for at verksemder kan setje eit slikt vilkår når dei handlar med andre verksemder. Dei øvrige framlegga er til vurdering. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med ei oppdatering, men vi tek sikte på å implementere gode framlegg både i 2024 og 2025.
Arbeidet med forenklingar dreier seg om tiltak som reduserer administrative kostnader for verksemdene som regelverket fører til. Det kan dreie seg om mindre omfattande krav eller at det vert enklare å rette seg etter krava, til dømes innføring av digitale løysingar for rapportering. Det er primært unødvendige byrder ein er ute etter. Unødvendige byrder er definert som plikter som regelverket set, og som ein kan fjerne eller gjere mindre omfattande utan at det går ut over det ein vil oppnå med regelverket.
Privat sektor er òg viktig for å realisere forenklingsgevinstar. Utviklinga av informasjonsteknologi og gode fagsystem har medverka vesentleg til å effektivisere rapporteringa til verksemdene.
Samstundes som teknologiske nyvinningar og digitalisering medverkar til å redusere arbeidet med rapportering, er det andre samfunnsmessige endringar som trekkjer i motsett retning. Regelverk som påfører verksemdene kostnader, kan likevel ha høg nytteverdi på samfunnsnivå. Omsynet til berekraft og klimautfordringa fører til meir rapportering. Det same gjer regelverket mot kvitvasking og omsynet til eit seriøst arbeidsliv. Samstundes er dette data verksemdene sjølve kan bruke i si omdømmebygging.
I forenklingsarbeidet har det aldri vore norsk politikk å operere med eit nettomål, dvs. at ein frå realiserte forenklingsgevinstar skal trekkje frå nye administrative byrder som kjem til i den aktuelle perioden. Regelverk og rapportering er etablert for å sikre sentrale samfunnsomsyn. Når det er politisk avgjort og sett på som naudsynt med ny rapportering for å nå målet med ny regulering, da meiner eg at det ikkje er opplagd at slike tiltak skal vere del av forenklingsrekneskapet. Men nytt regelverk skal vere slik at næringslivet ikkje vert påført unødvendige byrder. Regelrådet skal medverke til at næringslivet ikkje vert påført slike unødvendige byrder.
Eit nettomål har som premiss at det til i ei kvar tid eksisterer unødvendige reguleringar som ein kan fjerne når nytt regelverk, som ofte følgjer av internasjonale plikter, fører til auka kostnader. Sett på spissen kan eit slikt nettomål føre med seg at ein må gå inn for å fjerne reguleringar som gir høg samfunnsnytte. Det ønsker vi ikkje. Men regjeringa er sjølvsagt opptatt av at dei administrative kostnadene ikkje er høgare enn naudsynt for næringslivet. Av den grunn har vi sett eit ambisiøst mål for forenklingar.