Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Astrid Aarhus Byrknes (KrF) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1842 (2023-2024)

Innlevert: 23.04.2024
Sendt: 24.04.2024
Besvart: 02.05.2024 av forsvarsminister Bjørn Arild Gram

Astrid Aarhus Byrknes (KrF)

Spørsmål

Astrid Aarhus Byrknes (KrF): Kvifor er det ikkje fleire HV ungdomsgrupper enn i berre 3 av 11 HV distrikt, og vil forsvarsministeren bidra til å setje dette på dagsorden?

Begrunnelse

HV ungdomsgruppe er ein ypperleg plass for ungdom som er nysgjerrige på forsvaret.
Mange ungdomar er usikre på om dei passar inn i forsvaret, eller om dei i det heile tatt ser at fyrstegongstenesta er rett for dei, og dermed ikkje søkjer seg inn i fyrstegongstenesta.
HV ungdomsgruppene slik eg forstår det, viser kva forsvaret er, byggjer karakter og tar bort usikkerheit. HV ungdomsgrupper burde vore ein moglegheit i alle distriktene. Framover treng vi «alle mann og kvinner på dekk» for nasjonen og for vår tryggleik og beredskap, og forsvaret treng mykje ressurser i form av det aller viktigaste: mennesker. Forsvaret treng personell som vil stå i arbeid i lengre periodar og ha dette som yrke. Vi treng ungdom som blir kjent med forsvaret, blir motivert til å vere der, og desse HV ungdomsgruppene kan bidra til nettopp dette.

Bjørn Arild Gram (Sp)

Svar

Bjørn Arild Gram: Som følgje av den tryggingspolitiske situasjonen frå 1990-talet og fram til i dag har som kjend Forsvaret vore nedbygd og Forsvaret har i mindre grad prioritert ressursar til Heimevernsungdommen som eit landsdekkjande tilbod til ungdom.
Heimevernsungdommen er eit godt tilbod til ungdom som er interessert i Forsvaret eller vurderer ei leiarutdanning i framtida. I tillegg har eg tru på at Heimevernsungdommen er viktig for å spreie kunnskap om Forsvaret, bidra til rekruttering og skape forsvarsvilje.
Sp/Ap-regjeringa prioriterer Heimevernsungdommen og vil leggje til rette for at Forsvaret kan auke tilbodet til Heimevernsungdommen. I samband med den nye langtidsplanen for forsvarssektoren legg regjeringa opp til å prioritere midlar til utstyr til Heimevernsungdommen, med formål å stimulera til fleire ungdomsgrupper.