Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:335 (2024-2025)
Innlevert: 07.11.2024
Sendt: 08.11.2024
Besvart: 15.11.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H): Kan eg be om å få ei oversikt over estimerte årlege kostnader i fm. dyrepåkjørsler med tog pr. år?
https://www.banenor.no/siteassets/handlingsplan-for-a-forebygge-dyrepakjorsler-pa-jernbanen-i-perioden-2022---2025-2.pdf
Kvart år er det fleire tusen dyrepåkjørslar med tog. Det er utarbeidd handlingsplanar for å motverke slike ulykker, men det tek tid å få effektuert desse handlingsplanane. Påkøyrslar ender ofte fatalt for dyra, men også togmateriell og skinner får skader, samstundes som det fører til forseinkingar og arbeid for togpersonellet. Vi vil gjerne vite kor store verdiar ein estimerar desse dyrepåkjørslane har for Bane Nor og togselskapa i løpet av eit år.

Jon-Ivar Nygård: Det er eit omfattande arbeid å lage slike estimat over årlege kostnader ifm. dyrepåkjørsler med tog per år, og Bane NOR opplyser at det innafor den knappe tidsramma for dette spørsmålet ikkje er mogleg å få dette til. Heller ikkje togselskapa har kostnadsestimat direkte knytt til dyrepåkøyrslar.
Det er viktig å leggje til rette for felles innsats og samarbeid for å auke dyrevelferda. Derfor arbeider regjeringa med å leggje fram ei ny stortingsmelding om dyrevelferd, der dyrepåkøyrslar er eit tema.