Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om statsråden vil sikre at nasjonal overdosestrategi blir vidareført, med bakgrunn i at målet med strategien, som var å få ned talet på narkotikadødsfall, ikkje er nådd

Datert: 23.11.2017
Besvart: 29.11.2017 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Nasjonal overdosestrategi blir avslutta i 2017. Målet med strategien var å få ned talet på narkotikadødsfall. Målet er ikkje nådd. Talet på personar som døydde av overdose i 2014, var 266. Talet på personar som døydde av overdose i 2015, var 289. Ifølgje SINTEF sin rapport 'Kommunalt psykisk helse- og rusarbeid 2016' manglar eit fleirtal av kommunane rutinar for oppfølging av pasientar som har vore innlagt for sjølvmordsforsøk og overdosar.
Vil statsråden sikre at nasjonal overdosestrategi blir vidareført?


Les hele debatten