Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til utviklingsministeren

Om ei kvalitetsreform av forvaltinga av bistanden, og kor langt statsråden har kome i førebuingane sine på dette viktige området, og om me kan vente at regjeringa vil konsultere partia på Stortinget før ei så stor reformavgjerd blir fatta

Datert: 25.04.2018
Besvart: 25.04.2018 av utviklingsminister Nikolai Astrup

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Mitt spørsmål går til utviklingsministeren.
Kristeleg Folkeparti fremja for ei tid sidan ei eiga utviklingsmelding der me føreslo ein omfattande kvalitetsreform i norsk bistand. Det er spesielt viktig at pengane til dei fattige i verda kjem fram og blir brukte på ein best mogleg måte.
Kristeleg Folkepartis melding resulterte i ei rekkje forslag. Eit fleirtal av dei blei vedtatte, og me ventar no på gjennomføringa frå regjeringa si side. Det gjeld meir fattigdomsretting av bistanden, større grad av føreseielegheit, auka støtte til staten sine kjernefunksjonar og val av partnarland.
Men det er éi sak som er spesielt viktig. Kristeleg Folkeparti har i lengre tid kravd ei kvalitetsreform av forvaltinga av bistanden. Erfaringane der UD har sete med alt, har ført til ei forvitring av bistandskompetansen og ei uoversiktleg og ineffektiv forvalting. Det har òg ført til – vil eg seie – ei samansausing av utanrikspolitiske og utviklingspolitiske prioriteringar. Dette er uheldig.
Derfor er det bra at me no ser at ei reform er på veg. Det er bra at regjeringa har varsla dette. Så er spørsmålet: Kva reformgrep er det regjeringa tar? Sjølv om dette er regjeringa sitt ansvar, veit me at partia på Stortinget blei konsulterte da Høgre sist sat i regjering og det blei gjort ei bistandsreform, i 2004. Grunnen til det er at den typen endringar som ein gjer, bør stå seg over tid uansett regjering, og ha brei konsensus. Det same gjeld no.
Så mitt spørsmål er: Kor langt har statsråden kome i førebuingane sine på dette viktige området? Og kan me vente at regjeringa vil konsultere partia på Stortinget før ei så stor reformavgjerd blir fatta?


Les hele debatten