Muntlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til statsministeren

Om ein kraftig auke i ferjeprisane, og kvifor statsministeren vel å føra ein politikk som gjer det dyrare for folk i distrikta å koma seg til og frå jobben

Datert: 15.01.2020
Besvart: 15.01.2020 av statsminister Erna Solberg

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Dei siste vekene har me sett eit folkeleg opprør langs kysten mot ein kraftig auke i ferjeprisane. Det er snakk om auka ferjeprisar på 10, 20 og 30 pst., og nokre plassar på 40 pst. Sjølv vaks eg opp med Tau-ferja til Stavanger. Det er det som no har vorte til Ryfast. Me som kjem frå kyst- og fjordkommunane, veit jo at ferjer ikkje berre er kos; ferjer er òg ei nødvendigheit. Det gjorde at far kunne pendla til Stavanger og jobba i Dusavika, det gjorde at me kunne koma oss til sjukehuset når me trong det, i tillegg til at det sjølvsagt òg kunne vera ei fin utflukt til byen.

No er det slik at me nesten dagleg ser eksempel på kva auka ferjeprisar betyr for kvardagsøkonomien til heilt vanlege familiar. Sunnmørsposten kan fortelja om dagpendlarar som må ut med 11 000 kr meir i året for dagpendling. Og me kan lesa på nrk.no at foreldre som vil følgja ungane sine på fotballtrening frå Dønna til Sandnessjøen, har risikert å måtta betala 500 kr kvar gong. Tilsvarande historier kan ein høyra om pasientar, om ferierande og lokalt næringsliv, som no får ei større rekning. Eg vil minna om at dette skjer samtidig som at regjeringa har redusert frådraget for pendlarane, og det skjer samtidig som at regjeringa har føreslått null i vekst i fylkeskommunane sine frie inntekter dei siste to åra.

Det er ikkje så konstruktivt når politikarane skuldar på kvarandre. Det som er konstruktivt, er å fiksa problema som finst i kvardagen til folk. Her er det jo eit problem, og det skapar ganske sterke reaksjonar hos mange langs kysten. Arbeidarpartiet har føreslått meir til fylka kvart einaste år dei siste sju åra. Det ville gjeve fylka ein betre økonomi, og det ville gjort lågare ferjeprisar mogleg for fleire.

Så eg må nesten spørja kvifor statsministeren vel å føra ein politikk som gjer det dyrare for folk i distrikta å koma seg til og frå jobben.


Les hele debatten