Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om statsministeren meiner at _me har eit særleg ansvar for dei som har vore i kamp_, gjort ein nødvendig innsats for dei norske styrkene og dermed utsett seg for ein fare i ettertid

Datert: 28.05.2014
Besvart: 28.05.2014 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): Stridstolken Faizullah Muradi blei arrestert i går og send ut av landet. 18 år gamal blei han rekruttert av dei norske styrkane i Afghanistan som tolk. Han tenestegjorde i fleire år for fedrelandet Noreg, og deltok òg i kamphandlingar i norsk uniform skulder ved skulder med norske soldatar. I går blei han send ut av landet.
Dublin-konvensjonen som handterer denne typen spørsmål, og som òg Noreg har forplikta seg på, seier at asylsøkjarar som kjem til Europa, skal få behandla søknaden sin i det første landet ein kjem til. For Muradi var det Italia. Det vil da seie at Noreg kan sende den typen asylsøkjarar tilbake, men ein treng ikkje gjere det.
I 2011 stoppa Noreg alle returar til Hellas fordi me opplevde at det ikkje var ansvarleg. I 2012–2013 fekk 21 tolkar som hadde vore tolkar for den norske tenesta i Afghanistan, opphald etter ei særskilt vurdering av Justisdepartementet. Mitt spørsmål er: Meiner statsministeren at me har eit særleg ansvar for dei som har vore i kamp, gjort ein nødvendig innsats for dei norske styrkene og dermed utsett seg for ein fare i ettertid?

Les hele debatten