Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om korleis dei ulike _hjelpeetatane kan samarbeide betre i det daglege_ for å hjelpe personar med alvorleg psykisk sjukdom og store rusproblem, med bakgrunn i at ein i Rogaland har gjort seg gode erfaringar med at brannvesenet saman med andre etatar hjelper bebuarar som er sterkt hjelpetrengande
Datert: 02.11.2017
Besvart: 08.11.2017 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Ingrid Heggø (A): I Rogaland har ein gjort seg gode erfaringar med at brannvesenet saman med andre etatar hjelper bebuarar som er sterkt hjelpetrengande, men som av ulike grunnar ikkje får hjelp. I ein serie i Stavanger Aftenblad ser ein store manglar i hjelpa til personar med alvorleg psykisk sjukdom og store rusproblem.
Korleis tenker statsråden at dei ulike hjelpeetatane kan samarbeide betre i det daglege for å hjelpe denne gruppa?