Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Muntlig spørsmål fra Solfrid Lerbrekk (SV) til arbeids- og sosialministeren

Om å sørgja for at det italienske _oljeselskapet Eni tettar sikkerheitsavvika om bord på Goliat-plattforma_ som Petroleumstilsynet påpeiker, ikkje berre på papiret, men òg i verkelegheita, med bakgrunn i at feil og manglar på plattforma vart oppdaga allereie i 2015

Datert: 08.11.2017
Besvart: 08.11.2017 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Solfrid Lerbrekk (SV)

Spørsmål

Solfrid Lerbrekk (SV): Eg vil gjerne stilla eit spørsmål til arbeidsministeren.

Sikkerheita på ein oljeplattform kan ikkje takast lett på. Slurv kan føra til store ulykker, tap av menneskeliv og alvorlege miljøskader.

Petroleumstilsynet gjennomførte i september tilsyn med sikkerheita om bord på Goliat-plattforma. Måndag i denne veka låg rapporten føre. Den er knusande lesnad for det italienske oljeselskapet som opererer den første plattforma i Barentshavet. Blant anna kjem det fram at feil og manglar på plattforma vart oppdaga allereie i 2015, og at selskapet hevda at dette blei fiksa opp i. Det viser seg ikkje å stemma. Feila skal ifølgje Petroleumstilsynet ha vorte retta opp på papiret, men ikkje i verkelegheita.

Sikkerheita på plattformene er avgjerande for dei som jobbar der. Kva vil arbeidsministeren gjera for å sørgja for at Eni tettar sikkerheitsavvika som Petroleumstilsynet påpeiker, ikkje berre på papiret, men òg i verkelegheita?

Les hele debatten