Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Muntlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til finansministeren

Om at Stortinget vedtok at det skal setjast ned eit offentleg utval som skal _kartleggja pengestraumane i kommersielle selskap som opererer innanfor offentleg finansierte velferdstenester_, når utvalet vart nedsett, kven som er medlemer, og kor langt dei har kome i arbeidet

Datert: 28.02.2018
Besvart: 28.02.2018 av finansminister Siv Jensen

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Spørsmålet mitt går til finansministeren. Temaet er profitt i velferda, og at skattekroner skal gå til å gje innbyggjarane best mogleg velferdstilbod.
I fjor vedtok Stortinget at det skal setjast ned eit offentleg utval som skal kartleggja pengestraumane i kommersielle selskap som opererer innanfor offentleg finansierte velferdstenester, som f.eks. innanfor private barnevernsinstitusjonar og private barnehagar. Utvalet skulle føreslå løysingar som kan sørgja for at offentlege midlar i størst mogleg grad går til produksjon av faktisk velferd, og korleis ein kan hindra uønskt skattetilpassing i selskap som i all hovudsak er finansierte av offentlege midlar. Då Stortinget debatterte regjeringserklæringa, spurde Rigmor Aasrud frå Arbeidarpartiet statsråden om korleis dette arbeidet gjekk. Statsråden svarte:
«Først og fremst ved å la utvalget få gjøre jobben sin. Og med utgangspunkt i det vil jo regjeringen komme tilbake til Stortinget.»
Ut frå svaret var utvalet nedsett og i gang med arbeidet. Eg har prøvd, men finn ikkje noko om nedsetjing av dette utvalet, eller kven som er medlemer. Difor spør eg statsråden: Når vart utvalet nedsett, kven er medlemer, og kor langt har dei kome i arbeidet?

Les hele debatten