Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om regjeringa er villig til å _auke den humanitære bistanden til Jemen_, både gitt den alvorlege situasjonen me no ser, og gitt den underdekninga i forhold til behovet som er påvist, der FN har bedt om 3 mrd. dollar, men berre har fått inn under halvparten

Datert: 30.05.2018
Besvart: 30.05.2018 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): På søndag hadde VG ei framside som gjorde sterkt inntrykk. Det var ei sjokkerande, men viktig framside som viste det sanne ansiktet til krigen i Jemen. Me så den akutt underernærte og avmagra Aisha. Ho er eitt av 400 000 barn i same situasjon.
Kvart 10. minutt døyr eit barn i Jemen. 80 pst. av innbyggjarane er heilt avhengige av humanitær hjelp for å overleve. FN har kalla det verdas verste humanitære krise. Det er òg på mange måtar ei gløymt krise. Derfor har ein i altfor lita grad makta å mobilisere hjelp frå omverda i den situasjonen me ser no.
I byrjinga av 2018 anslo FN at dei trengte 3 mrd. dollar for å auke mathjelpa til landet. Ein har dessverre ikkje eingong klart å samle inn halvparten så langt. Regjeringa har lagt inn ein viss auke i den humantære bistanden til Jemen i revidert budsjett – det er bra, men det er dessverre ikkje nok. Kristeleg Folkeparti meiner Noreg kan og bør yte meir for å redde liv i denne ufattelege krisa.
Mitt spørsmål til statsministeren er: Er regjeringa villig til å sjå på moglegheita for nettopp å auke den humanitære bistanden til Jemen, både gitt den alvorlege situasjonen me no ser, og gitt den underdekninga i forhold til behovet som er påvist, der FN har bedt om 3 mrd. dollar, men berre har fått inn under halvparten av det?

Les hele debatten