Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om statsråden deler statsministeren si uttale om at den personen som skal sløkkje lysa på norsk sokkel, enno ikkje er fødd, i lys av at vi er nøydde til å ta drastiske og kjappe grep viss ein skal klare å hindre ei global oppvarming og avgrense ho til 1,5 grader
Datert: 28.11.2018
Besvart: 28.11.2018 av klima- og miljøminister Ola Elvestuen

Tore Storehaug (KrF): Statsråd Elvestuen kan kome opp igjen, for eg har lyst til å stille han spørsmål. Statsråden er jo ansvarleg for norsk klimapolitikk, og vi har no ein statsminister som har gjeve ein uttale som eg meiner er litt oppsiktsvekkjande. Statsministeren har sagt at den personen som skal sløkkje lyset på norsk sokkel, enno ikkje er fødd.
I lys av den nye IPCC-rapporten, som seier at vi er nøydde til å ta drastiske og kjappe grep viss ein skal klare å hindre ei global oppvarming og avgrense ho til 1,5 grader, og at det vil vere ein stor forskjell på om vi klarer å avgrense global oppvarming til 1,5 grader eller til 2 grader – er dette ein uttale som statsråden er einig i?