Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om kva organisatoriske endringar det er mogleg å gjere innanfor helstenesta for å auke intensivkapasiteten og få meir pasientbehandling ut av kvart årsverk i sektoren
Datert: 06.01.2022
Besvart: 12.01.2022 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

Sveinung Rotevatn (V): Noreg har fleire sjukepleiarar per innbyggjar enn noko EU-land, og vi er det OECD-landet med høgst del av folket sysselsett i helsesektoren. Likevel er kapasiteten på intensivbehandling for låg til å handtere omfattande smitteutbrot, og blir brukt som hovudgrunngjeving for dei inngripande smitteverntiltaka som no gjeld.
Kva organisatoriske endringar er mogleg å gjere innanfor helstenesta for å auke intensivkapasiteten og få meir pasientbehandling ut av kvart årsverk i sektoren?