Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om regjeringa vil fylgje opp arbeidet med førebygging av fiskerikriminalitet den førre regjering la fram, eller planlegg dei ytterlegare ei reform
Datert: 04.05.2022
Besvart: 04.05.2022 av fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran

Olve Grotle (H): Måndag denne veka kom Økokrim med trusselvurderinga si for 2022. Her skriv dei m.a. dette om fiskerikrim:
Og vidare:
Tidlegare i veka var fiskeriministeren ute i VG og kommenterte saka. Han sa då at han skal gjennomføre ei omfattande reform av ressurskontrollen. Men ei slik reform er alt arbeidd fram og starta opp av Solberg-regjeringa. I september i 2021 varsla dåverande fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen at det i tillegg skulle opprettast ein eigen seksjon i Nærings- og fiskeridepartementet som skulle jobbe med førebygging av fiskerikriminalitet, og at ei viktig oppgåve for den nye seksjonen nettopp ville vere å gjennomføre den nasjonale reforma av fiskerikontrollen.
Så spørsmålet mitt til fiskeriministeren er: Er reforma statsråd Skjæran snakka om tidlegare i veka til VG, den same som den som førre regjering la fram, eller planlegg han ei ny eller ytterlegare ei reform? Kva skal denne reforma i så fall innehalde, og kva er nytt?