Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Spørretimespørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til justis- og beredskapsministeren

Om kvifor statsråden ikkje har gitt UDI beskjed om at personar i Noreg kan levere inn søknad om familiegjenforeining på vegner av familiemedlemmer i Gaza

Datert: 25.01.2024
Besvart: 31.01.2024 av justis- og beredskapsminister Emilie Mehl

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): På nyåret hadde eg gleda av å møte ein norsk-palestinar. Møtet gjorde eit sterkt inntrykk. Norsk-palestinaren har kona si i Gaza. Ho er livredd, og dei siste dagane har han ikkje fått kontakt med henne. Rett før krigen braut ut, søkte dei om familiegjenforeining, men kontoret i Gaza der ein skal møte opp med dokument, er ikkje i drift. Krigen har vart i snart fire månadar, og eg tok dette opp med statsråden allereie i november.
Kvifor har statsråden ikkje gitt UDI beskjed om at personar i Noreg kan levere inn dokument på vegner av familiemedlemmer i Gaza?

Les hele debatten