I Stortingets møte 9. juni 2015 ble det gjort
slikt
I lov 24. august 2012 nr. 64 om bustøtte blir det gjort
følgjande endringar:
Overskrifta i § 8 skal lyde:
§ 8 Innhenting og handsaming av personopplysningar
§ 8 første ledd skal lyde:
Husbanken og kommunane kan utan hinder
av teieplikt påleggje offentlege styresmakter, långjevarar, utleigarar,
burettslag, eigarseksjonssameige og postoperatør å
gje opplysningar som er nødvendige for å kontrollere om
vilkåra for å få bustøtte er oppfylte eller har vore oppfylte i
tilbakelagde periodar. Husbanken og kommunane kan hente inn slike
opplysningar direkte frå instansane som er nemnde i første punktum,
og nytte dei i sakshandsaminga utan samtykke frå den det gjeld.
Den som blir pålagd å gje opplysningar i medhald av paragrafen her,
kan ikkje krevje godtgjering. Personopplysningsloven § 20 om informasjonsplikt
gjeld. Reglane om bevisfritak i tvisteloven §§ 22-8 og 22-9 gjeld
tilsvarande.
§ 8 andre ledd blir oppheva. Noverande tredje ledd blir
andre ledd.
Ny § 8 a skal lyde:
§ 8 a Masseinnhenting av opplysningar for kontrollføremål
Husbanken kan utan hinder av teieplikt hente inn registrerte
opplysningar om ei større mengd namngjevne mottakarar av bustøtte
for elektronisk samanlikning med opplysningar i eit anna register
(masseinnhenting). Opplysningar om husstandsmedlemmene til mottakarane
kan hentast inn på same måte. Husbanken kan òg hente inn opplysningar
om bustader og kven som bur eller har budd i bustader som er del
av ei sak om bustøtte. Føremålet med innhentinga må vere å kontrollere
om vilkåra for å få bustøtte er eller har vore oppfylte.
Masseinnhenting kan skje frå register hos andre offentlege
styresmakter, postoperatør eller frå Husbanken og kommunane sine
eigne register.
Masseinnhenting kan gjelde opplysningar om inntekt
eller andre økonomiske forhold, yrke (student/arbeidsledig/vernepliktig),
bustad eller adresse, lovleg tilgang til opphald i riket og kven
mottakaren bur saman med. Opplysningar som er rekna som sensitive etter
personopplysningsloven § 2 nr. 8, kan ikkje masseinnhentast.
Departementet kan i forskrift gje utfyllande reglar om
gjennomføringa av masseinnhenting. Departementet kan også i forskrift
gje reglar om at masseinnhentinga skal kunne omfatte andre opplysningar
enn dei som er nemnde i tredje ledd, dersom opplysningane er av
tilsvarande art og ikkje fører til vesentlege personvernkrenkingar.
Det kan også fastsetjast i forskrift kva register opplysningar kan
hentast inn frå.
Ny § 8 b skal lyde:
§ 8 b Gjennomføring av masseinnhenting
Masseinnhenting skal gjerast av ei særskilt utpeika
eining. Eininga kan hente inn, registrere, samanstille og lagre
opplysningar så langt det er nødvendig for å avgjere om bustøtte
blir eller har blitt utbetalt i strid med vilkåra for å ta imot
støtte.
Opplysningar om den enkelte mottakaren av bustøtte
kan vidareformidlast med sikte på å korrigere eller stanse feilaktige
utbetalingar, krevje tilbakebetaling av for mykje utbetalt beløp,
og straffeforfølging. Elles kan vidareformidling skje når dette
følgjer av lov eller reglar gjevne i medhald av lov.
Opplysningar som er henta inn ved masseinnhenting,
skal slettast så snart omsynet til kontroll og oppfølging tillèt
det.
Masseinnhentinga skal gjennomførast slik at opplysningar
som ikkje verkar inn på retten til bustøtte, ikkje blir omfatta
eller utleverte. Innhentinga skal heller ikkje føre til at det blir
utlevert opplysningar om andre personar enn dei som kontrollen gjev
grunn til å følgje opp. Dersom slike opplysningar likevel skulle bli
utleverte, skal dei slettast omgåande.
Offentlege styresmakter eller postoperatør skal leggje
til rette for at opplysningane dei har, på førespurnad blir gjorde
elektronisk tilgjengelege for særskilt utpeika einingar i Husbanken.
Det kan ikkje krevjast godtgjering for slik tilgjengeleggjering
og utlevering av opplysningar.
Den som blir pålagd å gje opplysningar i medhald av
paragrafen her, pliktar å gjere dette utan godtgjering.
Personopplysningsloven § 20 om informasjonsplikt
gjeld.
Ny § 8 c skal lyde:
§ 8 c Innhenting av opplysningar frå tredjeperson
Kommunen, Husbanken eller særskilt utpeika einingar
kan påleggje alle som kan ha informasjon som er eigna til å belyse
saka, å gje opplysningar som er nødvendige for å avdekkje eller
avgrense urettmessig utbetaling av bustøtte. Vilkåret er at det
ligg føre ein rimeleg grunn til mistanke om at det er skjedd eller
vil skje urettmessig utbetaling av bustøtte. Opplysningar kan krevjast
også om andre enn mottakaren av bustøtte.
Reglane om informasjonsplikt i personopplysningsloven
§ 20 gjeld for opplysningar som er henta inn etter paragrafen her,
men den registrerte har først krav på informasjon når kontrollen
er ferdig utført. Den som blir pålagd å gje opplysningar eller innsyn
i dokument m.m. i medhald av paragrafen her, skal gjere det utan
hinder av teieplikt. Helseopplysningar som ligg under teieplikt
i helsepersonelloven, kan ikkje hentast inn etter denne føresegna.
Den som blir pålagd å gje opplysningar eller innsyn i dokument, pliktar
å gjere dette utan godtgjering. Reglane om bevisfritak i tvisteloven
§§ 22-8 og 22-9 gjeld tilsvarande.
Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.
Olemic Thommessen |
president |