Vedtak til lov om endringar i yrkestransportlova (samkøyring mv.)
                                 
                            
                         
                     
                    
                    
                    
                    
    
        
            
                
                    
                        
                            Innhold og søk 
                            Til toppen 
                        
                     
                 
                
             
            
         
     
 
                    
                    
                    
                    
                    
                    
                    
			            
			                I Stortingets møte 28. november
2017 ble det gjort følgende
			            
		             
                
        
                    
                                        
                    
                                        
                    
                    
                    
                        
                            
                                
                                
                                    
        
          vedtak til lov
         
        
          
            om endringar i yrkestransportlova
(samkøyring mv.)
          
         
        
          I
        
        
          Lov 21. juni 2002
nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy vert endra slik:
        
        
          
            § 9 andre ledd skal lyde:
          
          
            (2) Løyve for drosjekøyring
gjeven til fysisk person fell bort når innehavaren fyller 75 år.
          
         
        
          
            § 20 skal lyde:
          
          
            § 20 Samkøyring og ambulansetransport 
          
          
            
              
                (1)	Det trengst
ikkje løyve når den som rår over ein personbil, tek med seg folk som har eit samanfallande transportbehov
som han sjølv. Vederlaget for transporten kan ikkje overstige passasjerane
sin forholdsmessige del av transportkostnadene. Transportkostnadene
etter andre punktum vert rekna ut frå den skattefrie satsen for
kilometergodtgjersle i reiseregulativ for staten, med tillegg av
eventuelle kostnader til bompengar og ferje. 
              
             
            
              
                (2)	Likeins krevst
det ikkje løyve for transport av sjuke eller skadde personar med
godkjend ambulanse.
              
             
           
          
            II
          
          
            Lova tek til å gjelde
straks.
          
         
       
 
                                 
                                
                             
                         
                        
                        
                            
			            
                        
                        
			            
			                
			            
                       
                     
                    
                    
                        
                            
                                
        
          
            
              
                
                  
                    
                      Olemic Thommessen 
                    
                   
                 
                
                  
                    
                      president