vedtak til lov
om kommunale vass- og avløpsanlegg
(vass- og avløpsanleggslova)
§ 1 Formål
Formålet med denne lova er å sikre langsiktige
og trygge vass- og avløpstenester gjennom kommunalt eigarskap til
vass- og avløpsanlegg, å sikre at kommunen kan levere vass- og avløpstenester
til eigedomar som har tilknyting til kommunale vass- og avløpsanlegg,
og å sikre finansiering av kommunen sine utgifter forbundne med
levering av vass- og avløpstenester.
§ 2 Kommunalt eigarskap til
vass- og avløpsanlegg
Nye vass- og avløpsanlegg skal vere eigde av
ein eller fleire kommunar. Eksisterande vass- og avløpsanlegg kan
berre seljast eller på annan måte overdragast til kommunar. Ei vesentleg
utviding eller ei samanslåing av eksisterande private anlegg kan
berre skje med løyve frå kommunen etter § 3.
Første ledd gjeld ikkje for mindre vass- og
avløpsanlegg, overvassanlegg, vass- og avløpsanlegg eigde av andre
offentlege organ enn kommunar eller anlegg som gjeld næringsverksemd
og liknande som ikkje er knytt til kommunale anlegg.
Departementet kan gi forskrifter om eigarskap
til vass- og avløpsanlegg.
§ 3 Kommunalt løyve til private
vass- og avløpsanlegg
Kommunen kan etter søknad gi løyve til samanslåing
eller vesentleg utviding av eit eksisterande privat vass- og avløpsanlegg
eller til etablering av eit nytt anlegg dersom
-
a. det private anlegget
ligg så langt frå kommunalt vass- og avløpsanlegg at kommunen ikkje
kan krevje at busetnaden som det private anlegget tener eller skal tene,
skal knytast til det kommunale anlegget med heimel i plan- og bygningslova
§§ 27-1 og 27-2
-
b. kostnadene ved å knyte seg til det
kommunale anlegget vil vere urimeleg store
-
c. eller andre særlege omsyn talar for
samanslåing, utviding eller nyetablering.
Nye anlegg etter første ledd skal organiserast
som partslag eigde av brukarane.
Departementet kan i særlege tilfelle gjere unntak
frå kravet. Når særlege omsyn tilseier det, kan kommunen gjere enkeltvedtak
om at også samanslåtte eller utvida anlegg skal organiserast som
eit partslag eigd av brukarane. Kommunen avgjer om det elles skal
stillast særlege vilkår for eit løyve etter første ledd.
§ 4 Kommunale vass- og avløpsgebyr
Kommunen kan gi forskrift om at det skal betalast vass-
og avløpsgebyr, om storleiken på gebyra i kommunen og om innkrevjing
av gebyra. Kommunale vass- og avløpsgebyr skal vere eingongsgebyr
for tilknyting og årlege gebyr.
Når ein fast eigedom har tilknyting til ein
kommunal vass- eller avløpsleidning, anten direkte eller gjennom
ein privat samleidning, skal eigaren betale vass- og avløpsgebyr
til kommunen i samsvar med forskrift gitt i medhald av første ledd.
Det same gjeld når kommunen med heimel i plan- og bygningslova §§ 27-1
eller 27-2 har kravd at eigedomen skal ha slik tilknyting.
Det kan krevjast gebyr etter andre ledd for
ein eigedom som det ikkje er hus på, når kommunen kunne kravd tilknyting
til ein kommunal vass- eller avløpsleidning om det hadde vore hus
på eigedomen. Er det ikkje bygd på eigedomen på grunn av eit offentleg
fastsett forbod mot bygging eller ein annan særleg grunn som eigaren
ikkje har ansvaret for, kan det ikkje krevjast gebyr så lenge forbodet
eller hindringa varar.
Det kan, uavhengig av vilkåra i andre og tredje
ledd, krevjast gebyr for eigedomar som slepp ut avløpsvatn i vassdrag,
når kommunen legg vassdraget i ein lukka leidning.
Kommunen kan ta bort alt eller noko av gebyret
for eigedomar som det ikkje er hus på.
§ 5 Rammene for kommunale
vass- og avløpsgebyr
Departementet skal gi forskrift om rammene for
gebyra og hovudreglane om utrekning og innkrevjing av dei.
§ 6 Lovpant og tvangsgrunnlag
for utlegg
Eit forfalle krav på årsgebyr etter denne lova
er sikra med lovpant i eigedomen etter pantelova § 6-1. Både årsgebyr
og eingongsgebyr for tilknyting til kommunal vass- eller avløpsleidning
er tvangsgrunnlag for utlegg. Gebyra kan krevjast inn av kommunekasseraren
etter reglane for innkrevjing av skatt.
§ 7 Krav til levering og
bruk av kommunale vasstenester
Kommunen har plikt til å levere drikkevatn til
eigedomar som har tilknyting til eit kommunalt vassanlegg.
Eigarane av eigedomar som har tilknyting til
eit kommunalt vassanlegg, skal vedlikehalde private vassleidningar
og -installasjonar og bruke kommunen sine vasstenester på ein måte
som ikkje vanskeleggjer kommunen si plikt til å levere drikkevatn
etter første ledd. Plikta kan mellom anna gå ut på at abonnenten
skal utbetre lekkasjar på sine private leidningar og installasjonar.
Kommunen kan gi forskrift eller gjere enkeltvedtak om
krav til bruk av vatn frå kommunalt vassanlegg til anna enn drikkevatn.
§ 8 Krav til levering og
bruk av kommunale avløpstenester
Kommunen har plikt til å ta imot sanitært avløpsvatn
frå eigedomar som har tilknyting til eit kommunalt avløpsanlegg.
Eigarane av eigedomar som har tilknyting til
eit kommunalt avløpsanlegg, skal vedlikehalde private avløpsleidningar
og -installasjonar og bruke kommunen sine avløpstenester på ein
måte som ikkje vanskeleggjer kommunen si plikt til å ta imot sanitært
avløpsvatn etter første ledd. Plikta kan mellom anna gå ut på at
abonnenten skal utbetre lekkasjar på sine private leidningar og
installasjonar.
Kommunen kan ved påslepp av avløpsvatn til kommunalt
avløpsanlegg gi forskrift eller gjere enkeltvedtak om krav til tiltak
som er nødvendige for å sikre
-
a. at avløpsanlegget
kan overhalde utsleppskrav
-
b. at avløpsanlegget ikkje blir skada
-
c. at det ikkje blir vanskeleg å drifte
avløpsanlegget
-
d. at det ikkje blir vanskeleg å disponere
avløpsslammet
-
e. vern av helsa til personale som arbeider
ved anlegget.
Kommunen kan mellom anna fastsetje krav til
innhaldet i og mengda avløpsvatn.
§ 9 Forbod mot å sleppe kverna
matavfall på kommunalt avløpsanlegg
Det er forbode å sleppe kverna matavfall på
eit kommunalt avløpsanlegg. Kommunen kan gi forskrift om unntak
frå dette forbodet.
§ 10 Kortvarig stans i levering
av kommunale vass- og avløpstenester
Dersom nødvendig vedlikehald av kommunale vass-
eller avløpsanlegg medfører ein kortvarig stans i leveringa av drikkevatn
eller mottaket av avløpsvatn, gjeld ikkje pliktene etter § 7 første
ledd og § 8 første ledd.
Kommunen skal i slike tilfelle avgrense ulempene for
eigedomane som blir påverka av stansen, så langt det lar seg gjere.
Ved planlagt vedlikehald av eit vass- eller
avløpsanlegg skal kommunen i god tid varsle eigarane av dei eigedomane
som blir påverka. Ved akutte hendingar skal kommunen varsle så raskt
som mogeleg.
§ 11 Pålegg om opplysningar
Kommunen kan pålegge eigaren av ein eigedom som
har tilknyting til eit kommunalt vass- eller avløpsanlegg, å legge
fram opplysningar som er nødvendige for at kommunen skal kunne føre
tilsyn med om krav gitt i eller i medhald av §§ 7 eller 8 er overhaldne.
§ 12 Pålegg om undersøkingar
Dersom det er grunn til å tru at eigaren av
ein eigedom som har tilknyting til eit kommunalt vass- eller avløpsanlegg,
bryt krav gitt i eller i medhald av §§ 7 eller 8, kan kommunen pålegge
eigaren å sørge for eller betale for rimelege og nødvendige undersøkingar
for å finne ut om det ligg føre noko slikt brot, eller om det er
behov for tiltak.
§ 13 Tilgang til eigedomar
med tilknyting til kommunalt vass- eller avløpsanlegg
Kommunen skal ha uhindra tilgang til ein eigedom som
har tilknyting til eit kommunalt vass- eller avløpsanlegg, dersom
det er nødvendig for å føre tilsyn med om krav gitt i eller i medhald
av §§ 7 eller 8 blir overhaldne, eller for å gjennomføre tiltak
etter § 15.
Kommunen skal på same måte ha tilgang til ein
eigedom for å gjennomføre tiltak på tekniske installasjonar o.l.
som er nødvendige for at kommunen skal kunne oppfylle plikta si
etter §§ 7 eller 8.
Kommunen skal om mogeleg varsle eigaren på førehand.
§ 14 Pålegg om retting
Kommunen kan pålegge eigaren av ein eigedom som
har tilknyting til eit kommunalt vass- eller avløpsanlegg, å rette
forhold som er i strid med krav gitt i eller i medhald av §§ 7 eller
8 innan ein nærare fastsett frist.
§ 15 Direkte gjennomføring
ved kommunen
Dersom eigaren av ein eigedom som har tilknyting til
eit kommunalt vass- eller avløpsanlegg, ikkje oppfyller eit pålegg
om retting etter § 14, kan kommunen gjennomføre tiltak. Det same
gjeld dersom det er nødvendig å rette eit forhold som nemnt i § 14
så raskt at kommunen ikkje kan følgje vanleg sakshandsaming med
pålegg om retting.
Kommunen kan krevje utgiftene til tiltak etter
første ledd dekte av eigaren av eigedomen.
§ 16 Tvangsmulkt
For å sikre at føresegnene i denne lova eller
vedtak i medhald av lova blir følgde, kan kommunen gjere vedtak
om tvangsmulkt til kommunen. I vedtaket skal det givast ein frist
for retting av forholdet. Tvangsmulkta byrjar å gjelde først dersom
forholdet ikkje er retta innan fristen.
Kommunen kan ikkje gjere vedtak om tvangsmulkt for
forhold i strid med §§ 7 eller 8 utan at det på førehand er gjort
enkeltvedtak etter § 7 tredje ledd eller § 8 andre ledd eller gitt
pålegg i medhald av § 14 om retting av forholdet.
Vedtak om tvangsmulkt er tvangsgrunnlag for
utlegg.
§ 17 Når krav skal rettast
mot festaren av grunnen
Dersom ikkje anna er avtala, skal krav som etter §§ 4,
7, 8, 11, 12, 14, 15 og 16 blir retta mot eigaren av eigedomen,
i staden rettast mot festaren av grunnen når
-
a. festaren har arvefeste
-
b. det er att minst 30 år av festetida
når kravet kjem opp
-
c. festeavtala gir festaren rett til å
krevje festetida forlengd så mykje at det blir att ei festetid på
minst 30 år når kravet kjem opp
§ 18 Forskrifter om nærare
reglar om kommunale vass- og avløpstenester
Departementet kan fastsetje utfyllande forskrifter om
levering og bruk av kommunale vass- og avløpstenester.
§ 19 Ikraftsetjing
Lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset.
Frå same tid blir lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og
avløpsanlegg oppheva.
Forskrifter gitt i medhald av lov 16. mars 2012
nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg held frem å gjelde etter
at lova her tek til å gjelde.
§ 20 Endringar i andre lover
Frå den tida lova tek til å gjelde, blir det
gjort følgjande endringar i andre lover:
1. I lov 8. februar 1980 nr. 2 om pant skal
§ 6-1 andre ledd bokstav c lyde:
2. I lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot
forurensninger og om avfall blir det gjort følgjande endringar:
§ 21 skal lyde:
§ 21 (definisjoner)
Med avløpsanlegg forstås anlegg som
er etablert for transport og behandling av avløpsvann.
Med avløpsvann forstås både sanitært og industrielt avløpsvann
og overvann.
Med overvann forstås vann
som renner av på overflaten som følge av regn og smeltevann.
Ny § 22 a skal lyde:
§ 22 a. (pålegg om frakobling
av overvann og overvannstiltak)
Når det er nødvendig for å avlaste et kommunalt
avløpsanlegg, kan kommunen pålegge eieren av en eiendom som er tilknyttet
et kommunalt avløpsanlegg, å koble overvann helt eller delvis fra
avløpsanlegget eller fordrøye overvannet før påslipp til avløpsanlegget.
Det kan bare gis slikt pålegg dersom overvannet kan håndteres på
annen forsvarlig måte.
Dersom det er nødvendig for å sikre forsvarlig
håndtering av overvannet ved pålegg etter første ledd, kan kommunen
pålegge eieren å sørge for tiltak som med rimelighet kan kreves
for å håndtere overvannet på egen eiendom eller å lede overvannet
til et annet avløpsanlegg eller en alternativ avrenningsvei.
Dersom ikke annet er avtalt, skal et pålegg
etter første og andre ledd rettes mot festeren av eiendommen istedenfor
eieren når
-
a. festeren har arvefeste
-
b. det er igjen minst 30 år av festetiden
når pålegget blir gitt
-
c. avtalen gir festeren rett til å kreve
festetiden forlenget så mye at det er igjen en festetid på minst
30 år når pålegget blir gitt
§ 23 tredje ledd skal lyde:
Skjer tilknytning til kommunal avløpsledning,
betales tilknytningsavgift etter lov om kommunale
vass- og avløpsanlegg. Skjer tilknytning til privat avløpsanlegg,
kan eieren av anlegget kreve at vedkommende foretar eller betaler
de utvidelser og forandringer av avløpsanlegget som tilknytningen
gjør nødvendig, eller at det blir stilt sikkerhet for dette. Eieren
kan også kreve refusjon for anleggsutgiftene i samsvar med plan-
og bygningsloven. Kostnadene ved underskjønnet skal bæres av den
som blir tilknyttet anlegget.