Vedtak til lov om endringar i lov om språk (språklova)
Innhold og søk
Til toppen
I Stortingets møte 6. juni 2025 ble det gjort følgende
vedtak til lov
om endringar i lov om språk (språklova)
I
I lov 21. mai 2021 nr. 42 om språk skal desse
endringane gjerast:
§ 3 andre ledd skal lyde:
Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for
a. kommunane
b. sjølvstendige rettssubjekt der kommunar
og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer
i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første
punktum bokstav c og d
c. interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel
18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire
fylkeskommunar som deltakarar
d. Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet
og andre organ for Stortinget
e. intern sakshandsaming.
§ 3 tredje ledd blir oppheva. Noverande fjerde
og femte ledd blir tredje og fjerde ledd.
§ 13 fjerde ledd skal lyde:
Sentrale statsorgan skal i dokument
som er retta mot eit regionalt statsorgan, nytte fleirtalsspråket
i tenestekrinsen til det regionale statsorganet.
§ 13 noverande fjerde ledd blir nytt femte
ledd.
§ 16 andre ledd skal lyde:
Statsorgan skal krevje at
tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk i arbeidet.
Fylkeskommunar kan krevje det same . Dette gjeld likevel
ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i
grunnopplæringa.
§ 17 skal lyde:
§ 17 Klagerett
Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument
som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren eller organisasjonar
på vegner av mottakaren klage og krevje at dokumentet
blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35 gjeld for saker
etter første punktum.
II
Lova tek til å gjelde 1. juli 2025.
Masud
Gharahkhani
president