vedtak til lov
om endringar i krisesenterlova (tydeleggjering
av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling
av personopplysningar m.m.)
I
I lov 19. juni 2009 nr. 44 om kommunale krisesentertilbod
blir det gjort følgjande endringar:
§ 2 andre og tredje ledd skal lyde:
Tilbodet skal omfatte følgjande:
-
a. eit krisesenter
eller eit tilsvarande gratis, heilårs, heildøgns, trygt og mellombels butilbod
-
b. eit gratis dagtilbod
-
c. eit heilårs og heildøgns tilbod der
personar nemnde i første ledd kan få råd og rettleiing per telefon
-
d. oppfølging i reetableringsfasen i
samarbeid med andre delar av tenesteapparatet, jf. § 4.
Tilbodet skal gi brukarane støtte,
rettleiing og hjelp til å ta kontakt med andre delar av tenesteapparatet.
Noverande § 2 tredje til sjette ledd blir
fjerde til nytt sjuande ledd.
§ 3 første og andre ledd skal lyde:
Kommunen skal sørgje for at tilbodet så langt
råd er blir lagt til rette slik at det kjem dei individuelle behova til
brukarane i møte. Er tilrettelegging ikkje mogleg, skal kommunen
sørgje for likeverdige alternative krisesentertilbod for brukarar
som ikkje kan nytte det vanlege tilbodet ved krisesenteret.
Dei særskilde rettane til samiske brukarar
skal vare-takast i krisesentertilbodet.
Noverande § 3 andre og tredje ledd blir tredje
og nytt fjerde ledd.
Nye §§ 5 a og 5 b skal lyde:
§ 5 a Behandling av personopplysningar
Organ som utfører oppgåver etter denne lova,
kan behandle personopplysningar, også personopplysningar som nemnde
i personvernforordningen artikkel 9 og 10, når det er nødvendig
for å utføre oppgåver etter lova. Det same gjeld private som utfører
oppgåver etter denne lova.
Brukarar av krisesentertilbodet kan reservere
seg mot vidarebehandling av opplysningar til bruk i til dømes statistikk,
analysar og forsking.
Departementet kan gi nærmare reglar i forskrift
om behandling av personopplysningar, mellom anna om formålet med
behandlinga, behandlaransvar, kva for personopplysningar som kan
behandlast, utlevering, registerføring, tilgang til register og
høvet til vidarebehandling.
§ 5 b Tilgang til teiepliktige
opplysningar frå Folkeregisteret
Organ som utfører oppgåver etter denne lova,
kan utan hinder av teieplikt innhente opplysningar frå Folkeregisteret
som er nødvendige for å utføre oppgåver etter denne lova.
II
-
Lova gjeld frå den
tida Kongen bestemmer. Kongen kan setje i kraft dei einskilde føresegnene
til forskjellig tid.
-
Departementet kan gi overgangsreglar.