Vedtak til lov om endringar i eigedomsskattelova
Innhold og søk
Til toppen
I Stortingets møte 17. juni 2025 ble det gjort følgende
vedtak til lov
om endringar i eigedomsskattelova
I
I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt
til kommunane vert det gjort følgjande endringar:
§ 8 A-2 skal lyde:
(1) Verdet av eigedomen skal setjast til det
beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap
og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved
fritt sal. Skattegrunnlaget for bustader og fritidsbustader vert
sett til verdet multiplisert med 0,7.
(2) Verdet av næringseigedom skal setjast
til teknisk verd når det ikkje er mogleg å fastsetje verdet etter
regelen i første ledd første punktum.
(3) Verdet av vindkraftverk, kraftnettet
og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum skal setjast
til teknisk verd, eller avkastningsverd når det gjev best uttrykk for
verdet.
(4) Kommunestyret kan vedta at det
skal gjerast frå-drag i takstane for ein lokal reduksjonsfaktor,
med likt prosentvis frådrag for alle typar eigedom. Frådraget vert vedtatt
i samband med allmenn taksering og ligg fast i heile takstperioden.
For bustader og fritidsbustader skal ein berre nytte lokal reduksjonsfaktor
når denne er høgare enn frådraget i første ledd, og ikkje i tillegg
til dette.
§ 8 C-1 tredje ledd skal lyde:
(3) Nyttar kommunen lokal reduksjonsfaktor,
gjeld same regelen som i § 8 A-2 fjerde ledd.
II
Endringane under I tek til å gjelde straks
med verknad frå og med skatteåret 2026.
Masud
Gharahkhani
president