År 1998 den 3. desember holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
I lov av 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular
og private skular som gjev vidaregåande opplæring
(privatskulelova) skal det gjerast desse endringane:
§ 25 nr. 4 skal lyde:
Departementet kan dra godkjenninga attende
dersom vilkåra i denne lova ikkje vert fylte.
§ 26 tilskottsregel nr. 1 skal lyde:
Tilskotsregel nr. 1
Grunnskular for funksjonshemma.
a) Alle driftsutgifter vert
dekte ved statstilskot. Departementet fastset tilskotet på grunnlag
av framlagde planar og budsjettframlegg. Så langt råd vert
normalsatsen pr elev pr skuleår lagd til grunn.
b) Skulane kan etter søknad
få statstilskot til investeringsutgifter.
c) Utgifter til elevreiser vert dekte
etter gjeldande reglar i lov om grunnskulen.
§ 26 tilskottsregel nr. 3 skal lyde:
Tilskotsregel nr. 3
Vidaregåande skular som tidlegare hadde parallellar
i tilsvarande statlege skular: 85 pst av dei driftsutgifter som
kjem inn under tilskotsgrunnlaget vert dekt ved statstilskot. Så langt
råd vert dette rekna etter ein normalsats pr heilårselev.
§ 26 tilskottsregel nr. 4 innleiinga skal
lyde:
Vidaregåande skular som kan
godkjennast etter § 3 bokstav a, b og
d i lova her:
§ 26 tilskottsregel nr. 5 vert oppheva.
§ 26 tilskottsregel nr. 7 andre leddet andre
punktum skal lyde:
Utgifter til pensjonsinnskot skal likevel innarbeidast
i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer 100 pst av gjennomsnittlege
utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skular.
§ 26 tilskottsregel nr. 7 andre leddet noverande andre
til fjerde punktum vert tredje til nytt femte punktum.
§ 26 tilskottsregel nr. 8 andre leddet andre,
tredje og fjerde punktum skal lyde:
Utgifter til pensjonsinnskot skal likevel innarbeidast
i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer 100 pst av gjennomsnittlege
utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skular. Tilskotsgrunnlaget
vert fastsett av Stortinget. Tilskotet vert knytt til ein
normalsats pr elev særskilt for barnesteget og ungdomssteget
rekna ut for grunnskular i Noreg, jamfør tilskotsregel
nr. 7.
§ 26 tilskottsregel nr. 10 skal lyde:
Tilskotsregel nr. 10
Departementet kan gje forskrift om at
a)statsborgarar i Noreg eller ein annan EØS-stat
som
er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskular i Noreg
eller i utlandet, skal kunne få tilskot
etter denne lov til kompletterande undervisning, og at
b)statsborgarar i Noreg eller
ein annan EØS-stat som er elevar ved utanlandske
eller internasjonale vidaregåande skular i Noreg eller
i utlandet, skal kunne få tilskot til
delvis dekning av skulepengar.
§ 26 tilskottsregel nr. 11 vert oppheva.
§ 27 første ledd skal lyde:
Alle offentlege driftstilskot og eigendelar frå elevane skal
koma elevane til gode.
Lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset.
Gunnar Skaug, |
Sigvald Oppebøen Hansen, |
president. |
sekretær. |