Tilbod for 1.-4. trinn

Stortinget ønskjer å bidra til at dei yngste generasjonane blir aktive deltakarar i demokratiet. Barns første møte med Stortinget skal derfor vere ein spennande, lærerik og god oppleving. Stortinget tilbyr omvisingar gjennom heile skuleåret, frå august til juni.

Elevane får lære Stortinget å kjenne og Grunnlova. Vi snakkar med elevane om Grunnlova og 17. mai, kva Stortinget er og kva som går her føre seg. 

I løpet av omvisinga besøkjer vi fleire av Stortingets viktigaste og flottaste rom. Viss det er stortingsmøte, sit vi ei kort stund på publikumsgalleriet og følgjer møtet. Viss det ikkje er stortingsmøte, går vi inn i sjølve stortingssalen.

Besøket varer i cirka 1,5 timar (inkludert tryggingskontroll). Det må vere minst 10 elevar for å bestille omvising. Det samla talet personar, inkludert lærarar/følgjespersonar, kan ikkje overstige 34. Omvisinga er gratis.

Når du har bestilt besøk, vil du få ein e-post med informasjon det er viktig at du set deg inn i.

Adkomst

Det er haldeplassar for både T-bane, buss, trikk og tog i Stortingets omgåande nærleik. Sjå www.ruter.no for stoppestader nær Stortinget.

Tilgjengelegheit og universell utforming

Stortinget er tilrettelagt for besøkjande med nedsett funksjonsevne.

Førebuingar

Det er ein fordel om de bruker litt tid på å snakke om Stortinget i forkant av besøket. Bruk gjerne våre undervisningssider der du finn skreddarsydde artiklar og oppgåver for 1.-4. trinn.

Når kan eg bestille omvisning?

Stortinget tilbyr førehandsbestilte omvisingar gjennom heile skuleåret, frå slutten av august til midten av juni. Du kan bestille omvisning 90 dagar fram i tid. Nye tider blir fortløpande publiserte kvar dag kl. 08.00.

Siste veke med førehandbestilte omvisningar er veke 25. Tidene for hausten 2025 publiseres 7. august kl. 08.00.

Har du spørsmål?

Kontakt oss på e-post: formidling@stortinget.no

Korleis bestille omvisning

Når du trykkjer på «bestill», blir tidspunktet reservert for deg i eit visst tal minutt. Viss du ikkje fyller ut skjemaet innan tida er ute, blir tida gjord tilgjengeleg for bestilling av andre.

Du skal få ei stadfesting på e-post når du har sendt inn skjemaet. Viss så ikkje skjer, må du ta kontakt med oss.