Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Parlamentets posisjon til neste langtidsbudsjett og effektar av krigen i Midt-Austen var dei to viktigaste sakene på plenumsmøtet til Europaparlamentet i Strasbourg denne veka. Parlamentet vil ha eit større budsjett, større direkte inntekter til EU og er i mot omlegging av støtta til landbruk og regionar. I debatten om krigen var det semje om at EU må bli mindre avhengig av importert energi, men ulike svar på korleis det skal skje. Elles tek Parlamentet til orde for ein europeisk samtykkelov. Det vedtok reglar som vil opne for at parlamentarikarar som er gravide eller har født, kan gje kollegaer fullmakt til å røyste i Europaparlamentet. Fleirtalet i Parlamentet er urolege for utviklinga i rettsstatsprinsipp og grunnleggjande rettar i EU. Parlamentet vedtok formelt nye krav som skal styrke dyrevernet for kattar og hundar. Ei revidert GSP-ordning for import frå utviklingsland styrkar krava til menneskerettar og miljø, men opnar for at tollpreferansar kan knytast til samarbeid om retur av migrantar.
Europaparlamentet vil ha eit større budsjett, at EU skal ha større direkte inntekter og at budsjettet stadig må øyremerke middel til mellom anna landbruk og regionar. Dette kan oppsummere den posisjonen til EUs langtidsbudsjett (Multiannual Financial Framework, MFF) for perioden 2028-2024 som eit relativt knapt fleirtal i Europaparlamentet vedtok tysdag. Parlamentet meiner budsjettramma må aukast med 10 prosent samanlikna med Kommisjonens framlegg. Posisjonen vart vedteke med 369 mot 262 røyster og 23 som avsto. Europaparlamentet må gje samtykke til MFF og fleirtalet trugar med å nekte dette dersom ikkje medlemslanda tek omsyn til Parlamentets posisjon, jf. også omtale på den svenske europaportalen.
Dei to saksordførarane i budsjettkomiteen, Siegfried Mureşan (EPP, Romania) og Carla Tavares (S&D, Portugal) argumenterte for meir og øyremerka pengar til landbruk, fisk og regionalpolitikk, men også meir til mellom anna forsvar, tiltak for styrka konkurranseevne og sosiale formål. Dei tok også til orde for at EU må få fleire direkte inntekter slik Kommisjonen har gjort framlegg om.
Saksordførarane frå komitear som har gjeve innspel til budsjettkomiteen, tok i debatten til orde for meir pengar til sine respektive ansvarsområde. I debatten argumenterte også nesten alle partigrupper for å reversere Kommisjonens framlegg om mindre øyremerka pengar til landbruk og regionalpolitikk. Gruppene i sentrum slutta samstundes opp om å utvide budsjettramma samanlikna med kommisjonsframlegget. Den konservative gruppa (ECR) sa Parlamentets posisjon demonstrerer ei manglande evne til å prioritere. ECR og dei to gruppene på ytre høgre argumenterte alle mot eit større budsjett. Dei sa EU mellom anna bør konsentrere innsatsen på forsvar, landbruk, utjamning og trygge yttergrenser og gruppene argumenterte mot å gje EU større direkte inntekter. Ytre venstre-gruppa (The Left) var også skeptiske til budsjettframlegget og framlegget til posisjon frå Europaparlamentet. Denne gruppa meinte budsjettet er militaristisk og at det i staden burde prioritere sosiale føremål.
Budsjettkommissær Piotr Serafin la vekt på at det er viktig å oppnå ei rask semje om budsjettet. Han viste til at EU står overfor store utfordringar, men også stor uvisse. Det er derfor viktig med fleksibilitet i budsjettet. Det er også viktig å prioritere tiltak for styrka konkurranseevne og auka sikkerheit og erkjenne at det ikkje er rom for å prioritere alt. Det må tas val og prioriterte område må finansierast ansvarleg. Kommisjonen forsvarte framlegget om å etablere nasjonale og regionale partnarskapsplanar. Dette vil gje regionane høve til å utnytte ressursane best mogleg og ikkje svekke landbruks- eller utjamningspolitikken, sa han. Kommisjonspresident von der Leyen kommenterte MFF i debatten om krigen i Midt-Austen onsdag morgon (sjå nedanfor). Ho understreka behovet for eigne inntekter til EU og sa alternativet er lågare ambisjonar eller høgare overføringar frå medlemslanda.
MFF vart også drøfta av EUs stats- og regjeringssjefar på det uformelle toppmøtet på Kypros 23. – 24. april. Rådspresident Antonio Costa tok der til orde for at langtidsbudsjettet bør vedtakast i løpet av inneverande år. Dette er nødvendig for å sikre effektiv gjennomføring av budsjettet frå starten av 2028. Politico skriv at ein del også argumenterer for tidleg semje på grunn av det kommande presidentvalet i Frankrike. I debatten i Europaparlamentet tysdag sa Jordan Bardella frå franske Nasjonal Samling at dette vil vere udemokratisk.
Medan Europaparlamentet altså tek til orde for eit større budsjett, er dette langt frå tilfelle blant medlemslanda. På Kypros avviste den tyske forbundskanslaren både større budsjett og felles låneopptak. Også Nederland og Sverige er tradisjonelt skeptiske til større budsjett, felles låneopptak og også eigne ressursar. Det blir derfor krevjande både å finne ein posisjon i Rådet og deretter få Parlamentets samtykke.
Den kypriotiske EU-ministeren, Marilena Raouna, og kommisjonspresident Ursula von der Leyen deltok onsdag i ein debatt om EUs strategi for å svare på krisa i Midt-Austen og effektar på energi og tilgangen til kunstgjødsel. Raouna la vekt på at konflikten berre kan løysast diplomatisk og sa Hormuzsundet må opnast igjen i samsvar med internasjonal rett, at det må arbeidast for ei stabil våpenkvile og fred og at Iran ikkje må få kjernefysiske våpen. Fokuset på Iran må ikkje føre til at situasjonen i Libanon, i Gaza eller Vestbredden blir gløymt.
I EU reduserer krigen tilgangen til og aukar prisen på kunstgjødsel, den fører til auka matvareprisar og redusert økonomisk vekst. EU må handla samla og koordinert for å avhjelpe effektane. Det er ingen enkle løysingar, men EU må fortsette arbeidet for å gjere seg meir uavhengig av importert energi. Det medfører å vidareføre hovudlinene i den grøne given og mellom anna gjennomføre framlegga i EUs nettpakke.
Von der Leyen starta sitt innlegg med å vise til semja om lånet til Ukraina og ein ny sanksjonspakke mot Russland. Russland har intensivert åtaka mot Ukraina, men EU svarar med å auke støtta til Ukraina, sa ho. Om krigen og effektane av den, la ho også vekt på at Hormuzsundet må opnast og at Iran ikkje må få kjernefysiske våpen. EU må bli mindre avhengig av importert energi. EUs energirekning har auka med 500 millionar euro per dag på grunn av krigen. Det er derfor viktig å vidareføre arbeidet med å gjere EU uavhengig av import. På kort sikt må EU ha løysingar for felles innkjøp av mellom anna diesel og flybensin. Tiltak bør målrettast mot dei mest sårbare gruppene og det er viktig med energieffektivisering og vidare elektrifisering. Også von der Leyen trakk fram nettpakken som ei viktig brikke i dette.
I debatten etterpå var det fokus på energi og det var semje om at energiprisane er for høge og at EU må bli mindre avhengig av importert energi. Det var ikkje semje om årsaker eller løysingar. Medan gruppene i sentrum forsvarte den grøne given og vidare satsing på fornybare kjelder og kjernekraft, meinte spesielt ytre høgre-gruppene at den grøne omstillinga er årsak til energikrisa EU nå står i.
Sentrum høgre-gruppa (EPP) la vekt på at Europa treng vekst og at både forenkling, handelspolitikken og tiltak for å styrke den indre marknaden er viktig for å sikre dette. EU må vidareføre den grøne omlegginga. EPP viste også til behovet for å klargjere kva solidaritetsklausulen i EU-traktatens artikkel 42.7 faktisk betyr.
Sentrum venstre-gruppa (S&D) sa krigen som USA og Israel har starta er illegal og uansvarleg og at EU må forsvare internasjonal rett. Jamvel om Israel har rett til å forsvare seg, kan ikkje EU vere taust når landet innfører dødsstraff for palestinarar. EU må suspendere samarbeidsavtalen med Israel. S&D var også opptatt av konkrete tiltak i EU i møtet med effektane av krigen. Dette omfattar skattlegging av superprofitten til oljeselskap, sikre at prisen på elektrisitet blir fråkopla prisen på gass, meir fleksible statsstøttereglar og støttetiltak for å beskytte dei mest sårbare i samfunnet. Det er ikkje den grøne given som er problemet og EU må arbeide vidare med omlegging til fornybar energi.
Både den liberale gruppa (Renew) og Den grøne gruppa understreka at den grøne given er del av løysinga for å sikre at EU ikkje er prisgjeve import av energi. Vidare satsing på fornybar energi og elektrifisering er nødvending. Den grøne gruppa tok også til orde for å skattlegge oljeselskap som nå tener store pengar og sa også at krigen som USA og Israel har starta er illegal.
Den konservative gruppa (ECR) og dei to ytre høgre-gruppene (Pfd og ESN) sa at uansett kva krise som kjem, så er Kommisjonens svar alltid den grøne given og meir fornybar energi. I staden for burde det kome reelle tiltak for å hjelpe vanlege folk og næringsliv som merker effektane av høge energiprisar og generell inflasjon. Den grøne given står i vegen for ein fornuftig politikk. ECR sa Iran er ein trussel mot Vesten og at EU må vere på riktig side i konflikten saman med USA og Israel. EU må produsere meir energi frå kjernekraft og eigne fossile ressursar, inkludert kol. Gruppa sa også at Spania har auka importen av gass frå Russland og at det derfor er Sanchez snarare enn Orban som finansierer russisk krigføring.
Også ytre venstre gruppa (The Left) var opptatt av at tiltaka mot dei som merker inflasjon og energiprisar mest, må styrkast. Gruppa støtta skattlegging av oljeselskapas profitt og tok til orde for pristak på drivstoff. Kommisjonen må vere tydelegare i sine reaksjonar mot Israels krigføring og aksjonar i Libanon, i Gaza og på Vestbredden.
I debatten kom det også til ei hard ordveksling mellom EPP og S&D om samarbeid med ytre høgre-parti i Europa. Det kom etter at det sosialdemokratiske partiet i Romania måndag saman med eit ytre høgre-parti, felte sentrumsregjeringa i landet. EPP meinte dette bryt med prinsippet om å ikkje samarbeide med ytre høgre. S&D viste på si side til at det konservative partiet i Spania samarbeider med ytre høgre-partiet VOX der. EPP svarte med å seie at både den spanske kommissæren Ribera og statsminister Sanchez er farlege og må fjernast.
Med 447 røyster for, 160 mot og 43 som avsto, vedtok Europaparlamentet tysdag ein ikkje-bindande rapport som ber Kommisjonen foreslå lovgjeving som etablerer ein felles definisjon av valdtekt basert på fritt, informert og tilbakekallbart samtykke. Nasjonal lovgjeving må tilpassast internasjonale standardar, inkludert Istanbul-konvensjonen. Parlamentet krev også tiltak for å støtte og verne offer og overlevande i EU.
Eit nesten samrøystes Europaparlament slutta seg til eit framlegg om at kvinnelege medlemmer av Europaparlamentet (MEP) som skal føde eller som har født, kan gje ein annan MEP fullmakt til å stemme. Dette krev endring i EUs vallov. Endringa må også godkjennast av medlemslanda i Rådet og også ratifiserast av medlemslanda i samsvar med respektive grunnlovskrav.
I ein rapport om Kommisjonens rettsstatsrapport for 2025, utrykkjer eit fleirtal i Europaparlamentet uro for at manglar i rettsstaten svekkjer demokratia i EU og viser til at tilrådingane frå Kommisjonen ikkje blir følgde opp. Både domstolar, mediefridom og sivilsamfunnet er under press og Parlamentet krev sterkare innsats mot korrupsjon, spionprogram og for å hindre åtak på journalistar
I ein ikkje-bindande resolusjon er fleirtal i Parlamentet også uroa over at ei rekkje grunnleggjande rettar er under press i EU. Dette omfattar at kvinners og seksuelle minoritetars rettar er under press, trussel mot sivilsamfunn og mediefridom og tryggleiken til journalistar. Grunnleggjande rettar må sikrast i både migrasjons- og digitalpolitikken og at det er behov for sterkare innsats mot kjønnsbasert vald, hatkriminalitet og diskriminering.
Europaparlamentet gav med stort fleirtal formelt samtykke til oppdaterte reglar for handel med utviklingsland innanfor ramma av GSP-systemet (Generalisert preferansesystem for varer importert frå utviklingsland). Dette vil vidareføre systemet med reduserte tollsatsar overfor utviklingsland, men med styrke krav til – og overvaking av – menneskerettar og miljø. Preferansane kan også trekkast tilbake dersom land ikkje samarbeider når det gjeld retur av irregulære migrantar.
Med overveldande fleirtal, gav Europaparlamentet si endelege godkjenning til innføring av EU-standardar for avl, levevilkår, sporing, import og handtering av kattar og hundar. Dette omfattar obligatorisk mikrochipping og registrering av alle hundar og kattar og forbod mot avl av dyr med overdrivne fysiske trekk.
Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg