Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Krigen i Midt-Austen var naturleg nok sentral på Europaparlamentets marsplenum i Strasbourg. Det omfatta både diskusjonar omkring krigen og tilhøvet til folkeretten, men også effektar i EU, spesielt knytt til energiprisar. Fleirtalet i Europaparlamentet er opptatt av å fjerne hindringar for den indre forsvarsmarknaden og er positive til EU-utviding. Parlamentet vedtok sluttrapporten frå spesialkomiteen for bustadkrisa og tek til orde for ei rekkje tiltak. Med eit fleirtal danna av sentrum-høgre (EPP) og partia til høgre for EPP, vedtok Parlamentet sitt forhandlingsmandat knytt til reviderte returreglar for asylsøkarar.
Kommisjonspresident Ursula von der Leyen og viseminster for europasaker Marilena Raouna på vegne av det kypriotiske EU-formannskapet, deltok onsdag i ein felles debatt om krigen i Midt-Austen og det kommande EU-toppmøtet 19. – 20. mars. På eit møte med EUs ambassadørar måndag uttalte Von der Leyen at EU ikkje kan løyse alle globale problem eller perfekt sameine sine verdiar og interesser. I etterkant vart det stilt spørsmål om ho dermed ikkje støtta ein regelbasert verdsorden. Onsdag understreka ho at EU alltid vil stå ved prinsippa nedfelt i FN-charteret og internasjonal rett. Ho fekk likevel kritikk i debatten for å ha vore utydeleg. Elles var debatten prega av krigen i Midt-Austen. Mange frå sentrum- og venstregruppene sa åtaket på Iran er i strid med folkeretten. Jamvel om det ikkje er grunn til å sørge over dødsfallet til Ali Khamenei, medfører bombene over Iran store lidingar for uskuldige sivile. Sentrum høgre (EPP) og den konservative gruppa (ECR) la vekt på at det vil være positivt for innbyggjarane i Iran og EUs sikkerheit om prestestyret fell. Gruppene til ytre høgre kritiserte EU for å vere passive og irrelevante. Samstundes var mange opptekne av dei auke energiprisane som råker europeiske forbrukarar og tok til orde for tiltak for å sikre reduserte prisar. Energikommissær Dan Jørgensen presenterte elles Kommisjonens energipakke i ein eigen debatt tysdag, jf. omtale av pakken i nyheitsbrevet. Maroš Šefčovič, kommissær for handel og økonomisk sikkerheit, sa på slutten av debatten onsdag at Kommisjonen er opne for å vurdere alle tiltak som kan sikre lågare prisar. Han la elles vekt på at samhald og solidaritet i EU er viktig framover. Raouna understreka at folket i Iran sjølv må få bestemme eiga framtid. Ho viste til at toppmøtet i mars mellom anna også vil handle om sikkerheit og forsvar, EUs langtidsbudsjett og styrking av den indre marknaden.
Europaparlamentet vedtok ein rapport om tiltak for å fjerne barrierar i den indre marknaden for forsvarsprodukt og ein report med tilrådingar knytt til flaggskipprosjekt på forsvarsområdet. Parlamentet tek til orde for regelforenkling og grensekryssande integrering for å sikre auka effektivitet og konkurranseevne og strategisk suverenitet. Det er viktig å stimulere til å kjøpe europeisk materiell og Ukraina må vere del av den felles marknaden. Parlamentet viser til at det er alvorlege kapabilitetsgap i Europa på ei rekke område. Desse må taklast mellom anna gjennom samarbeid, felles planlegging og målretta investeringar.
I ein ikkje-bindande rapport om EUs utvidingsstrategi, seier eit relativt knapt fleirtal på 385 mot 147 røyster og 98 som avsto, at utviding av EU vil styrkje EUs sikkerheit og hindre destabilisering i geopolitiske gråsoner. Rapporten understrekar at utviding må vere merittbasert, verdidrive og avhengig av reformar i kandidatlanda. Fleirtalet meiner gevinsten ved utviding overstig kostnaden ved å ikkje utvide. Det går også inn for meir bruk av kvalifisert fleirtalsrøysting på område som er relevante for tiltredingsprosessen. Rapporten tek til orde for å opne forhandlingskluster med Moldova og Ukraina.
I ein rapport som vart vedteke med stort fleirtal, tek Europaparlamentet til orde for styrka samarbeid med Canada. Sikkerheits- og forsvarspartnarskapet må gjennomførast fullt ut og EU og Canada må samarbeide om å støtte Ukraina og sikre stabilitet i Arktis. Parlamentet ynskjer også raskare ratifisering av økonomi- og handelsavtalen mellom Canada og EU.
Europaparlamentet vedtok med 367 mot 166 røyster og 84 som avsto, sluttrapporten frå spesialkomiteen for den europeiske bustadkrisa. Rapporten tek til orde for at Kommisjonens plan for rimelege bustadar må øyremerke pengar til renovasjon, isolering og tiltak mot energifattigdom. Det må kome lovgjeving som sikrar ein balanse mellom å utvikle turisme og samstundes unngår å presse ut fastbuande frå område med bustadmangel. Blant tilrådingane i rapporten er også bruk av skatteinsentiv for å gjere det lettare for låginntektskjøparar å kome inn på marknaden og å redusere dokumentavgifter. Det er også viktig å redusere byråkrati for dermed å gjere det lettare å kome i gang med byggjeprosjekt. Vidare tek parlamentarikarane til orde for ein meir effektiv indre marknad både for byggjevarer og tenester knytt til bustadbygging og samstundes tiltak for å sikre tilgang til kvalifisert arbeidskraft i sektoren.
Borgarretts-, justis- og innanrikskomiteen vedtok 9. mars sin forhandlingsposisjon knytt til Kommisjonens framlegg til reviderte returreglar. Fleirtalet i komiteen går inn å innføre ein europeisk returordre som vil vere tilgjengeleg i heile Schengen-området gjennom Schengeninformasjonssystemet. Tredjelandsborgar skal få skjerpa krav til å samarbeide med styresmaktene i samband med retur og kan etter visse tilfelle også returnerast til eit anna tredjeland enn opphavslandet. Dei som skal utvisast kan internerast i inntil 24 månader om dei ikkje samarbeider eller det er risiko for at dei rømmer. Dette kan forlengast om vedkommande blir vurdert å utgjere ein sikkerheitsrisiko. Posisjonen må stadfestast i plenum før det kan danne grunnlag for forhandlingar med medlemslanda i Rådet. Vedtaket vart gjort med røystene til sentrum-høgre gruppa (EPP) og røystene til dei tre gruppene til høgre for denne gruppa. Partigruppene i sentrum og til venstre har åtvara mot at dei reviderte reglane kan svekke menneskerettane til asylsøkarane. Dei er også kritiske til at EPP har fått støtte til høgre, framfor å søke fleirtal i sentrum. Etter valet i 2024 lova EPP å basere seg på samarbeid med sentrum.
I ein ikkje-bindande rapport tek eit stort fleirtal i Europaparlamentet til orde for å styrke opphavsretten og EUs kreative sektor i møte med KI. Dette bør omfatte å sikre innsyn og godtgjering og gje dei som held opphavsrettane høve til å hindre bruk av innhald i AI-trening. Det er viktig å sikre mediesektoren for å sikre medie- og informasjonsmangfald. Parlamentet vil også innføre nye lisensreglar for å handtere moglege lovbrot.
I ein ikkje-bindande rapport tok eit breitt fleirtal i Europaparlamentet til orde for tiltak for å fjerne lønns- og pensjonsgapet mellom menn og kvinner. Rapporten viser til at sjølv om kvinner i aukande grad gjer det betre enn menn i utdanning, har dei generelt lågare lønn. Størstedelen av ulønna omsorgs- og husarbeid blir utført av kvinner. Fleirtalet vil ha ein EU-handlingsplan for å betre arbeidsvilkår, sikre rettferdig lønn i kvinnedominerte sektorar og styrkje barnehage- og omsorgstenester.
Med heile 602 røyster for, 8 mot og 9 som avsto, vedtok Europaparlamentet ein ikkje-bindande rapport som stadfestar at innsyn i dokument er ein grunnleggjande rett for alle borgarar i EU og som tek til orde for å gjere openheit til hovudregelen og hemmeleghald til unnataket. Den går også inn for sikre rettidige og godt grunngjevne vedtak om innsynskrav, garantere tidleg og effektiv tilgang til lovgivingsdokument, trilogdokument og dokument knytt til internasjonale avtalar, og å styrkje proaktive register.
Parlamentet slutta seg også til ein ny samarbeidsavtale mellom Parlamentet og Kommisjonen. Den styrkjer Parlamentet si rolle i utforminga og revideringa av EU‑lovgjeving, klargjer traktatvilkåra for Kommisjonens bruk av krisefullmakter og skal sikre at kommissærane er til stades i plenar- og komitédebattar.
Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg