Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Plenumsmøte i Europaparlamentet 6. – 9. oktober

Europaparlamentet møttes førre veke til det fyrste av to oktobermøte i Strasbourg. To framlagde mistillitsframlegg til Kommisjonen fekk ikkje fleirtal. I ein debatt om krenkingar av luftrom og infrastruktur i EU sa kommisjonspresidenten at Russland driv hybrid krigføring mot Europa. Den grønlandske statsministeren tok i ein tale til orde for styrka samarbeid med EU. Europaparlamentet er samde om behovet for å fullføre den indre marknaden, men ikkje nødvendigvis kva dette vil krevje. Eit knapt fleirtal meiner plantebaserte produkt ikkje skal kunne ha nemningar som gjev assosiasjonar til kjøttprodukt.

Respons på russiske krenkingar av luftrom og infrastruktur i EU

Både den danske europaministeren, Marie Bjerre, og kommisjonspresident Ursula von der Leyen deltok onsdag i ein debatt om EUs respons på russiske krenkingar av luftrom og infrastruktur i fleire medlemsland. Begge sa Russland ynskjer å splitte EU-landa og å svekke støtta til Ukraina. Von der Leyen sa det som skjer nå er hybrid krigføring. Svaret til EU må vere samhald, stå opp for EUs sikkerheit og vidareføre støtta til Ukraina. Russland er ein reell trussel mot europeisk tryggleik. EU må sikre sin strategiske kapasitet mellom anna gjennom styrka droneforsvar, kapasitet til å svare på cyberåtak og byggje opp europeisk forsvarsindustri. EU og Nato skal  samarbeide tett og komplimentere kvarandre.

I debatten etterpå var det semje om at russiske krenkingar er uakseptabelt. Gruppene i sentrum var samde i behovet for å vise handlekraft mot Russland og Putin mellom anna gjennom styrka europeisk forsvar. Ikkje minst la sentrum høgre (EPP) og den liberale gruppa (Renew) vekt på dette. Både Renew og sentrum venstre-gruppa (S&D) gjentok at fryste russiske middel nå må brukast til å støtte Ukraina. Den konservative gruppa (ECR) la på si side vekt på at Merkels feilslåtte investering i NorthStream medverka til å sikre finansiering av Russlands hybride krigføring. Den grøne gruppa la vekt på at EU-landa nå må slutte all import av skitten russisk energi og sikre ukrainsk EU-medlemskap så snart som råd. Sjølv om ytre høgre gruppa Patriotar for Europa (PfE) tok avstand frå krenkingane, sa gruppa samstundes at EUs respons må vere proporsjonal. PfE åtvara derfor mellom anna mot å skyte ned objekt. Panikkreaksjon kan ende med krig. Den andre ytre høgre-gruppa (ESN) sa EU i staden for opprusting må betre vilkåra til vanlege folk som ynskjer stabilitet og økonomisk vekst. Også ytre venstre-gruppa (The Left) åtvara mot ei opprusting som dreg EU inn i ein krig.

Parlamentet vedtok torsdag ein resolusjon som krev eit felles EU-svar på krenkingane og mellom anna tek til orde for å skyte ned trugande objekt i lufta. Den tek også til orde for felles EU-Nato-forsvar, styrka sanksjonar mot Russland, vidare framgang i å etablere ein forsvarsunion og styrka samarbeid med Ukraina. Den vart vedteke med 469 mot 97 røyster og 38 som avsto.

Tale av statsministeren på Grønland

Den grønlandske statsministeren, Jens-Frederik Nielsen, talte til plenumsmøtet onsdag. Parlamentspresident Metsola ynskte han velkommen med å seie at Grønland alltid vil ha ein venn i EU. Nielsen takka varmt for støtta frå EU når landet trengte det som mest. Grønland ynskjer samarbeid og partnarskap med alle likesinna land som deler verdiane til landet. Samarbeidet med EU handlar ikkje lengre berre om fangst av og handel med fisk og sjømat. Det handlar også om mellom anna energi, kritiske råmateriale, utdanning og klima. Grønland ynskjer å styrke samarbeidet og meiner dette vil vere til gjensidig nytte. Han la vekt på at Grønland har behov for betre kommunikasjonssamband og at flyplassar, satellittar og undervasskablar er viktig for å sikre dette. Landet vil utvikle kommunikasjonsnettet i samarbeid med seriøst aktørar som er å stole på. Nielsen kritiserte EUs importforbod for selprodukt og viste til at selfangst er grunnleggjande både for kultur og økonomi i landet. Trass eit unnatak for inuittar og andre urfolk i EUs regelverk, er det store negative effektar av det generelle forbodet. Han bad om endringar i regelverket. Han fekk applaus frå store delar av plenumsmøtet etter talen.

EU opna eit representasjonskontor i Nuuk i 2024. Europaparlamentets forsvarskomité besøkte Grønland med ein delegasjon i september i år. Utanrikskomiteen i Europaparlamentet arbeider for tida med ein rapport om Arktis.

Fullføring av den indre marknaden

Visepresident i Europakommisjonen, Stéphane Séjourné, og den danske EU-ministeren, Marie Bjerre, deltok tysdag i ein debatt om den indre marknaden. Medan desse to og eit breitt fleirtal i Europaparlamentet er samde om at den indre marknaden er viktig for vekst og sysselsetting i Europa, var det ulike syn på kva som er oppskrifta for å sikre dette. Det internasjonale pengefondet har lagt fram tal som indikerer at hindringar i den indre marknaden svarar til 45 prosent toll på varer og heile 110 prosent toll på tenester. Kommisjonen meiner det spesielt er viktig å konsentrere innsatsen om å fjerne hindringar for kapital, tenester, energi og telekommunikasjon. I tillegg ynskjer den å innføre eit såkalla 28. reguleringsregime som verksemder skal kunne velje framfor eit av dei nasjonale reguleringsregima. Det er også viktig å sikre at kunnskap og innovasjon kan sirkulere fritt. Den ynskjer å gjennomføre tiltak på desse seks områda innan 2028. I debatten var det fleire som meinte EU har for mykje regulering og byråkrati, ikkje minst knytt til klima- og miljø. Den grøne gruppa la vekt på behovet for å verne forbrukarane, medan ytre venstre etterlyste sterkare vern av arbeidstakarar og rettferdig fordeling.

Også i september sto temaet på dagsorden i Europaparlamentet som da med stort fleirtal vedtok ein resolusjon om å styrke den indre marknaden.

To mistillitsframlegg avvist

Det var denne veka fremja mistillitsframlegg til den sittande kommisjonen både frå ytre høgre og ytre venstre. Ytre høgre grunngav sin mistillit mellom anna med mislykka grøn politikk, manglande evne til å stanse illegal immigrasjon, undergraving av demokratiske verdiar og dei inngåtte avtalene med Mercosur og USA. Også ytre venstre viste til avtalene med Mercosur og USA, men i tillegg også mellom anna manglande reaksjon mot Israels krigføring i Gaza og vilje til å kome med tiltak knytt til den sosiale krisa og klimakrisa i Europa. Det krevst minst 72 signaturar, dvs. ti prosent av medlemmane i Europaparlamentet (MEP) for å fremje eit mistillitsframlegg. Det er krav om eit dobbelt fleirtal for å vedta det, dvs. det må få tilslutning av minst halvdelen av alle representantane og minst to tredelar av røystene. Dei to framlegga fekk støtte av 179 (dvs. 25 prosent av MEP) og 133 (18 prosent av MEP) røyster respektivt og dermed langt unna å bli vedteke. Også i juli i år var det fremja eit mistillitsframlegg frå ytre høgre. Dette fekk støtte frå 175 representantar, eller 24 prosent av MEP. Det var torsdag 53 prosent av MEP som støtta Von der Leyen og 18 prosent avsto. Det var litt høgare støtte og litt fleire som avsto enn i juli.

Uavhengig av stemmetala denne veka, er det misnøye med von der Leyen og Kommisjonens politikk også i gruppene i sentrum. Mellom anna har mange i sentrum høgre-gruppa (EPP) kritisert framlegget til omlegging av landbrukspolitikk i utkastet til nytt langtidsbudsjett og mange i sentrum venstre-gruppa (S&D) er skeptiske til avtalen med USA som einsidig skal redusere EUs toll på ein del varer. Det er også dårleg samarbeid mellom gruppene. I forhandlingar om forenkling i regelverket for bærekraftsrapportering truga EPP nyleg med å søke støtte frå ytre høgre-gruppene i Parlamentet om ikkje S&D og den liberale gruppa (Renew) slutta opp om framlegget. Dei to gruppene gav etter, men dette føyer seg inn i saker som har forsura samarbeidet mellom gruppene i sentrum.

Nemning på plantebaserte produkt skal ikkje gje assosiasjonar til kjøttprodukt

Eit knapt fleirtal i Europaparlamentet tek til orde for at nemningar som tradisjonelt har vore knytt til kjøtt og kjøttprodukt, ikkje skal kunne nyttast for plantebasert produkt eller produkt som er celledyrka. Dette gjeld nemningar som pølser, hamburgar, eggekvite og eggeplomme. Dette vart vedteke med 355 mot 247 røyster og 30 som avsto. Det var i samband med handsaming av ei forordning av å styrke landbrukets stilling i matvarekjeda at saksordføraren (Céline Imart, EPP, Frankrike) hadde gjort framlegg om denne presiseringa.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 13.10.2025 10:41
: