Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Plenumsmøtet i Europaparlamentet 18. – 21. mai

På plenumsmøtet til Europaparlamentet denne veka var det ikkje minst forhandlingane og etter kvart semja mellom Rådet og Parlamentet om å gje grønt lys til handelsavtala med USA som fekk merksemd. I sjølve plenumsmøtet var det mellom anna drøfting av tiltak for å styrke den indre marknaden og presentasjon av Kommisjonens handlingsplan for å sikre kunstgjødsel i Europa. Parlamentet drøfta også amerikansk uttrekk av militære styrkar frå Europa. Det gav formelt samtykke til tiltaka for å beskytte EUs stålmarknad og til nye reglar for screening av utanlandske investeringar.

Grønt lys til handelsavtalen med USA

Etter mange rundar med forhandlingar gav Europaparlamentet og Rådet onsdag morgon grønt lys til handelsavtalen med USA som kommisjonspresident Ursula von der Leyen og president Donald Trump vart samde om i august i fjor. Avtalen medfører at europeisk eksport maksimalt skal få ein toll på 15% til USA, medan amerikansk eksport i stor grad får nulltoll. Rådet og Parlamentet er samde om at avtalen opphøyrer 31. desember 2029, men Kommisjonen kan gjere framlegg om å forlengje den. Ikkje minst i Europaparlamentet har Trumps mange utspel til dømes om å ta over Grønland og trugslar om auka biltoll, forsinka godkjenning av avtalen. Parlamentet fekk likevel ikkje gjennomslag for ein klausul som ville oppheve avtalen dersom USA igjen trugar EUs territorielle suverenitet. På ein pressekonferanse onsdag føremiddag sa Parlamentets sjefsforhandlar, Bernd Lange (S&D, Tyskland) at avtalen med USA ikkje var god, men at han likevel ville støtte den. Avtalen må nå formelt godkjennast både i handelskomiteen og plenum i Europaparlamentet og deretter Rådet før den kan trå i kraft. Dette vil truleg skje i løpet av juni.

Styrking av den indre marknaden

Kommisjonspresident Ursula von der Leyen deltok onsdag morgon i ein debatt om styrking av den indre marknaden. Ho sa den indre marknaden er ein hjørnestein i EU-samarbeidet og har levert vekst og sysselsetting gjennom dei siste tiåra. Den er strategisk viktig og har gjort EU i stand til å sette globale standardar. Ikkje minst på grunn av den globale situasjonen, er det nå behov for å modernisere og tilpasse den indre marknaden og det er politisk vilje til å handle. Vegkartet «Eit Europa – ein marknad» skal sikre dette gjennom innsats på fem hovudområde:

  1. Vidareføre innsatsen med å fjerne hindringar og unngå at enkeltland innfører eigne reglar på toppen av EU-reglar.
  2. Fremje digitalisering, bruke KI effektivt og utvikle europeiske teknologiselskap.
  3. Integrere berekraft i reglane for å nå klimamåla og fremje sirkulær økonomi.
  4. Fremje europeisk sjølvstende gjennom å diversifisere forsyningskjeder mellom anna gjennom handelsavtaler og styrka europeiske nettverk, ikkje minst for elektrisitet. gjennom nettpakken.
  5. Fremje inkludering av alle regionar og alle innbyggjarar mellom anna gjennom initiativ knytt til rettferdig mobilitet, tiltak for kvalitetsjobbar og strategien mot fattigdom.

I debatten uttrykte nesten alle gruppene at den indre marknaden er viktig og har bidratt positivt til vekst og sysselsetting i Europa. Samstundes hadde dei til dels svært ulike syn på kva som er dei viktigast prioriteringane framover.

Sentrum høgre-gruppa (EPP) la vekt på behovet for å styrke europeisk konkurranseevne mellom anna med å fjerne administrative byrder. Spare- og investeringsunionen og integrering av tenestemarknadane er også sentralt, ikkje minst marknadane for digitale tenester og energi. Gruppa støtta også initiativ for å sikre kvalitetsjobbar i EU.

Sentrum venstre-gruppa (S&D) sa konkurranseevne ikkje er eit mål i seg sjølv og at fokus må vere på sosial rettferd, kampen mot fattigdom og høge bustadprisar. Tiltak som sikrar tilsette mot KI-misbruk, gjev dei rett til å kople av frå jobben på fritida og minstelønndirektivet er viktig for å sikre kvalitetsjobbar i Europa. Gruppa var mot deregulering som går utover arbeidstakarrettar eller miljø. Gruppa meinte krigen i Midt-Austen går utover folk flest og at det må innførast ein skatt på dei store ekstrainntektene energiselskapa nå får.

Ytre høgre-gruppa Patriotar for Europa sa europeiske selskap er tynga ned av byråkrati og at europeiske innbyggjarar opplever fattigdom på grunn av høge energiprisar og den grøne omstillinga. Samstundes vil framlegget til nytt langtidsbudsjett svekke EUs utjamningspolitikk og føre til meir sentralisering. Gruppa sa den indre marknaden må styrkast, men dette må vere basert på utjamning og ha innbyggjarane i sentrum.

Også den konservative gruppa (ECR) var opptatt av at mellom anna energiprisar, kvotehandelssystem og byråkrati har svekka europeisk konkurranseevne. Gruppa sa feilslått politikk sidan 2008 har ført til at veksten i EU har vore mykje lågare enn i USA.

Den liberale gruppa (Renew) sa mange europearar med talent arbeider og startar verksemder andre stader enn i EU. Dette skuldast fragmenterte og kompliserte reglar og det som stadig er 27 ulike reguleringsregime. Det er viktig å sikre stabile rammevilkår for næringslivet og gjennomføre framlegget til eit felles selskapsregelverk (EU Inc). Det er viktig å integrere marknadane i Europa betre, ikkje minst for marknaden for energi. Spare- og investeringsunionen må fullførast for å sikre privat kapital som kan investerast i Europa. Det må bli slutt på at medlemslanda legg eigne tilleggskrav på toppen av europeiske rettsakter og det er viktig å sikre kvalitetsjobbar.

Den grøne gruppa viste til at den indre marknaden ikkje berre har sikra økonomisk vekst i Europa, men den har også bidratt til integrering, tillit, styrking av felles verdiar og sikkerheit. Gruppa sa det nå er viktig å fremje sirkulær økonomi som både er bra for berekraft og autonomi. Vidare må EU bli uavhengig av amerikanske teknologigigantar. Gruppa åtvara også mot deregulering og svekking av miljø- og arbeidsstandarar og sosiale rettar.

Ytre venstre-gruppa (The Left) brukte heile sitt hovudinnlegg til å kritisere framlegget til det 28. reguleringsregimet (EU Inc.) og sa dette ville føre til svekka arbeidstakarrettar.

Ytre høgre-gruppa Europa av Suverene Nasjonar la vekt på at handel er positivt, og meinte det framleis er for mange hindringar mellom land i Europa, spesielt for små og mellomstore verksemder. Gruppa eksemplifiserte dette med å vise til at det dyrt og byråkratisk å sende pakkar frå Tyskland til Austerrike, medan pakker frå Asia kan komme uhindra inn. Også denne gruppa meinte ein feilslått klima- og energipolitikk svekker europeisk konkurranseevne.

Handlingsplan for kunstgjødseltilgang og matsikkerheit

Landbrukskommissær Hansen presenterte tysdag Kommisjonens handlingsplan for kunstgjødseltilgang og matsikkerheit i Europa som vart lagt fram same dag. Han viste mellom anna til at manglande tilgang til og høge prisar for kunstgjødsel påverkar produksjonsvolum og kva som blir produsert. Fyrst pandemien og deretter krigen i Midt-Austen har ført til at prisen på kunstgjødsel er mindre stabil og høgare enn tidlegare. Dette fører til dyrare mat i Europa, trugar global matsikkerheit og kan føre til svolt i fattige land. Kommisjonen foreslår både kortsiktige og meir langsiktige tiltak. På kort sikt vil Kommisjonen sikre ekstraordinære utbetalingar til bønder innanfor ramme av den felles landbrukspolitikken. På lengre sikt må europeisk produksjon av kunstgjødsel styrkast, naturgjødsel må utnyttast og det må utviklast alternativ, bio-basert gjødsel. Kommisjonen lovar ikkje å endra kvotehandelssystemet (ETS) eller karbongrensejusteringsmekanismen (CBAM), men vil sjå på korleis desse systema påverkar prisane på kunstgjødsel. I samband med ein gjennomgang av ETS vil Kommisjonen også arbeide for at meir fleksibilitet for produsentar skal vere avhengig av reduserte CO2-utslepp frå produksjonen.

I debatten vart planen ynskt velkommen og det var brei semje om behovet for tiltak. Likevel var det fleire som meinte at dette var for lite og for seint. Både sentrum høgre-gruppa (EPP) og den konservative gruppa (ECR) meinte det var behov for å endre ETS og CBAM. EPP understreka også at medlemslanda må innføre nasjonale tiltak i tillegg til det Kommisjonen nå gjer framlegg om. ECR tok til orde for å fjerne toll på import av kunstgjødsel.

Sentrum venstre-gruppa (S&D) sa det var behov for eit paradigmeskifte for å sikre europeisk matsikkerheit og strategisk autonomi. EU bør mellom anna ha beredskapslager av kunstgjødsel og auke eigen produksjon. Høge prisar på kunstgjødsel fører til høge matvareprisar i Europa og svolt i fattige land.

Dei to ytre høgre-gruppene meinte sanksjonane mot Russland og Belarus er ein hovudårsak til dyr og lite kunstgjødsel, samstundes som blokaden av Hormuz-sundet har gjort krisa meir akutt. Samla fører dette til høge matvareprisar i Europa og risiko for hungersnaud i fattige land. Det er derfor viktig med strakstiltak for å redusere prisane.

Den liberale gruppa (Renew) meinte tiltaka kjem for seint til å hindre auka matvareprisar i år og neste år og at det derfor er behov for fleire tiltak som kan takle desse kortsiktige utfordringane.

Den grøne gruppa sa krisa er eit argument for å satse meir på økologisk landbruk. Det vil sikre matproduksjon som ikkje er avhengig av importerte kjemikalie og utsett for ekstern utpressing i samband med globale konfliktar.

Ytre venstre-gruppa (The Left) kritiserte Kommisjonen for å ha lagt fram planen rett før debatten slik at parlamentarikarane ikkje hadde hatt høve til å sette seg inn i den. Uansett meinte gruppa at planen ikkje svarer på problema i landbruket og at det må andre tiltak til.

Europa svar på USAs uttrekk av militære styrkar

Tysdag ettermiddag deltok EUs høgrepresentant for utanrikssaker, Kaja Kallas, i ein debatt om kva som bør vere Europa svar på amerikansk uttrekk av soldatar frå Polen og Tyskland. Ho innleia med å seie at Europa nå er inne i den farlegaste sikkerheitspolitiske situasjonen sidan den kalde krigen. Europa står overfor eit Russland som er budd på langvarig konflikt og som trugar heile Europa. Fleire ekspertar meiner Russland vil teste Europeisk forsvarsevne i løpet av dei neste tre-fem åra og EU opplever allereie mange hybride åtak. Svaret på dette er avskrekking. Ho understreka at Nato stadig er garantien for europeisk sikkerheit og at USA spelar ei viktig rolle i Europa. Samstundes må Europa erkjenne at USA nå har fokus på Stillehavet. Europa må ta større ansvar for eigen sikkerheit og styrke europeisk forsvarsevne. Sentralt i dette er vidareføring av og meir støtte til Ukraina. Samstundes må europeiske forsvarskapabilitetar og forsvarsindustrien styrkast. Vi må bruke meir på forsvar og vi må bruke ressursane betre. EU må ha tettare samarbeid med likesinna partnarar som Storbritannia, Canada, Noreg, Sør-Korea, Japan, New Zeland og Australia. Ho sa også at EUs vedtakssystem for forsvar og sikkerheit må bli meir effektivt.

I debatten var det relativt brei semje om behovet for å styrke europeisk forsvar. Sentrum høgre gruppa (EPP) sa dette er nødvendig uansett kva USA gjer i Tyskland og Polen. Det er viktig å utvikle forsvarsteknologi og -industri i Europa og å unngå fragmentering. Det er behov for felles kommandostrukturar og innkjøp og utvikle felles innsatsstyrker.

Sentrum venstre-gruppa (S&D) etterlyste meir handlekraft frå medlemslanda i EU og sa det ikkje hadde mangla på bevis på behovet for styrka forsvar dei siste åra. EU må styrke forsvarsevna og utvikle felles løysingar. Gruppa tok også til orde for å konkretisere innhaldet i artikkel 42.7 (klausulen om kollektivt vern) i EU-traktaten.

Ytre høgre gruppa (PfE) sa EU ikkje lengre blir prioritert av USA og at nasjonale forsvar derfor må ta større ansvar i Europa. Det er viktig å sikre europeisk autonomi og tillit mellom europeisk allierte. Dersom Nasjonal samling vinn valet i Frankrike neste år vil partiet stå solidarisk med allierte i Europa.

Den konservative gruppa (ECR) meinte årsaken til det amerikanske uttrekket var at EU og nasjonale leiarar har nytta alle høve til å kritisere Trump og stille spørsmål ved Nato. Samstundes har EU sløsa bort ressursar på kjønnskamp, wokepolitikk og klimatiltak.

Den liberale gruppa (Renew) meinte både EU og USA må erkjenne at begge sider har ein interesse av at amerikanske troppar blir i Europa og trener saman. Gruppa tok til orde for at alle demokratiske krefter må stå saman og samarbeide også framover.

Den grøne gruppa la vekt på at ei hovudutfordring for Europa er mangel på militært personell. Landa i Baltikum, Finland og Tyskland har obligatorisk militærteneste og bør inspirere andre land til det same.

Ytre venstre-gruppa (The Left) meinte det berre er positivt om USA trekker ut militærpersonell frå Europa og tok til orde for å stenge alle amerikanske baser på europeisk jord. Gruppa sa vi heller ikkje treng militærunion i Europa - vi treng fred.

Ytre høgre gruppa (ESN) tok til orde for ein ny kurs og større grad av autonomi i Europa. Mykje feilslått politikk knytt til mellom anna industri og innvandring har svekka europeisk sikkerheit.

Formelt samtykke til tiltaka for å beskytte EUs stålmarknad

Parlamentet gav tysdag formelt samtykke til tiltak som skal beskytte EUs stålmarknad. Vedtaket skjedde med 606 røyster for, 16 mot og 39 som avsto. Tiltaka omfattar reduserte importkvotar og høgare tollsatsar. Dei nye tiltaka vil erstatte tiltak som vart innført i 2018 og som varer til 30. juni i år. Import frå Island, Liechtenstein og Noreg er ikkje omfatta av tiltaka, jf. artikkel 3b i kompromissteksten som Rådet og Parlamentet vart samde om i april.

Formelt samtykke til nye reglar for screening av utanlandske investeringar

Med 508 røyster for, 64 mot og 90 som avsto, gav Europaparlamentet tysdag formelt samtykke til nye reglar for screening av utanlandske investeringar. Dette vil gjere det obligatorisk for medlemslanda å gjennomføre screening av investeringar i sensitive sektorar som forsvar, halvleiarar, kunstig intelligens, kritiske råmateriale og finansielle tenester. Målet er å avdekke og takle potensielle trugslar mot sikkerheit eller offentleg orden, men samstundes skal EU vere open for utlandsk kapital. Nasjonale screeningordningar skal bli meir harmoniserte og samarbeidet mellom medlemslanda og med Kommisjonen om screening skal styrkast.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 21.05.2026 09:44
: