7.1 Sammendrag

Regjeringa vil

  • føre vidare ein spreidd struktur for høgare utdanning

  • leggje til rette for godt samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar, næringsliv og fylkeskommunar om regionalt tilpassa utdanningstilbod

  • identifisere barrierane for etter- og vidareutdanning i små og mellomstore bedrifter med sikte på framtidige tiltak

  • leggje til rette for eit godt system for desentralisert og fleksibel utdanning

  • føre vidare arbeidet med å redusere fråfall i vidaregåande opplæring

7.1.1 Kompetent arbeidskraft er avgjerande for samfunnsutviklinga

7.1.1.1 Kompetanse og kunnskap er naudsynt

Det blir i meldinga peikt på at det fleire stader i landet er ei utfordring å rekruttere nok kompetent arbeidskraft. For folk som tek høgare utdanning har mobiliteten ofte samanheng med val av studiestad og overgangen til den første jobben. Det kan vere krevjande å flytte for dei som har etablert familie, særleg om det er to i hushaldet som er i arbeid. Det er difor to problemstillingar her – éi knytt til rekruttering av unge menneske til regionen og éi knytt til vidare kvalifisering av dei som alt bur og arbeider der. Desse blir stadig viktigare i små arbeidsmarknader ettersom stadig fleire unge veks opp i større byområde.

Kravet om stadig større produktivitet og innovasjon i både offentleg og privat sektor gjer det heilt avgjerande å ha tilsette med rett kompetanse. Kompetanse er både erfaringsbasert og utdanningsbasert. Det blir i meldinga peikt på at tilgang på dyktige fagfolk er svært viktig i alle typar verksemder. Mykje av konkurranseevna i Noreg er knytt til prosessinnovasjonar. Her har ein lukkast godt. Fagopplæring er her viktig. Det same er opplæring som kan bidra til å skape større produktivitet.

Utdanningsinstitusjonane får ein regional meirverdi når dei leverer kandidatar med kunnskap som er relevant for det lokale arbeidslivet i regionen. På smalare kompetanseområde kan det vere ei utfordring å byggje opp sterke undervisnings- og FoU-miljø. Kompetansearbeidsplassutvalet peika på behovet for samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane og ulike aktørar for å mobilisere dei menneskelege ressursane og bidra til kunnskapsutvikling for arbeidsmarknaden. I fleire innovasjonsprogram, som NCE og Forskingsløft i nord, er ein viktig aktivitet nettopp å etablere samarbeid mellom bedrifter, klyngjer og ulike utdanningsmiljø. Det finst fleire gode døme på at slikt samarbeid har ført til skreddarsydde kurs og utdanningar heilt i tråd med kva ulike bransjar og bedrifter treng.

Det er ein monaleg skilnad i utdanningsnivået i ulike regiontypar i Noreg. Regionale skilnader i næringsstruktur fører til ulikt behov for type utdanning og kompetanse. Behovet for kompetanse veks i alle typar næringar, og dei fleste nye kompetansearbeidsplassane kjem i eksisterande næringar som er i ferd med å omstille seg. Kompetansearbeidsplassar utgjer ein større del av alle arbeidsplassar i storbyregionar enn dei gjer i andre regiontypar.

Behov for etter- og vidareutdanning

I meldinga blir det vist til at omstilling og evne til innovasjon i verksemdene vil vere sentralt for at både det offentlege og næringslivet skal fungere best mogleg, ikkje minst på stader med omstillingsutfordringar og raske strukturendringar.

Etter- og vidareutdanning er viktig for tilgangen til relevant kompetanse i heile landet. Å stimulere vaksne til vidareutdanning er særleg viktig i område der ein slit med å rekruttere til ledige stillingar.

Ei undersøking gjord av NIFU syner at det er store variasjonar i kor mykje private og offentlege verksemder investerer i kurs, opplæring og formell vidareutdanning for sine tilsette. Det er også tydelege geografiske variasjonar i kompetanseinvesteringane.

Arbeidstakarar med høg formell utdanning er dei som i størst grad tek vidareutdanning. Det gjeld særskilt tilsette i offentleg sektor.

Kommunal- og regionaldepartementet vil starte eit arbeid for å få kunnskap om omfang og bruk av ordningar som stimulerer til kompetanseutvikling i bedrifter i det distriktspolitiske verkeområdet, og forklaringar på variasjonane når det gjeld investeringar i kompetanse frå næringslivet si side. Departementet vil òg hente inn kunnskap om kva tilbod mindre verksemder har for å få hjelp til å avklare kompetansebehov. Dette arbeidet skal ein mellom anna sjå i samanheng med arbeidet med nasjonale og regionale kompetansestrategiar, som OECD skal setje i gang i Noreg og som Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å koordinere.

7.1.1.2 Tilbod om ei desentralisert og fleksibel utdanning gjer utdanning mogleg for fleire

Det blir i meldinga vist til at tilbodet av desentraliserte og fleksible utdanningar gjer det mogleg å styrkje den formelle kompetansen sin, uavhengig av om ein bur i nærleiken av ein studiestad eller ikkje. Ein kan skilje mellom to ulike behov for desentralisert og fleksibel utdanning. På den eine sida har vi personar som på eige initiativ og ut frå eigne interesser søkjer meir utdanning. Denne gruppa vil ha nytte av nettbasert fjernundervisning, gjerne kombinert med studentsamlingar på campus eller andre stader.

På den andre sida treng mange private og offentlege verksemder å utvikle kompetansen i eigen arbeidsstokk. Her kan det vere nyttig å organisere spesielle løysingar tilpassa det behovet verksemdene har, og arbeidstilhøva til dei tilsette.

Fleksible utdanningstilbod på Internett er ei framtidsretta løysing. Om lag 6 pst. av studentane studerer i dag utanfor campus. Fleire institusjonar, og då særleg høgskular, har på eige initiativ, og med hjelp frå Noregsuniversitetet, utvikla eit stort nettbasert undervisningstilbod. Gjennom eCampus-satsinga til Kunnskapsdepartementet er målet å byggje ut ein felles IKT-arkitektur i UoH-sektoren som skal leggje til rette for nettstøtta og fleksibel utdanning i stor skala.

Kommunal- og regionaldepartementet legg vekt på at fylkeskommunane som regionale utviklingsaktørar kan medverke til utvikling og oppstart av nettbaserte og desentraliserte undervisningsløysingar i samarbeid med lokalt arbeidsliv og utdanningsinstitusjonar.

7.1.1.3 Kopling av tilbod og etterspurnad etter kompetanse

I meldinga blir det peikt på at det er naudsynt med gode koplingar mellom behovet for kompetanse i arbeidslivet på den eine sida og tilboda om utdanning på den andre. Vidare er det viktig å stimulere til kompetanseheving i arbeidsstokken. Det blir i meldinga vist til at fylkeskommunen, kunnskapsinstitusjonar, det regionale næringslivet, arbeids- og velferdsetaten (Nav) og Innovasjon Noreg er viktige aktørar i den samanhengen.

Det er store variasjonar rundt om i landet i korleis dette skjer. Departementet har vore i kontakt med fleire av fylkeskommunane, og oppfattar at det finst funksjonar som kan vere nyttige å ha lokalt og regionalt. Sjå døme i meldinga. Det er ulike måtar å organisere desse funksjonane på.

Departementet vil hente inn meir kunnskap om korleis aktørane på regionalt nivå samarbeider om å kople tilbod og etterspurnad av kompetanse, mobilisering til utdanning i arbeidslivet og i befolkninga, og tilrettelegging for desentralisert utdanning.

7.1.2 Universitet og høgskular har ei regional rolle

Universitet og høgskular blir i meldinga peikt på som viktige senter i dei regionale og nasjonale kompetansemiljøa og forsyner offentleg og privat verksemd med utdanna arbeidskraft. Dei regionale høgskulane har vore avgjerande for auken i utdanningsnivået i heile landet.

Ei av årsakene til overvekta av unge vaksne i dei største arbeidsmarknadsregionane er flytting i samband med utdanning. Det er i dag berre små regionale skilnader i kor mykje folk utdannar seg.

Fleire undersøkingar av flyttemønsteret til studentar før og etter avslutta utdanning tilseier at ein spreidd utdanningsstruktur er særs viktig for regional tilgang på høgare utdanna arbeidskraft, og avgjerande for den regionale balansen.

Tilhøvet mellom lokal rekruttering til studium i ein region og avsetjing til arbeidsmarknaden i same region seier noko om regionen importerer eller eksporterer arbeidskraft med høgare utdanning. Ei utgreiing frå Statistisk sentralbyrå viser at nesten 60 pst. av studentane blir buande og finn sin første jobb i den same arbeidsmarknaden som høgskulen eller universitetet dei har gått på ligg i.

7.1.3 Utvikle tilbod tilpassa den regionale arbeidsmarknaden

I meldinga blir det vist til at viktige eksport- og næringsklyngjer er avhengige av god tilgang på kvalifisert arbeidskraft for å sikre vidare vekst og utvikling.

Det blir vidare i meldinga vist til at det er viktig med samarbeid regionalt mellom lokale og regionale styremakter, utdanningsmiljø og næringsliv for å sikre utvikling av utdanningstilbod tilpassa den regionale arbeidsmarknaden. Det finst i dag fleire ulike samarbeidsarenaer for dette.

Med utgangspunkt i budsjettmidla frå Kommunal- og regionaldepartementet organiserer fylkeskommunane regionale partnarskap for regional utvikling. Fylkeskommunane har samstundes ansvar for vidaregåande opplæring og fagskuleutdanninga. Universitet og høgskular har, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, etablert Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA-råda).

Som ledd i arbeidet med å utvikle eit meir kompetansedyktig næringsliv har Kommunal- og regionaldepartementet avsett 20 mill. kroner på budsjettet for 2013 til næringsretta kompetansebygging.

7.1.4 Rettleiing og fråfall i vidaregåande opplæring

Det at mange fullførar vidaregåande opplæring er særs viktig for å ta vare på dei menneskelege ressursane i samfunnet på ein best mogleg måte. Utfordringa med høgt frafall er høgt prioritert politisk og Kunnskapsdepartementet har gjort fleire analysar av årsakene. Element som er trekte fram for å forklare høgt fråfall, er mellom anna mangel på læreplassar, svakt grunnlag frå grunnskulen, utdanningsnivået til foreldra og avstand til lærestaden.

Mange tiltak er allereie sette i gang. Kunnskapsdepartementet sitt treårige prosjekt Ny GIV starta i 2010 og er retta mot å auke gjennomføringa av vidaregåande opplæring. Prosjektet legg grunnlaget for ein forsterka innsats regionalt. Fleire fylkeskommunar melder at Ny GIV alt har ført til tettare samarbeid med kommunane om overgangen mellom grunnskule og vidaregåande skule.

Mange vidaregåande skular har alt god kontakt og samarbeider med bedrifter og arbeidsliv i lokalmiljøet. I mange mindre arbeidsmarknader vil vidaregåande skule vere ein kompetansebase, spesielt innan yrkesretta fagutdanning. Skulen kan her vere ein viktig utviklingsaktør i lokalmiljøet gjennom å samarbeide med det lokale næringslivet.

Kunnskapsdepartementet og alle hovudsamanslutningane i arbeidslivet har underteikna ein samfunnskontrakt for å sikre fleire læreplassar. Det er eit mål å auke talet på læreplassar med 20 pst. i 2015 samanlikna med 2011, og å auke talet på vaksne som tek fagbrev. I kvart fylke skal det vere kontakt mellom fylkeskommunen som skuleeigar og lokalt arbeidsliv om oppfølginga av kontrakten på fylkesnivå. Partane skal møtast kvart år for å vurdere kor langt dei har kome i å nå målet.

7.2 Komiteens merknader

Komiteen støtter opp om meldingens mål for kompetanseheving i arbeidsmarkedet. Komiteen vil særlig framheve nødvendigheten av å videreføre en spredt struktur for høyere utdanning og behovet for å legge til rette for godt samarbeid mellom utdanningsinstitusjoner, næringsliv og fylkeskommuner om regionalt tilpassede utdanningstilbud.

Komiteen vil peke på at en spredt utdanningsstruktur er svært viktig for regional tilgang på høyere utdannet arbeidskraft, og avgjørende for den regionale balansen. En utredning fra Statistisk sentralbyrå viser at nesten 60 pst. av studentene blir boende og finner sin første jobb i det samme arbeidsmarkedet som høgskolen eller universitetet de har gått på, ligger i.

Komiteen viser til at tilbudet av desentraliserte og fleksible utdanninger gjør det mulig å styrke sin formelle kompetanse, uavhengig av hvor man bor.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, peker på betydningen av å sikre utvikling av utdanningstilbud tilpasset det regionale arbeidsmarkedet. Flertallet viser til at Kommunal- og regionaldepartementet har avsatt 20 mill. kroner for 2013 til næringsrettet kompetansebygging. Midlene skal brukes til godt tilpassede, praksisnære og næringsrettede tilbud i fagskole, høyere utdanning og/eller etter- og videreutdanning. Næringslivet må bidra med ressurser sammen med andre regionale aktører, noe som også kan bidra til å sikre god forankring og etterspørsel etter tilbudet i næringslivet.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti viser til at økonomisk krise i Europa raskt også kan bli alvorlig for norsk næringsliv, og særlig for konkurranseutsatte bedrifter og arbeidsplasser. Siden Norge har et høyere kostnadsnivå enn mange konkurrentland, er det kun gjennom høyere kvalitet og mer innovative produkter og tjenester at Norge kan styrke sin konkurransekraft. Det er derfor viktig at det satses ambisiøst på å utvikle ny kunnskap gjennom forskning og utvikling, og at resultatene av forskningen vektlegges.

Disse medlemmer mener at regjeringens forskningspolitikk ikke legger nok vekt på disse forholdene. Disse medlemmer viser til at Norge ligger lavest i Norden når det gjelder forskningsinnsats både i pst. av BNP og pr. innbygger, og er bekymret for at regjeringen ikke synes å mene alvor med målsettingen om at 3 pst. av BNP skal gå til forskning.

Disse medlemmer mener det er behov for en sterkere satsing på forskning og utvikling gjennom vekt på kvalitet, internasjonalisering, sterkere samarbeid mellom akademia og bedrifter, økt vekt på kommersialisering av forskningsresultater og økt satsing på forskning og innovasjon i næringslivet. Det er kvalitet og innovasjon som legger grunnlag for vekst og velstand i Norge, ikke distriktspolitiske tiltak.

I et lite land i verdens utkant er det ikke naturlig å tro at vi kan ha verdensledende forskningsmiljøer innen alle forskningsdisipliner. Disse medlemmer mener derfor at norsk forskningspolitikk bør prioritere områder der vi har kompetansefortrinn, næringsstrukturelle fortrinn, naturgitte fortrinn eller en kombinasjon av disse.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at det betyr at disse medlemmer ønsker å prioritere områder som olje og gass, maritim/offshore og marin, samt bioteknologisk forskning. (jf. resultatene fra «Et kunnskapsbasert Norge», av Torger Reve og Amir Sasson).

Et samfunns forutsetninger for å klare å gjøre forskningsresultater om til innovasjon er mange, og det finnes kompliserte sammenhenger. Noen felles kjennetegn for de samfunn, industrier og forskningsmiljøer som lykkes, finnes det imidlertid. Slike kjennetegn er kompetente forskningsmiljøer med god mottakskapasitet i industrien i form av høyt utdannet arbeidskraft og tilgang på risikovillig kapital. Dessverre kommersialiseres for få av nyvinningene i Norge. Årsakene til dette er sammensatt, men manglende koordinering av det statlige virkemiddelapparatet er én av dem. Det tenkes i for stor grad lokalt og regionalt, noe som går ut over kvalitet og levedyktig innovasjon.

Norsk nærings- og arbeidsliv er kompetansedrevet. Det krever at vi har utdanningsinstitusjoner som setter kvalitet i høysetet. Disse medlemmer vil vise til Stjernøutvalgets forslag om strukturen i høyere utdanning. Konklusjonene fra dette utvalget var at for å få høyere kvalitet på undervisning og forskning, må man gå i retning av mer samarbeid, arbeidsdeling og konsentrasjon i sektoren. Evalueringer viser at det er viktig å utvikle meir profilerte og robuste fagmiljø.

Hos Samordna opptak er antallet studier nær doblet de ti siste årene, fra 713 i 2001 til 1 321 i 2013. Dette er et enormt antall for et så lite land som Norge. I tillegg har vi en svært spredt og fragmentert struktur i UH-sektoren. Eksempelvis er det 39 institusjoner som tilbyr økonomisk-administrative fag, 28 skoler tilbyr sykepleierutdanning, 17 tilbyr sosiologi og 19 tilbyr lærerutdanninger. For et land med en befolkning tilsvarende St. Petersburgs synes det unaturlig med et så høyt antall skoler og studieretninger. Mye kan tyde på at norske universiteter og forskningsmiljøer er for lokale. Man må derfor se på strukturen på universitets- og høyskolesektoren. Kvalitet i tilbudet til studentene skal tillegges avgjørende vekt.

Videre vil disse medlemmer vise til Norges forskningsråds evalueringer, som slår fast at det regionale fokuset og den regionale ressursallokeringen i norsk forskning er for dominerende og medfører at miljøer som ikke når kritisk masse allikevel blir opprettholdt.

Disse medlemmer mener en større andel av forskningsmidlene bør allokeres innenfor rammen av en større og bredere nasjonal konkurransearena. Nasjonal forskningspolitikk må ha som hovedmålsetting at størst mulig del av norske forskningsmidler går til miljøer som leverer internasjonalt relevant forskning og er kvalifiserte til å delta i internasjonalt forskningssamarbeid.

Disse medlemmer vil derfor legge ned de regionale forskningsfondene og heller styrke Norges forskningsråds nasjonale konkurransearenaer.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti mener det norske utdanningssystemet ikke er godt nok tilpasset en virkelighet der arbeidstakerne må ha mulighet til kompetanseheving gjennom hele yrkeslivet. Både offentlig og privat sektor er i stor grad avhengig av at de ansatte kan heve sin kompetanse. Disse medlemmer konstaterer at det ikke er noen selvfølge at høyere utdanningsinstitusjoner i Norge vil påta seg å tilrettelegge for desentraliserte utdanningstilbud. Samtidig er det en realitet at deler av Distrikts-Norge har et utdanningsetterslep og opplever at regioner med høyere utdanningsnivå har et klart konkurransefortrinn. En mer solid kunnskapsbase i norsk arbeidsliv er viktig for å sikre norsk konkurransekraft i fremtiden. Disse medlemmer mener målet må være et norsk utdanningssystem som på alle nivåer kan dekke behovet for livslang læring for hele befolkningen, hele livet, i hele landet.

Disse medlemmer viser til at den digitale verden er i stadig utvikling, og at ny teknologi gir nye muligheter for distanseundervisning og utdanningsløsninger som var utenkelig for bare noen få år siden. Disse medlemmer mener høyere utdanning ikke har maktet å ta ut det potensial som ligger i IKT-baserte utdanningsløsninger. Selv om mange utdanningssteder opp gjennom årene har utviklet sine egne løsninger for å ta i bruk digitale læremidler som et tilbud til elever og studenter som ikke følger ordinært utdanningsløp, er det en stor utfordring at slike løsninger ofte ikke fungerer sammen med tilsvarende fra andre institusjoner.

Disse medlemmer mener universitets- og høyskolesektoren må ta et større ansvar for at norske arbeidstakere skal få hevet sin kompetanse der man arbeider og bor. Disse medlemmer har med stor interesse merket seg de muligheter interaktiv forelesning i sann tid gir for å bruke de beste lærerkreftene til å forelese for enkeltstudenter og studentgrupper over hele landet. Dette gir mulighet for å gi både ordinær grunnutdanning og etter- og videreutdanning til arbeidstagere der de bor, slik man bl.a. har sett Høgskolen i Telemark drive grunnskolelærerutdanning i Sør-Varanger kommune.

Disse medlemmer mener en strategi for et mer fleksibelt og desentralisert utdanningstilbud, støttet av moderne teknologiløsninger, er et viktig utdanningspolitisk spørsmål for kompetansenasjonen Norge. Behovet for kvalifiserte medarbeidere er stort både i offentlig og privat sektor over hele landet, og et desentralisert tilbud er et viktig bidrag til verdiskaping og trygge arbeidsplasser også i distriktene. Disse medlemmer viser til stortingsdebatten om Innst. 174 S (2012–2013), om Høyres representantforslag om et mer fleksibelt og desentralisert utdanningstilbud, jf. Representantforslag 4 S (2012–2013), der kunnskapsministeren påpekte følgende:

«Vi har en strategi, og den kommer til å bli ytterligere omtalt i meldingen som kommunal- og regionalministeren skal legge fram.»

Det er derfor med stor skuffelse disse medlemmer registrerer at fleksibel og desentralisert utdanning som et ledd i kompetansebygging i distriktene bare er omtalt i generelle vendinger og ikke peker på klare strategier for nytenkning og bruk av de digitale muligheter som i dag er tilgjengelige.