Søk

Innhald

5. Den faglige selvstendigheten og habiliteten til landmålaren

5.1 Sammendrag

5.1.1 Høyringsforslaget

Departementet la i høyringsforslaget vekt på at det er viktig at landmålaren skal opptre fagleg uavhengig av partane i oppmålingsforretninga. Departementet viste til at det har vore innvendingar om at ein landmålar som blir engasjert direkte av grunneigaren, primært vil sørgje for interessene til klienten sin. Dette blir sett i motsetning til ein landmålar som kommunen har peika ut. Departementet kunne ikkje sjå at dette var ei avgjerande innvending. Autorisasjonen forpliktar den ansvarlege landmålaren.

Departementet reknar med at landmålarar som ønskjer å ha eit godt renommé og ein god posisjon i marknaden, vil sørgje for at dei sikrar interessene til alle partar på ein god måte.

Erfaringane frå Noreg, der kommunane og Statens vegvesen kvart år utfører mange oppmålingar der dei sjølve er partar, tilseier at forholdet til rekvirenten ikkje vil vere noko problem. Eventuelle utfordringar med eit nært samband til den som betalar for oppmålinga, vil dessutan bli reduserte når oppmåling blir definert som tenesteyting, utan innslag av utøving av styresmakt. Det kan stride mot god landmålarskikk dersom den ansvarlege landmålaren utfører oppmåling der arbeidsgivaren eller ein annan nærståande person eller ei nærståande verksemd er part. Det skjer i stor utstrekning i dag når kommunen eller Statens vegvesen utfører oppmåling. På sikt kan det vere ønskjeleg at god landmålarskikk slår gjennom i dette spørsmålet, men til liks med lovutgreiinga frå 1999 og lovvedtaka som følgde henne, ville departementet heller ikkje i høyringsnotatet foreslå forbod i denne samanhengen. Spesielt i overgangsfasen til den nye ordninga vil eit forbod ikkje vere tenleg. Det er likevel eit krav at landmålaren opplyser partane om eventuelle nærståande forhold til nokon av partane i oppmålinga.

5.1.2 Merknader frå høyringsinstansane

Det er få høyringsinstansar som har sett spørsmålsteikn ved integriteten til landmålaren, men fleire peikar på generelt grunnlag på at det vil kunne vere vanskelegare for partane å ha tillit til at dei private landmålarane er uavhengige, fordi det er eit direkte kundeforhold mellom landmålaren og ein av partane.

5.1.3 Vurderingar frå departementet

Det blir i proposisjonen vist til at sjølv om landmålarføretaket blir engasjert og betalt av berre éin av partane, skal føretaket og landmålaren ta vare på interessene til alle partane og utføre oppdraget i samsvar med god landmålarskikk.

Departementet meiner kollegiale bindingar ikkje skaper problem av ein slik art at det er nødvendig å gi forbod. Det er så langt ein kjenner til, ikkje gjort på noko anna fagområde.

Med bakgrunn i dei generelle tilbakemeldingane frå høyringsinstansane og vektige synspunkt i Menon-rapporten om kor viktig det er at partane ikkje finn det nødvendig å møte med kvar sin landmålar, meiner departementet det er grunnlag for i vidare grad å understreke og utdjupe kravet til fagleg sjølvstende i forslaget til § 36 andre ledd andre punktum. I høyringsforslaget er føresegna formulert slik:

«Den ansvarlege landmålaren skal ta vare på interessene til alle partar og utføre oppdraget i samsvar med god landmålarskikk.»

Den ansvarlege landmålaren kan samanliknast med andre yrkesgrupper som lever av å gi råd og utføre oppdrag som stiller krav til høg integritet.

Ein landmålar skal vere upartisk og ha integritet. Vedkommande må ikkje komme i ein situasjon der han favoriserer ein av partane, til dømes oppdragsgivaren, slik at det går ut over andre. Det gjeld til dømes når ein skal avgjere plasseringa av eigedomsgrenser og for innhaldet og tydinga av servitutt.

Menon Economics skriv på side 31 under pkt. 4.8 i rapporten at det er argument som gjer det vanskeleg å utan vidare godta at oppmålingstenesta ikkje lenger blir utført av ein nøytral og upartisk aktør dersom tiltaket blir gjennomført. Dei skriv at:

«gjennom å introdusere en velfungerende autorisasjonsordning [vil en] etablere en effektiv sanksjonsmekanisme; bortfall av autorisasjonen. Landmålere som blir tatt for å ha utvist dårlig skjønn i tjenesten risikerer å miste autorisasjonen, og dermed levebrødet. I tillegg er aktører i et konkurranseutsatt marked avhengig av å bli oppfattet som seriøse aktører. Sammenligningen med eiendomsmeglerne er heller ikke helt treffende, av to årsaker. En eiendomsmegler forsøker å si noe om verdien på en eiendom, altså noe subjektivt. En landmåler skal bidra til å fastsette størrelsen på en eiendom, noe som i utgangspunktet er en objektivt målbar størrelse. For det andre vil en som regel ved salg av eiendom selge til en fremmed man ikke skal omgås i fremtiden, og det er flere potensielle kjøpere. Kostnaden ved å støte en av disse er dermed lav for selger. Eiendomsoppmålinger skjer mot en nabo man fortsatt skal forholde seg til, og man er avhengig av å komme til enighet med akkurat denne naboen. Kjøper av tjenesten (dept. tilføyning) har derfor, i større grad enn ved valg av eiendomsmegler, insentiver til å være opptatt av motpartens opplevelse av oppmålingen.»

Det går fram av proposisjonen at departementet er einig i desse vurderingane.

Når det gjeld habiliteten til landmålaren, peika departementet i høyringsforslaget på kor viktig det er å gjennomføre oppmåling utan avbrot også i overgangsfasen. Dersom habilitetsreglane blir for strenge i denne perioden, kan det redusere tilgangen til ansvarlege landmålarar. Samtidig er det svært viktig at partane i ei oppmålingsforretning og andre har tillit til at landmålaren opptrer upartisk.

Det går fram av proposisjonen at departementet vil føre vidare forslaget frå høyringa om at ein i overgangsperioden ikkje bør stille for strenge habilitetskrav. Det bør som foreslått vere eit krav at landmålaren opplyser partane om eventuelle nære forhold til nokon av partane i oppmålinga eller andre forhold som kan ha innverknad på tilliten. Departementet foreslår å ta inn i § 36 ei plikt for landmålaren eller andre som utfører oppmålingsforretninga, til å varsle partane dersom det finst nærare spesifiserte forhold som kan gjere at dei ikkje har den nødvendige tilliten til landmålaren. Vidare foreslår departementet å gjere det mogleg for partane å nekte at ei forretning blir gjennomført under visse forhold. Dette gjeld dersom det er eit nært personleg forhold mellom landmålaren og ein part, som til dømes slektskap, ekteskap, sambuarforhold eller eit nært vennskap, men også dersom landmålaren sjølv er part eller har ei økonomisk eller personleg interesse i saka. Departementet foreslår vidare ein forskriftsheimel, slik at departementet seinare – dersom praksis skulle tilseie det – kan utvide området for i kva tilfelle partane skal varslast eller kan nekte at forretninga blir gjennomført.

5.2 Komiteens merknader

Komiteen viser til proposisjonen og har ingen merknader.