Teknisk test 17.–18. september

Tirsdag 17. og onsdag 18. september gjennomføres det tekniske tester av infrastrukturen i stortingssalen. I perioden vil blant annet talerlisten, nett-TV og førstesiden på  stortinget.no bli testet, og det kan oppleves aktivitet i disse.

Innhald

3. Autorisasjonsordning for landmålere

3.1 Sammendrag

3.1.1 Gjeldande rett

Matrikkellova set ingen krav til utdanning eller praksis for landmålarar, men forarbeida legg til grunn at oppmålingsforretningar blir utførte av fagkunnig personell.

Frå oppmålingsfagleg hald blir den noverande ordninga først og fremst kritisert for at det ikkje er sett krav om formelle kvalifikasjonar for landmålarar i lov eller forskrift. Innføring av formelle faglege kompetansekrav støyter samtidig mot generelle prinsipp for statleg styring av kommunesektoren, jf. rettleiinga Statlig styring av kommuner og fylkeskommuner med retningslinjer for utforming av lover og forskrifter rettet mot kommunesektoren (H-2277) kap. 4.4.5.

3.1.2 Høyringsforslaget

I høyringsnotatet blei krav om autorisasjon for den ansvarlege landmålaren lagt til grunn for å kunne gjere om eigedomsoppmåling til tenesteyting. Det blei peika på at personleg autorisasjon, i motsetning til føretaksgodkjenning, sikrar at det personlege ansvaret følgjer landmålaren. Useriøse aktørar vil ikkje kunne halde fram verksemda berre ved å opptre i eit nytt føretak. Ei ordning med personleg autorisasjon av den ansvarlege landmålaren vil vere på linje med ordninga i land i EU som har private landmålarar, og svare til ordninga i Noreg for eigedomsmeklarar.

Omfanget av ei oppmålingsforretning kan variere mykje, frå oppmåling for frådeling av ei enkelttomt til kompleks eigedomsdanning i urbane område. Landmålaren bør kunne utføre alle typar saker.

Fleirtalet i lovutvalet NOU 1999:1 gjekk inn for krav om autorisasjon av landmålarar og sentral godkjenning av føretaket. Då ein fekk det endelege vedtaket til lov i 2007 og det kommunale forvaltningsansvaret blei ført vidare, fall alle formelle faglege krav vekk.

Det er vanleg at land med private landmålarar krev at den ansvarlege landmålaren skal vere autorisert. Departementet foreslo at ein ansvarleg landmålar bør ha ansvaret for at oppmålinga blir utført i samsvar med lov og forskrifter og etter god landmålarskikk. Han treng ikkje sjølv stå for alle oppgåvene, men har ansvaret for at oppmåling og klarlegging av rettar er korrekt utført. Det sikrar fagleg medverknad i alle saker.

Krav til utdanning og fagleg kompetanse

Etter modell frå andre land i Europa med private landmålarar foreslo departementet utdanningskrav på bachelornivå (3 år) og ein praksisperiode på minst 2 år. Hovudkrava vil gå fram direkte av matrikkellova, medan det nærare innhaldet i krava vil bli fastsett i forskrift.

Utdanninga må innehalde tekniske, eigedomsfaglege og juridiske emne.

I dag blir det gitt relevant utdanning på NMBU på Ås og ved Høgskulen på Vestlandet (tidlegare Høgskolen i Bergen).

Landmålarar må ta eit visst tal timar etterutdanning per år for å halde på autorisasjonen, på same måten som til dømes eigedomsmeklarar.

Utdanningskapasiteten er avgrensa, og behovet for landmålarar må på kort sikt bli dekt ved etterutdanning. Teknisk landmåling har blitt vesentleg enklare med GPS, og innsikt i juridiske og eigedomsfaglege spørsmål er hovudutfordringa når det gjeld kompetansebygging.

Departementet meinte ein må leggje opp til fleksible løysingar for autorisasjon i startfasen. Ein reknar med at ein stor del av dei kommunale utøvarane har den nødvendige realkompetansen. Det gjeld også for mange personar i Statens vegvesen og i private føretak som driv eigedomsoppmåling. Departementet foreslo at slike utøvarar skal få autorisasjon på linje med nye utøvarar. Ein må likevel krevje tilfredsstillande kunnskapar om tekniske og juridiske spørsmål, og ein kan gi tidsavgrensa autorisasjon med etterutdanning som vilkår.

Alle som søkjer autorisasjon, må gjennomgå ei særskild prøve for å dokumentere at dei har dei nødvendige kunnskapane for autorisasjon.

Autorisasjonsstyresmakt

Departementet foreslo at autorisasjon blir gitt av matrikkelstyresmakta, altså Statens kartverk. Kartverket må også kunne trekkje tilbake autorisasjonen. Kartverket bør vidare arrangere prøva som søkjarar av autorisasjon må greie før dei får autorisasjonen, og dei må godkjenne kurs som kvalifiserer for å halde autorisasjonen ved like, og kontrollere at dei autoriserte landmålarane har teke den nødvendige etterutdanninga. Det vil kunne vere aktuelt å la godkjende høgskular og universitet arrangere autorisasjonsprøvene og avgjere om prøva er greidd. Dei konkrete vilkåra vil bli fastsette i forskrift.

Krav til landmålarføretaket

Departementet foreslo at verksemder som utfører oppmåling, må ha minst éin ansvarleg landmålar med autorisasjon på kvar kontorstad der føretaket tilbyr landmålartenester. Verksemda må kunne stille trygd for eventuelle erstatningar og ha eit tilfredsstillande arkiv. Den ansvarlege landmålaren kan miste autorisasjonen dersom desse krava ikkje er oppfylte.

Det er ikkje noko i vegen for at kommunar eller andre offentlege verksemder kan utføre oppmåling på linje med private føretak. Departementet foreslo å bruke nemninga «landmålarføretak» som fellesnemning for private og offentlege føretak og andre offentlege verksemder som utfører oppmåling og fyller vilkåra for slik verksemd, jf. forslag til § 3 bokstav h.

Det kan stri mot god landmålarskikk dersom den ansvarlege landmålaren utfører oppmåling der arbeidsgivaren eller ein annan nærståande person eller ei nærståande verksemd er part. Det skjer i stor utstrekning i dag når kommunen eller Statens vegvesen utfører oppmåling. Spesielt i overgangsfasen til den nye ordninga vil eit forbod ikkje vere tenleg. Det er likevel eit krav at landmålaren opplyser partane om eventuelle nærståande forhold til nokon av partane i oppmålinga. At grunneigarar (eller andre brukarar) får høve til sjølve å velje landmålar, vil bidra til å redusere risikoen for inhabilitet.

Det ligg i grunnlaget for denne tenesta at nærleik til kundane vil vere ein konkurransefordel. Eigedomsmeklarbransjen kan tene som døme.

3.1.3 Merknader frå høyringsinstansane

117 høyringsinstansar har teke stilling til spørsmålet om autorisasjon. 96 støttar forslaget, 16 støttar det under dagens organisering, og 5 går imot.

I pkt. 5.3. i proposisjonen blir det gitt ei omtale av merknadene frå høyringsinstansane.

3.1.4 Vurderingar frå departementet

Det går fram av proposisjonen at tilbakemeldingane frå høyringsinstansane viser at mange er einige i at ein bør stille formelle kompetansekrav til eigedomslandmålaren, og dei fleste er positive til ei autorisasjonsordning med Kartverket som autorisasjonsstyresmakt. Det er likevel ulike synspunkt på dei nærare vilkåra og krava departementet foreslår.

Høyringa har i liten grad avdekt nye opplysningar som ikkje var kjende då høyringsforslaget blei fremja. Departementet finn derfor at det er grunn til å gå vidare med forslaget om ei autorisasjonsordning, men med nokre små justeringar og klargjeringar. Det blir i proposisjonen vist til at departementet vil ta med seg innspela frå høyringsinstansane inn i det vidare arbeidet med utforminga av dei nærare vilkåra og krava for autorisasjonsordninga, medrekna vilkåra for tilbaketrekking og tap av autorisasjon. Desse skal fastsetjast i forskrift, og denne vil bli send på høyring før dei blir fastsette.

Dei særskilde utdanningskrava bør ikkje utformast strengare enn nødvendig.

Når det særskilt gjeld merknadene frå Kartverket til § 38 tredje ledd om tilbaketrekking av autorisasjonen, er departementet til dels einig i kommentarane og har derfor endra ordlyden slik at føresegna også gir heimel for tilbaketrekking med varig verknad.

Hovudinnvendinga frå høyringsinstansane er at det ikkje er tilstrekkeleg at det berre er éin ansvarleg landmålar ved kvar kontorstad, men at det i staden bør vere slik at den landmålaren som utfører oppmålingsforretninga, må vere autorisert. Departementet har forståing for innvendinga og har prøvd å komme henne i møte til ein viss grad ved å klargjere rolla og ansvaret til den ansvarlege landmålaren, jf. forslaget til ny § 36 og § 38. Framleis er forslaget utforma slik at den ansvarlege landmålaren ikkje vil vere nøydd til å utføre alle oppgåver personleg. Ei oppmålingsforretning kan vere så mangt, alt frå kontorforretningar til kompliserte eigedomsdanningar. Departementet meiner ein må kunne ha tillit til at den ansvarlege landmålaren klarer å vurdere om den som skal jobbe på hans/hennar vegner, er kompetent. Når ein stiller krav om relevant praksis for å oppnå autorisasjon, er det også nødvendig at landmålarar utan autorisasjon får sleppe til, slik at dei kan opparbeide seg nødvendig praksis. Vi finn parallelle ordningar i mellom anna advokat- og eigedomsmeklingsbransjen med advokat/advokatfullmektig og eigedomsmeklar/medhjelpar/eigedomsmeklarfullmektig.

Som ein føresetnad for ei vellykka gjennomføring av tiltaket meiner Menon at det må på plass ei velfungerande autorisasjonsordning, ein må stille tydelege krav til autorisasjonen, og det må finnast eit effektivt system for å sanksjonere useriøse aktørar.

Departementet er einig i desse vurderingane.

Statens vegvesen har i høyringssvaret sitt etterlyst ei klargjering av om dei framleis kan ha landmålar innomhus. Departementet meiner dei foreslåtte reglane på dette punktet er klare. I § 3 i forslaget er «landmålarføretak» definert som «føretak eller offentleg eining som oppfyller krava i denne lova til å utføre oppmålingsforretning». Det er dermed ikkje noko i vegen for at Statens vegvesen held fram dagens praksis, så sant Statens vegvesen oppfyller krava til å vere landmålarføretak med tilsett autorisert landmålar. Så lenge landmålaren i Statens vegvesen berre skal utføre arbeid for «seg sjølv», vil ordninga ikkje vere i strid med EØS-retten.

Nokre høyringsinstansar foreslår DiBK som autorisasjonsstyresmakt, slik at ordninga kan administrerast i samband med den eksisterande ordninga for sentral godkjenning av føretak etter plan- og bygningsloven. Det er samtidig usikkert om dette i praksis vil gi nokon effektiviseringsgevinstar. Ordninga etter matrikkellova vil vere ein obligatorisk personleg autorisasjon, medan ordninga etter plan- og bygningsloven er ei frivillig ordning for føretak. Dei to ordningane vil også fagleg vere ganske ulike. Departementet meiner derfor at Kartverket med sin kompetanse på fagområdet vil vere det beste løysingsalternativet.

3.2 Komiteens merknader

Komiteen viser til at et flertall av høringsinstansene er positive til å innføre formelle kompetansekrav. Komiteen vil peke på blant annet NITOs høringsinnspill, der det heter at «tiden er også moden for å formalisere det kompetanseløftet som er gjort i sammenheng med innføringen av matrikkelloven, i det vesentlige i regi av kommunene».

Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Kristelig Folkeparti mener det kan være aktuelt å vurdere fagskoleutdanning innen fagområdet for å bli godkjent landmåler.