Stortinget - Møte onsdag den 15. november 2000 kl. 10

Dato: 15.11.2000

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 42

Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg har et spørsmål til vår ærede olje- og energiminister:

«Mange kommuner på Sør- og Østlandet plages av oversvømmelser på grunn av flom. Likevel følges ikke manøvreringsreglementet for uttapping av vann. I Vansjø i Østfold sørget man ikke for å redusere nivået til den standardiserte vannstand på 1,5 meter, men lot vannet stå på 2,5 meter med betydelige flomskader som resultat.

Hva vil statsråden foreta seg slik at regelverket følges og flomskader reduseres?»

Statsråd Olav Akselsen: Nedbørforholda på Austlandet i haust har ført til flaumvassføring i ei rekkje vassdrag. I regulerte vassdrag kan ein bruka reguleringa i nokon grad til å dempa flaumen, men ved langvarig høg vassføring vil ein òg der kunna få situasjonar med flaum.

NVE har ansvaret for at regulanten følgjer manøvreringsreglementet og følgjer opp klager på manøvreringa. NVE har ikkje eit målesystem som gjer at ein har kjennskap til vasstanden i alle magasina til kvar tid. Eit slikt system vil vera veldig ressurskrevjande. For Vansjø vil slike data først bli tilgjengelege ved årsskiftet.

Som standardformulering i dei fleste manøvreringsreglementa er det tatt med ei føresegn om at flaumvassføring til vassdraget ikkje skal auka. Det betyr at flaumvatnet skal fordelast mellom auka vassføring i elva og auka flaumvasstand i magasinet på same måte som under naturlege forhold. Dermed kan vasstanden i eit magasin gå over høgaste regulerte vasstand.

I manøvreringsreglementet for Vansjø frå 1983 er det fastsett eigne reglar for manøvrering ved flaum. Høgaste regulerte vasstand i Vansjø er 2,98 meter. Kor høgt flaumvatnet «lovleg» kan auka, heng saman med utlaupsprofilen før reguleringa. Dette må ein rekna ut for kvart enkelt magasin. Denne kontrollen må i hovudsak gjerast ved bygging av dammen og kan vanskeleg gjerast heile tida for alle magasin under drift. Eg må understreka at konstruksjon og drift er konsesjonæren sitt ansvar. Erstatning for eventuelle skadar på eigedomar som følgje av flaum er ei sak mellom partane.

NVE sende i september ut ei pressemelding der regulantane blei oppfordra til aktivt å følgja med i utviklinga framover og gjera dei tiltaka som er nødvendige for å unngå skade på liv og eigedom. Faren for skadeflaum kan regulanten førebyggja ved ei forsiktig førehandsnedtapping av dei mest utsette magasina.

Når det gjeld Vansjø, står det i reglementet at «uttapping mot høstflom etter 1. september blir søkt begrenset til vasstand 1,5 m».

Det er dermed ikkje eit krav om at vasstanden skal ned til 1,5 meter, men at ein skal prøva å unngå at ein kjem under 1,5 meter.

Hans J. Røsjorde hadde her gjeninntatt presidentplassen.

Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg takker statsråden for svaret, som for så vidt var fyllestgjørende, men jeg håper vi kan være enige om at hvis man hadde praktisert manøvreringsreglementet annerledes og vært tidligere ute med nedtapping på bakgrunn av alle signaler som er kommet om betydelig nedbør, så ville ikke problemet vært så betydelig for Vansjø som det har vært. Jeg understreker at man selvfølgelig ikke helt kan gardere seg mot flomkatastrofer, men man kan forebygge en negativ utvikling. Det var endog slik at fossen fra Vansjø var stengt i ti dager i oktober, og man fikk et betydelig økt vannivå i Vansjø.

Er ikke statsråden enig i at de ansvarlige for vannføringen bør være mer aktpågivende, slik at flomskadene bedre kan forebygges ved en mer fornuftig praktisering av manøvreringsreglementet?

Statsråd Olav Akselsen: Eg har ikkje kunnskap om Vansjø konkret, så det er veldig vanskeleg for meg å ta stilling til om ting kunne ha vore gjorde på eit anna vis der. Men på generelt grunnlag må eg sjølvsagt seia meg einig med representanten Hedstrøm i at ein må gjera det ein kan for å prøva å unngå flaum. No er det sjølvsagt slik at det alltid vil vera uvisse, fordi ein aldri har eksakt kunnskap om kor mykje det vil koma til å regna. Derfor kan det i enkelte tilfelle bli gjort feilvurderingar. Men som eg sa i mitt første svar: NVE har sendt ut ei oppmoding til alle som har ansvar for vasstandsregulering, om å ta nødvendige åtgjerder. Så får ein håpa at det i størst mogleg grad er blitt gjort.