Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg har et spørsmål til
vår ærede olje- og energiminister:
«Mange kommuner på Sør-
og Østlandet plages av oversvømmelser på grunn
av flom. Likevel følges ikke manøvreringsreglementet
for uttapping av vann. I Vansjø i Østfold sørget
man ikke for å redusere nivået til den standardiserte
vannstand på 1,5 meter, men lot vannet stå på 2,5
meter med betydelige flomskader som resultat.
Hva vil statsråden foreta seg slik
at regelverket følges og flomskader reduseres?»
Statsråd Olav Akselsen: Nedbørforholda på Austlandet
i haust har ført til flaumvassføring i ei rekkje
vassdrag. I regulerte vassdrag kan ein bruka reguleringa i nokon
grad til å dempa flaumen, men ved langvarig høg vassføring
vil ein òg der kunna få situasjonar med flaum.
NVE har ansvaret for at regulanten følgjer
manøvreringsreglementet og følgjer opp klager
på manøvreringa. NVE har ikkje eit målesystem
som gjer at ein har kjennskap til vasstanden i alle magasina til
kvar tid. Eit slikt system vil vera veldig ressurskrevjande. For
Vansjø vil slike data først bli tilgjengelege
ved årsskiftet.
Som standardformulering i dei fleste manøvreringsreglementa
er det tatt med ei føresegn om at flaumvassføring
til vassdraget ikkje skal auka. Det betyr at flaumvatnet skal fordelast
mellom auka vassføring i elva og auka flaumvasstand i magasinet
på same måte som under naturlege forhold. Dermed
kan vasstanden i eit magasin gå over høgaste regulerte
vasstand.
I manøvreringsreglementet for Vansjø frå 1983
er det fastsett eigne reglar for manøvrering ved flaum.
Høgaste regulerte vasstand i Vansjø er 2,98 meter.
Kor høgt flaumvatnet «lovleg» kan auka,
heng saman med utlaupsprofilen før reguleringa. Dette må ein
rekna ut for kvart enkelt magasin. Denne kontrollen må i
hovudsak gjerast ved bygging av dammen og kan vanskeleg gjerast heile
tida for alle magasin under drift. Eg må understreka at
konstruksjon og drift er konsesjonæren sitt ansvar. Erstatning
for eventuelle skadar på eigedomar som følgje av
flaum er ei sak mellom partane.
NVE sende i september ut ei pressemelding der
regulantane blei oppfordra til aktivt å følgja
med i utviklinga framover og gjera dei tiltaka som er nødvendige
for å unngå skade på liv og eigedom.
Faren for skadeflaum kan regulanten førebyggja ved ei forsiktig
førehandsnedtapping av dei mest utsette magasina.
Når det gjeld Vansjø, står
det i reglementet at «uttapping mot høstflom etter
1. september blir søkt begrenset til vasstand 1,5 m».
Det er dermed ikkje eit krav om at vasstanden
skal ned til 1,5 meter, men at ein skal prøva å unngå at
ein kjem under 1,5 meter.
Hans J. Røsjorde hadde
her gjeninntatt presidentplassen.
Øystein Hedstrøm (Frp): Jeg takker statsråden for svaret,
som for så vidt var fyllestgjørende, men jeg håper vi
kan være enige om at hvis man hadde praktisert manøvreringsreglementet
annerledes og vært tidligere ute med nedtapping på bakgrunn
av alle signaler som er kommet om betydelig nedbør, så ville
ikke problemet vært så betydelig for Vansjø som
det har vært. Jeg understreker at man selvfølgelig
ikke helt kan gardere seg mot flomkatastrofer, men man kan forebygge
en negativ utvikling. Det var endog slik at fossen fra Vansjø var
stengt i ti dager i oktober, og man fikk et betydelig økt
vannivå i Vansjø.
Er ikke statsråden enig i at de ansvarlige
for vannføringen bør være mer aktpågivende,
slik at flomskadene bedre kan forebygges ved en mer fornuftig praktisering av
manøvreringsreglementet?
Statsråd Olav Akselsen: Eg har ikkje kunnskap om Vansjø konkret,
så det er veldig vanskeleg for meg å ta stilling
til om ting kunne ha vore gjorde på eit anna vis der. Men
på generelt grunnlag må eg sjølvsagt
seia meg einig med representanten Hedstrøm i at ein må gjera
det ein kan for å prøva å unngå flaum.
No er det sjølvsagt slik at det alltid vil vera uvisse,
fordi ein aldri har eksakt kunnskap om kor mykje det vil koma til å regna.
Derfor kan det i enkelte tilfelle bli gjort feilvurderingar. Men som
eg sa i mitt første svar: NVE har sendt ut ei oppmoding
til alle som har ansvar for vasstandsregulering, om å ta
nødvendige åtgjerder. Så får
ein håpa at det i størst mogleg grad er blitt
gjort.