Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Plenumsmøtet i Europaparlamentet

På plenumsmøtet i Strasbourg førre veke var det ein debatt om EUs respons på amerikansk toll, og Parlamentet vedtok sitt innspel til Kommisjonen i forkant av framlegget til nytt langtidsbudsjett. Det drøfta korleis Grønland rett til sjølvråderett kan sikrast. Parlamentet vedtok óg mellom anna meir fleksibilitet for europeisk bilindustri til å møte CO2-utsleppskrav og til å nedgradere vernestatusen til ulv. Både 80-årsdagen for slutten på andre verdskrigen og dødsfallet til pave Frans vart markert.

Handelskonflikten med USA

Tysdag morgon innleia den polske  europaministeren Adam Szłapka og handelskommissær Maroš Šefčovič i ein debatt om EUs respons på handelskonflikten med USA. Dei gjentok EUs bodskap om at dei amerikanske tollane er skadelege for alle, at EU er villig til å forhandle og ikkje ynskjer å bidra til å eskalere konflikten. EU vil likevel forsvare sine interesser med alle tilgjengelege verkemiddel og vil komme med mottiltak mot USA dersom forhandlingar ikkje fører fram. Dei vil også vurdere generelle vernetiltak etter WTO-reglane dersom andre lands eksport som blir utestengd frå USA, i staden forstyrrar den europeiske marknaden. Kommisjonen har sett ned arbeidsgrupper som overvakar utviklinga for ulike varer. EU vil styrke handelsrelasjonane med andre land og styrke den indre marknaden. Šefčovič avslutta sitt innlegg med å understreke behovet for at EU står samla også framover.

I debatten etterpå fekk Kommisjonen støtte frå sentrum høgre (EPP), sentrum venstre (S&D), den liberale gruppa (Renew) og Dei grøne. EPP minna mellom anna om at jamvel om Trump har sett delar av tollauken på pause, er det uansett nå ein vesentleg toll på EUs eksport. S&D understreka at EU ikkje må forhandle bort viktig europeisk lovgjeving til dømes knytt til digitalt forbrukarvern eller klima, for å blidgjere USA. Renew sa USA trugar den verdsorden som er bygd opp etter andre verdskrigen. Den grøne gruppa sa det er viktig å forsvare europeiske interesser og verdiar.

Ytre venstre-gruppa (Patriotane) kritisert Kommisjonen for ikkje å ha førebudd seg på det Trump har varsla. Gruppa sa EU må respondere og forsvare sine interesser og forhandle seg tilbake til normale handelsrelasjonar. Gruppa nytta også høve til å ta til orde for å reversere EU-lovgjeving mellom anna knytt til klima som trugar europeisk bilindustri og landbruk. Den andre ytre høgre-gruppa (ESN) sa også at EU må forsvare sine interesser. Den konservative gruppa (ECR) sa den støtta opne marknadar, men viste til at EU også har toll på ein del varer og derfor er hyklersk i sin kritikk av amerikansk toll.

Ytre venstre gruppa (The Left) sa kaoset som USA har utløyst går ut over vanlege folk. Gruppa tok til orde for eit nytt globalt og rettferdige handelssystem som ikkje set frihandel framfor sosiale standardar, klima og landbruk og som gagnar innbyggjarane og ikkje oligarkar.

Grønlands rett til å avgjere eiga framtid

I ein debatt tysdag drøfta parlamentarikarane Grønlands rett til å avgjere eiga framtid. EUs høgrepresentant for utanrikssaker, Kaja Kallas, understreka at framtida må avgjerast av folket der i samsvar med prinsippa i ein regelbasert verdsorden. EU er den viktigaste internasjonale samarbeidspartnaren til Grønland. EU opna eit representasjonskontor i Nuuk i 2024 og støttar Grønland med alt frå utdanning, grøn vekst og berekraftig mineralutvinning, sikkerheit og infrastruktur. Det er sikkerheitsutfordringar i regionen som må tas på alvor, men det er klimaendringane som er den største utfordringa i området, sa Kallas.

Debatten var ikkje overraskande prega av mange danske innlegg, men den var også prega av tverrpolitisk semje om at framtida til Grønland må avgjerast i Nuuk. Enkelte meinte EU burde reagert kraftigare mot USA og fleire tok til orde for at EU må styrke samarbeidet med Grønland ytterlegare.

Innspel til EUs neste langtidsbudsjett

Parlamentet vedtok 7. mai sitt innspel til EUs langtidsbudsjett 2028-2034. Parlamentet meiner EUs budsjett må bli større og meir fleksibelt for at EUs skal kunne takle utfordringar knytt til geopolitikk, økonomi og miljø. Parlamentet er kritisk til framlegg frå Kommisjonen som vil medføre ei radikal omlegging av budsjettet. Ikkje minst gjeld dette framlegget om å samle mange eksisterande program i eit stort konkurranseevnefond. Forskingsprogrammet Horisont Europa er blant dei programma som dette ville omfatte. For Noreg vil ei slik konsolidering mellom anna reise spørsmål om korleis dette vil påverke kostnaden med å delta i til dømes Horisont Europa. Parlamentarikaren ynskjer forenkling for dei som skal få pengar over budsjettet, men understrekar samstundes at tilgangen til pengar må knytast til respekt for EUs verdiar og rettsstatsprinsipp. Vedtaket skjedde med 317 mot 206 røyster og 123 som avsto. Det var i all hovudsak medlemmer frå sentrum høgre (EPP), sentrum venstre (S&D) og dei liberale (Renew) som utgjorde fleirtalet.

EU-utviding – Kosovo, Serbia og Tyrkia

I budsjettinnspelet (omtalt ovanfor) understrekar Parlamentet at langtidsbudsjettet er viktig for å førebu ei utviding av EU og gjere kandidatlanda klare til å bli EU-medlemmar. Parlamentet vedtok i tillegg ein rapport om Kosova og Serbia og ein om Tyrkia.

I rapporten om Kosovo og Serbia slår Parlamentet fast at begge landa må gjennomføre reformar for å auke farten på medlemskapsprosessen. Dette gjeld mellom anna knytt til rettsstat, mediefridom og korrupsjon.

I rapporten om Tyrkia uttrykker Parlamentet uro for den stadige negative utviklinga av demokratiet i Tyrkia og for korleis styresmaktene slår hardt ned på fredelege demonstrantar. Rapporten tek til orde for å forsterke samarbeidet med landet på område som er av gjensidig strategisk interesse, men understrekar at medlemskapsforhandlingane ikkje kan startast opp igjen.

Meir fleksible utsleppskrav for køyretøy

Parlamentet gav torsdag samtykke til Kommisjonens framlegg om å gje europeisk bilindustri meir fleksibilitet til å innfri krava til reduksjonar i CO2-utslepp frå køyretøy. Endringane medfører at reduksjonskravet skal baserast på gjennomsnittleg utslepp over ein treårsperiode og ikkje berre utsleppa i år. Vedtaket skjedd etter ein hasteprosedyre. Politikarar mellom anna frå Den grøne gruppa, kritiserte både bruk av hasteprosedyren og dei faktiske endringane. Det vart også vist til at behovet for meir fleksibilitet illustrer kor dårleg konkurransesituasjonen til europisk bilindustri er. Medlemslanda i Rådet har også slutta seg til endringa, men må gjere eit formelt vedtak før den kan trå i kraft.

Nedgradert vernestatus for ulv

Parlamentet gav samtykke til å endre eit gjeldande rådsdirektiv om vernestatusen til ulven. Endringa vil reflektere vedtaket i den faste komiteen under Bern-konvensjonen i desember 2024 knytt til ulvens vernestatus (jf. omtale i EU/EØS-nytt 3. oktober 2024). Komiteen vedtok da etter framlegg frå EU å flytte ulven frå kategorien «strengt beskytta dyreart» til «beskytta dyreart». Vedtaket torsdag skjedde etter ein hasteprosedyre. Både hasteprosedyren og dei faktiske endringane vart møtt med kritikk mellom anna av den grøne gruppa. Medlemslanda må også formelt vedta endringa før den kan trå i kraft.  

Straumbrotet på den iberiske halvøya

Den polske europaministeren Adam Szłapka og energikommissær Dan Jørgensen deltok 7. mai i ein debatt om dei fyrste lærdommane frå det store straumbrotet på den iberiske halvøya 28. april. Szłapka understreka at tekniske undersøkingar må gjennomførast før det kan slås fast kva årsaka til straumbråtet var. Hendinga illustrerer kompleksiteten i straumsystemet og også behovet for god overføringskapasitet mellom regionar og land. Det viser også at det er viktig å styrke motstandskraft i straumnettet og hindre sabotasje sidan samfunnet er så avhengig av elektrisitet. Jørgensen sa Kommisjonen vil arbeide vidare med å sikre europeisk energiforsyning, inkludert gjennom framlegget om utfasing av russisk gass. Vidare integrering av energimarknadane, bygging av fleire kablar og investering i moderne nettverk og meir grøn energi er også viktige for å sikre stabile straumsystem.

I den polariserte debatten med mange spanske innlegg, var det mange som understreka at det er viktig å avdekke årsaka til straumbrotet, men som likevel ikkje unnslo seg frå nettopp å peike på årsaker. Både sentrum høgre (EPP) og partia lengre til høgre skulda på klimafanatisme, for stor tru på fornybar energi og avvikling av kjernekraft som årsaker til straumbrotet. Sentrum venstre (S&D), den liberale grupa (Renew) og Dei grøne sa stenging av atomkraftverk ikkje har skulda og åtvara mot å bruke straumbrotet som eit argument mot grøn omlegging. Tvert i mot er det viktig å vidareføre satsinga på grøn energi, men dette må kombinerast med utbygging av nett og lagringskapasitet. Både Dei grøne og ytre venstre (The Left) meinte straumbrotet viste behovet for offentleg kontroll og eigarskap av kraftsystemet.

Reduserte krav til gasslagring

Parlamentet slutta seg torsdag med stort fleirtal til å vidareføre EUs midlertidige krav til gasslagring fram til utgangen av 2027. Reglane som vart vedteke i 2022, ville elles opphøyre på slutten av inneverande år. Krava blir gjort noko meir fleksible ved at kravet om fyllingsgrad blir reduserast frå 90 til 83 prosent. Dette kan nås på eit tidspunkt mellom 1. oktober og 1. desember og ikkje som nå, nøyaktig 1. november. Desse endringane skal bidra til å hindre at prisen går opp fordi mange land må kjøpe ekstra mykje gass samstundes. Parlamentet går inn for stans i alle import av russisk gass.

Motstandsdyktig forvalting av vatn

Parlamentet vedtok med stort fleirtal sine tilrådingar til den kommande kommisjonsstrategien for motstandsdyktig forvalting av vatn i Europa. Den tek mellom anna til orde for å innføre mål for effektiv bruk av vatn. Parlamentet vil styrke innsatsen for klimatilpassingar og bruke meire ressursar på tiltak for motstandsdyktig forvaltning av vatn. Kommisjonen har varsla den vil leggje fram strategien i juni.

Nye reglar for screening av utlandske investeringar

Parlamentet er klart til å forhandle med medlemslanda om nye reglar for screening av utlandske investeringar. Det var tidleg i 2024 Kommisjonen kom med framlegget til ei ny forordning om slik screening. Dei nye reglane vil mellom anna medføre at nye sektorar som medietenester, kritiske råmateriale og transportinfrastruktur skal screenast. Alle medlemsland må gjennomføre screening og i tillegg kan Kommisjonen starte screening på eige initiativ.

Markering av slutten på andre verdskrigen

Tre krigsveteranar deltok på ei markering 7. mai for slutten på andre verdskrigen der både parlamentspresident Roberta Metsola og president i det europeiske Råd António Costa deltok. Begge la vekt på motet og offervilja til veteranane. Dei minna om at erfaringane frå krigen var utgangspunktet for EU og at samhald og vilje til fred er sentralt også framover.

Markering av dødsfallet til pave Frans

Ved opninga av plenumsmøtet måndag ettermiddag markerte plenumsmøtet dødsfallet til pave Frans. Parlamentspresident Roberta Metsola la vekt på at han hadde bidrege til å gjere verda meir human, fredeleg og samla. Etter eitt minutts stille var det ein runde med korte minneord frå dei politiske gruppeleiarane. Mange tok sitat frå pave Frans til inntekt for sine politiske prioriteringar. Det gjaldt både sentrum-venstre gruppa som viste til hans vektlegging av ein human migrasjonspolitikk, behovet for grøn omstilling og fred i Midtausten og den konservative gruppa (ECR) om å ta vare på den kristne kulturarven. ECR medga samstundes at gruppa ikkje var samd med den avdøde pavens syn på forvaltninga av migrasjon. Ytre venstre-gruppa (The Left) framheva hans innsats for dei fattige og svake.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 13.05.2025 10:09
: