Plenumsmøte i Europaparlamentet
På junimøtet i Europaparlamentet i Strasbourg var det situasjonen i Midt-Austen, Nato-toppmøtet, rettsstat og forbodet mot prideparade i Ungarn viktige saker. Europaparlamentet markerte at Schengen-avtala er 40 år og kong Abdullah av Jordan talte til plenumsmøtet. Det vart oppnådd semje i forhandlingar mellom Rådet og Parlamentet om reglar for støtte til europeiske politiske parti og forenkling av CBAM. I to rapportar slås det fast at både Montenegro og Moldova har gjort viktige framsteg på vegen mot EU-medlemskap.
Iran, Israel og Gazastripa
Tysdag var det ein debatt om situasjonen i Midt-Austen som både omfatta Israels bombing i Iran, samarbeidsavtalen mellom EU og Israel og den humanitære situasjonen på Gazastripa. EUs høgrepresentant for utanrikssaker, Kaja Kallas, la vekt på at eskaleringa i tilhøvet mellom Iran og Israel er farleg og viste til sivile tap og risikoen for radioaktiv forureining. Konflikten påverkar også dei globale energimarknadane og EU er klar til å koordinere tiltak for å sikre marknadsstabilitet. Kallas kom rett frå EUs ekstraordinære, digitale utanriksministermøte og gjentok hovudelementa i fråsegna ho kom med etter dette møtet. Mellom anna sa ho ministrane var samde om at begge sider må respektere internasjonal rett og vise atterhald for å unngå vidare eskalering. Iran er kjelde til ustabilitet i regionen og EU er klare på at Iran ikkje må få tilgang på atomvåpen.
Kommisjonspresident von der Leyen la i sin kommentar til bombinga i Iran same dag, vekt på Israels rett til å forsvare seg. Det vart derfor lagt merke til Kallas ikkje gjentok dette, men la vekt på våpenkvile og diplomati. Mellom anna sa ho at militære åtak ikkje vil føre til at Israel oppnår det dei ynskjer korkje i Iran eller på Gazastripa. Ho sa vidare at konflikten mellom Iran og Israel må ikkje få overskygge det som skjer på Gazastripa. Hamas må frigje gisla og Israel har rett til å forsvare seg mot Hamas, men dette må vere proporsjonalt. Kallas har fleire gonger gjenteke til den til israeleske regjeringa at naudhjelp må få kome inn til Gazastripa. Eit fleirtal av EU-landa har teke til orde for ein gjennomgang av om Israel oppfyller menneskerettsklausulen i assosieringsavtalen mellom EU og Israel. Kallas sa gjennomgangen vil bli presentert på det ordinære utanriksministermøtet måndag.
I debatten var det ikkje uventa svært ulike vurderingar av situasjonen. Sentrum høgre (EPP), dei liberale (Renew) og gruppene på ytre høgre la vekt på Israels rett til å forsvare seg mot Iran. EPP sa det delvis er på grunn av at Trump trakk seg frå atomavtalen at Iran nå har kom så langt i å utvikle ei atombombe. Likevel sa gruppa sjølv om Israel kanskje ikkje handlar i samsvar med internasjonal rett, er det mogleg å forsvare bombinga politisk. Samstundes la EPP vekt på at støtta til Israel knytt til åtaket på Iran, ikkje er ein støtte til det som skjer på Gazastripa eller på Vestbredden. Gruppene lengre til høgre støtta derimot Israel utan atterhald og sa EU burde takke Israel for å bidra til å gjere også EU tryggare. Israel fortener støtte og ikkje boikott. EU har assosieringsavtaler med fleire andre land som har ein dårlegare menneskerettssituasjon og er mindre demokratiske enn Israel utan at EU har suspendert desse avtalene. Renew la vekt på at EU må auke presset mot regimet i Iran.
Sentrum venstre-gruppa (S&D) fokuserte i større grad på situasjonen på Gazastripa og sa verda ikkje må venje seg til dei dramatiske dødstala som stadige blir meldt derfrå. Gruppa meiner Israel systematisk bryt vilkåra i assosieringsavtalen og tok til orde for suspensjon av den. EU må også slutte med våpeneksport og innføre sanksjonar mot enkelte regjeringsmedlemmar i Israel. Den grøne gruppa la vekt på behovet for å hindre eskalering og på situasjonen til sivilbefolkninga i Iran. Det som skjer nå er resultatet av mange år med forfeila politikk, inkludert at Trump trakk seg frå atomavtala med Iran. Det er nå eit vindauge for eit fritt Iran som EU må bidra til. Medan situasjonen i Iran er kompleks, er det lettare å ta stilling til situasjonen på Gazastripa. Her må Israel sleppe inn naudhjelp og innsjå at militære åtak ikkje fører til at gisla blir frigjevne. Ytre venstre var enda tydelegare i kritikken av Israel og skulda mellom anna landet for å drive etnisk reinsing på Gazastripa. Dette må få konsekvensar for tilhøvet til Israel, inkludert landets deltaking i EUs forskingsprogram.
Onsdag var det ein særskild debatt med tittelen «Stopping the genocide in Gaza: time for EU sanctions». Det var ytre venstre-gruppa (The Left) som hadde teke initiativ til debatten. Ved starten sa gruppeleiar, Manon Aubry at 18 månader med øydelegging, drap og liding ikkje er nok til at europeiske leiarar vil bruke ordet folkemord. Det er nå på tide med handling mot Israel og boikott. Mangelen på handling står i grell kontrast til den lange rekka av sanksjonspakkar mot Russland. Kallas sa i sin kommentar at det er viktig å minne om at dette starta med Hamas sin aksjon mot Israel i 2023, men gjentok at det Israel gjer på Gazastripa ikkje løyser noko og er ute av proporsjonar. Det er medlemslanda som må ta stilling til om assosieringsavtala skal suspenderast. På slutten av debatten kom ho med eit hjartesukk om at ho aleine ikkje er ansvarleg for situasjonen på Gazastripa eller manglande reaksjonar frå EU. Det er medlemslanda som er i førarsetet når det gjeld sanksjonar og dei krev samrøystes vedtak. Rett press mot eigne regjeringar i staden for å kritisere meg, sa ho.
Tale av kong Abdullah av Jordan
Tysdag morgon talte konge Addullah av Jordan til plenumsmøtet. Parlamentspresident Roberta Metsola ynskte han velkomen med å vise til Jordans viktige rolle i å bidra til stabilitet og fred i Midt-Austen. Ho la også vekt på landets store humanitære innsats både som naudhjelpsdonor og vertsland for mange flyktningar frå Palestina og Syria.
I sin tale viste kongen til at han hadde talt til plenumsmøtet for fem år sidan. Bølgje på bølgje av uro og hendingar etter dette har sett det internasjonale samfunnet på prøve. Hat og splitting har erstatte moderasjon og felles verdiar. Verdssamfunnet må finne tilbake til desse verdiane. Krig er som regel ikkje ein kamp om land, men om idear. Verda er i moralsk forfall og ingen stad er det tydelegare enn på Gazastripa, sa han. Handlingar som vart fordømt som forferdelege for 20 månader sidan, skjer nå så ofte at dei nesten ikkje blir registrert. Vi må stå opp for globale verdar, ikkje berre på Gazastripa, men globalt. Europa må vise leiarskap og Jordan er klar som ein strategisk partnar. Midt-Austen treng støtte til å utvikling og Europa må bidra til global sikkerheit. Palestinarane, som alle folk, fortener fridom, sjølvstende og ein stat, avslutta han.
Nato-toppmøtet 24. – 26. juni
Høgrepresentant for utanrikssaker, Kaja Kallas, deltok onsdag morgon i ein debatt om det kommande Nato-toppmøtet. Ho understreka at Russland er ein trussel for EU og at landet demonstrerer dette mellom anna ved krenking av luftrom, militærøvingar nær EUs grenser og hybridåtak på infrastruktur. Russland brukte meir på forsvar i fjor enn EU samla og meir enn landet sjølv brukar samla på helse, utdanning og sosialutgifter. Det er nødvendig med ein langsiktig plan for å byggje opp forsvaret i Nato og det må ikkje gjelde berre dei landa som er nærast Russland og kjenner seg mest truge. Det er mogleg å nå målet om fem prosent-målet om det er vilje til det.
Om Nato-toppmøtet sa ho det er tre sentrale tema. For det fyrste må det bli semje om å auke nettopp forsvarsinvesteringane. Ei rekkje framlegg frå EU, inkluder SAFE-forordninga og ReArmEurope er med å sikre dette. Ho trakk også fram at EU har forhandla fram fire sikkerheits- og forsvarspartnarskap så langt, inkludert med Noreg, og er i ferd med å forhandle eit med Canada. For det andre må toppmøtet slå fast at støtta til Ukraina ligg fast. Russland reagerer berre på styrke. EU er i ferd med å vedta ei 18. sanksjonspakke. For det tredje må Nato-landa vidareføre samhaldet. Trass ulike interesser, har alle eit felles ynskje om å trygge eigne innbyggjarar. Samhald er like viktig som meir pengar, sa Kallas.
I debatten var det relativt brei støtte til behovet for styrka forsvar, men fløygruppene var av ulike grunnar kritiske. Sentrum høgre-gruppa (EPP) sa Nato har er ein suksess fordi alliansen har evna å tilpasse seg. Det er viktig å sikre vidare amerikansk leiarskap. Eit sterkare engasjement i Stillehavsregionen bør vurderast. EPP meinte at Nato fyrst bør analysere kva slags risikoar alliansen står overfor, kva som trengs for å møte desse og deretter tilpasse ressursbruken til dette. Den sa også at det er viktig med sterkare koordinering og samarbeid om planlegging og innkjøp. EU har alt eit rammeverk som langt på veg kan sikre dette og det bør utnyttast.
Sentrum høgre-gruppa viste til at kombinasjonen av krigen i Ukraina, situasjonen i Midt-Austen, generell geopolitisk uro og hybride truslar gjer at forsvaret må styrkast. Gruppa la likevel vekt på at dette må ikkje gå ut over velferd og utjamningspolitikk. Det held ikkje berre å vedta eit mål, det må også oppfyllast etterpå. Det er vidare viktig å slå fast at Natos artikkel 5 om kollektiv forsvar ligg fast og at militær støtte ikkje er ein rein pengebasert transaksjon. Det må vere konsistens mellom måla til EU og Nato. Gruppa understreka at Nato-møtet ikkje er vellykka utan at støtta til Ukraina blir slått fast.
Også den grøne gruppa var positiv til meir forsvar, men la vekt på at dette bør baserast på samarbeid og felles finansiering og utan at sosiale utgifter blir ofra. Gruppa sa det er nødvendig med eit vidare sikkerheitskonsept som også omfattar til dømes energi og cyber. Det er også naudsynt å konsentrere innsatsen. Det er Russland som er trusselen og det er derfor austflanken til Nato som bør prioriterast. Gruppa ynskte seg ein vindfallsskatt for forsvarsindustrien som kan komme til å få svært store ekstraordinære inntekter dei neste åra.
Den konservative gruppa (ECR) sa fred ikkje nås gjennom ønsketenking, men krev styrke. Fem prosent til forsvar er ein låg pris samanlikna med prisen Ukraina betaler for krigen. Også denne gruppa understreka at toppmøtet må slå fast støtta til Ukraina.
Den liberale gruppa (Renew) var samd i at avskrekking er nødvendig og at styrka forsvar nå er nødvendig etter ein lang periode med underinvestering. Gruppa tok til orde for enda sterkare EU-samarbeid og koordinering og sa ingenting måtte vere tabu. Europeisk forsvarsindustri må utviklast.
Ytre høgre-gruppa Patriotar for Europa (PfE) hevda fleirtalet i salen høyrdest ut som dei arbeidde i Pentagon. EU er basert på ein fredstanke og kva gjer da EU på Nato-toppmøtet? EU må arbeide for fred i Ukraina og Ukraina må aldri bli med i Nato fordi dette vil opne for direkte konflikt mellom Nato og Russland.
Den andre ytre høgre gruppa, Europa av Suverene Nasjonar (ESN) var samd i at Europa har lent seg for mykje på USA, men sa svaret ikkje er meir makt til Brussel. Løysinga er sterke nasjonale forsvar innanfor Nato, men utan å gå ut over sosiale tiltak. Gruppa skulda også Kallas for å hate Russland og spurte retorisk kva land alle dei nye våpena skal brukast mot?
Ytre venstre-gruppa (The Left) var svært kritisk til auka forsvarsutgifter og viste til at Nato-landa samla bruker seks gonger så mykje som Russland på forsvar. I ein situasjon der verda står i flammar er ikkje meir våpen svaret. Nato er ein åtaks- og ikkje ein forsvarallianse. EU og medlemslanda bør bruke pengar på sosiale tiltak i EU, globalt i kampen mot fattigdom og for betre utdanning.
Årleg rettsstatsrapport
Onsdag vedtok Parlamentet sin årlege rapport om status for rettsstatsutviklinga i Europa som kommentar til Europakommisjonens rettsstatsrapport. Rapporten vart vedteke med 405 mot 210 røyster og 36 som avsto. Rapporten legg vekt på at uavhengige domstolar og sterkare handheving av EUs verdiar og vern av minoritetar, spesielt LHBTI. Den fordømer åtak på den frie presse, bruk av spionvare mot journalistar og sivilsamfunnet og spreiing av desinformasjon som undergrev demokratiske prosessar. I debatten tysdag la saksordføraren og andre vekt på at rettsstatsprinsippa er grunnleggjande for at EU skal fungere i tillegg til å ha ein verdi i seg sjølv. Dette gjeld ikkje minst den indre marknaden som ikkje kan fungere utan tillit til at rettssystemet er upartisk og utan at korrupsjonen er under kontroll. Som vanleg kom representantar frå ytre høgre-gruppene med kritikk av både Kommisjonen og Parlamentet for å gå etter spesifikke land og oversjå rettsstatsbrot i andre land. ECR-gruppa la fram eit endringsframlegg som utgjorde ein alternativ rapport som om den hadde fått støtte, ville erstatta den rapporten som vart vedteke.
Forsamlingsretten i Ungarn og behovet for reaksjonar frå Kommisjonen
Onsdag ettermiddag var det ein til dels svært krass debatt om retten til forsamling i Ungarn. Utgangspunktet er lovendringar i landet forbyr prideparadar i regi av LHBTI-rørsla i landet.
Europakommissær for demokrati, justis og rettsstat, Michael McGrath, innleia med å slå fast at forsamlingsretten er ein av dei grunnleggjande rettane i EU. Han viste til at det er gjort fleire lovendringar i Ungarn som Kommisjonen meiner bryt med EU-retten. Det gjeld for det fyrste fleire endringar i ei barnelov som mellom anna skal hindre at barn blir utsett for innhald som fremjar andre kjønnsidentitetar enn den medfødde eller som fremjar LHBTI-innhald. Kommisjonen har tatt Ungarn inn for EU-domstolen og generaladvokaten gav i si vurdering 5. juni støtte til Kommisjonen. Dom er venta i kommande månadar. Ungarn har også vedteke eit forbod mot offentlege demonstrasjonar og opna for bruk av ansiktsattkjennning ved bruk av KI og bøter på om lag 500 euro for dei som trassar forbodet. Kommisjonen meiner også dette bryt EU-retten og har i fyrste omgang bedt om ytterlegare informasjon frå regjeringa i landet. Kombinasjonen av dette gjer at den årlege prideparaden i Budapest er forbode. Jamvel om borgarmeisteren i Budapest nå vil organisere ein parade i offentleg regi og dermed omgå forbodet, løyser ikkje dette det grunnleggjande problemet, sa McGrath. Han sa Kommisjonen er klar til å bruke alle tilgjengelege verktøy for å sikre at at EU-retten blir oppretthalde i heile EU.
I debatten kom det sterk kritikk av den ungarske regjeringa frå både sentrum høgre (EPP), sentrum venstre (S&D), den liberale gruppa (Renew), den grøne gruppa og frå ytre venstre gruppa (The Left). Mange peika på at dei siste lovendringane føyer seg inn i ei lang rekkje åtak på rettsstaten i Ungarn. Det vart også vist til at fokuset på LHBTI-personar tyder på eit behov for å fjerne fokuset frå dei grunnleggjande problema i landet og misnøya med Orban. Det kom også kritikk mot Kommisjonen for å vere alt for passive overfor Ungarn. Mange tok til orde for å ta frå Ungarn stemmeretten i Rådet og for å halde tilbake EU-overføringar og minna om at Ungarn gjennom å bli EU-medlem hadde påteke seg plikter til å følgje EU-retten. Ei lang rekke medlemmar av Europaparlamentet sa dei ville reise til Budapest for å gå i paraden 28. juni og oppmoda også Kommisjonen om å delta. EUs likestillingskommissær Hadia Lahbib sa i etterkant av debatten at ho planlegg å dra til Budapest for å delta i paraden.
Dei tre ytre høgre-gruppene forsvarte Ungarn og sa denne debatten illustrerte den heksejakta og det hysteriet som blir retta mot landet. Enten det gjeld kampen mot illegal migrasjon, eit meir nyansert syn på tilhøvet til Ukraina eller barns rettar, så vil ikkje regjeringa i Ungarn gje etter. Det vart vist til at på same måte som landet hadde stått opp mot russiske tankvogner i 1956, ville landet stå opp for utanlandske makters forsøk på å overstyre landet nå. I staden for å kritisere Ungarn, burde dei som påstår å støtte LHBTI-personar fokusere på vilkåra for skeive i muslimske land. På grunn av den låge delen muslimar i Ungarn, er landet eit av dei tryggaste for skeive i Europa. Mange viste til at EU-traktaten opnar for tiltak for å oppretthalde offentleg orden og moral og det er nettopp det regjeringa i Ungarn nå gjer. Målet er å hindre at barn blir utsette for ein kjønnsideologi og oppleve hyperseksualiserte paradar. Ungarske lovar skal verne kristen moral, normalitet og tradisjonelle familiar og fyrst og fremst sikre den mentale utviklinga til barn. Priderørsla står i motstrid til alt dette. Det vart også vist til at den er finansiert frå utlandet, ikkje minst av ungarskfødde George Soros.
På slutten gjentok McGrath at EU-retten omfattar har forsamlings- og ytringsfridom og også rett til å elske kven ein vil. Kommisjonen vurderer den nye lova og har bedt om informasjon frå ungarske styresmakter. Han minna om at det er medlemslanda som etter artikkel 7 kan ta frå eit land stemmeretten, men sa han hadde formidla uroa i Europaparlamentet over utviklinga i landet, til Rådet. Han avslutta med å seie at alle bør feire mangfald og gjentok at Kommisjonen vil ta i bruk alle verkemiddel til å opprette EU-retten og forsvare dei verdiane som EU er bygde på.
Schengen-samarbeidet 40 år
Med ein runde med kommentarar frå dei politiske gruppene, markerte plenumsmøtet måndag at Schengen-samarbeidet er 40 år. Det var tverrpolitisk støtte til at samarbeidet er viktig og ein grunnpilar i EU-samarbeidet. Det var brei semje om at kontroll med yttergrensene er eit vilkår for at samarbeidet skal fungere. For dårleg kontroll med yttergrensene har resultert i at ein del land har innført nasjonal grensekontroll. Sentrum høgre-gruppa (EPP) la vekt på at det er viktig med velfungerande retursystem, gjennomføring av asyl- og migrasjonsakta og styrka samarbeid for å kjempe mot grensekryssande kriminalitet og hybdride trugsmål. Mellom anna bør Europol styrkast. Også ytre høgre-gruppene og den liberale gruppa (Renew) la vekt på behovet for kontroll med migrasjon som ein viktig del av å sikre samarbeidet framover. Gruppene på venstresida la vekt på at indre grensekontroll er uheldig og i strid med visjonen for Schengen.
EU-utviding: Vurdering av Montenegro og Moldova
Med relativt solide fleirtal vedtok Parlamentet to rapportar om status for medlemskapsprosessen til Montenegro og Moldova. Parlamentet er positive til Montenegros mål om medlemskap i 2028 og meiner det er det kandidatlandet som er nærast medlemskap. Det er stadig behov for reformar av valsystem og rettsapparatet og for ytterlegare innsats mot organisert kriminalitet og korrupsjon. Moldova får ros for god framgang i ein vanskeleg situasjon der Russland blandar seg inn i landets demokratiske prosessar. Valet hausten 2025 blir avgjerande for vegen vidare for landet.
Semje om endringar i CBAM (EUs karbongrensejusteringsmekanisme)
Medlemslanda i Rådet og Europaparlamentet vart onsdag samde om endringar i CBAM som ledd i målet om forenkling av EU-reglar. Importørar som fører inn varer som svarar til opp til 5o tonn CO2-utslepp per år, får unntak frå reglane. Det betyr at om lag 90 prosent av importørane slepp. Likevel vil 99 prosent av utsleppa i importert jern, stål, aluminium og sement vere omfatta. Administrative krav til dei som er omfatta av reglane, skal også forenklast.
Semje om nye reglar for støtte til europeiske parti og stiftingar og arbeidsgruppe for NGO-støtte
Medlemslanda og Rådet vart tysdag samde om nye reglar for europeiske politiske parti og stiftingar. Målet er auka innsyn, forenkling og samstundes gjere dei i stand til å kjempe mot utanlandsk påverknad. Teksten slår mellom anna fast at assosierte parti og stiftingar frå naboland eller kandidatland kan halde fram med samarbeidet innanfor pan-europeiske partigrupper. Stemmene frå desse skal likevel ikkje kunne bli brukt for å sikre fleirtal og dei skal ikkje kunne betale medlemskapsavgifter. Givarar av donasjonar over 3000 euro må identifiserast fullt ut. Reglane skal nå formelt vedtakast av Rådet og Parlamentet og er venta å trå i kraft 1. januar 2026.
Torsdag fekk sentrum høgre-gruppa (EPP) saman med den konservative gruppa (ECR) og ytre høgre-gruppa (PfE) fleirtal for å opprette ei arbeidsgruppe som skal sjå på EUs finansiering av ikkje statlege organisasjonar (NGO). ECR hadde i utgangspunktet gått inn for å etablere ein granskingskomité i Europaparlamentet. Høgrepartia har kritisert at Kommisjonen løyvar pengar til NGOs som skal påverke mellom anna Europaparlamentet, mellom anna knytt til den grøne politikken. Vedtaket torsdag er enda eit døme på at EPP dannar fleirtal til høgre i parlamentet.
Investering i og samankopling av energinett
I ein rapport som vart vedteke torsdag tek Europaparlamentet til orde for ulike tiltak for å gjere europeiske energinett meir motstandsdyktige. Det er nødvendig med betre integrering av nettverka, auke investeringar i nett og forenkle godkjenningsprosessar.
Innspel til planen for rein industri i Europa
Torsdag vedtok Europaparlamentet ein rapport som kommenterer Kommisjonens plan for rein industri i Europa. Parlamentet meiner det er behov for regelforenkling og raskare godkjenningsprosessar av nye prosjekt. EU-markanden må vernast frå urettvis konkurranse og satsinga på industri må kombinerast med grøn omstilling.
Kontaktinfo
Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg