Høringsinnspill fra Nynorsk forum

Høring: Videokonferansehøring for stortingsmelding om økt arbeidslivsrelevans i høyere utdanning
Innspillsdato: 06.04.2021

Språk i norsk utdanning og arbeidsliv

Nynorsk forum

Nynorsk forum er ein samanslutning av desse organisasjonane: BUL i Oslo, Dag og Tid, Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Jærmuseet/ Garborgsenteret, Kringkastingsringen, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Norsk Barneblad, Norsk Målungdom, NRK Nynorsk mediesenter, Nynorsk avissenter, Nynorskfylket Vestland, Nynorsk kultursentrum og Nynorsk pressekontor.

Språk i Noreg som arbeidslivsrelevans

Norsk høgare utdanning kvalifiserer studentar til å arbeide i norsk arbeidsliv. For å sikre norsk som samfunnsberande språk er det avgjerande at universiteta og høgskulane er medvitne språkpolitikken ved utvikling av studium og andre tilbod.

Sektoransvar for språkpolitikken

Nynorsk forum syner til Prop. 118 L Lov om språk (språklova) der Stortinget har behandla meldingsdelen og loven er under vedtak. Språkpolitikken fører vidare prinsippet om at språkpolitikken er heilskapleg og sektorovergripande. Det er etablert eit prinsipp om at departementa må ta språkpolitiske omsyn med i vureringa ved utgofring og gjennomføring av relevante delar av sin sektorpolitikk. Dette blir frå og med lovvedtaket forsterka ytterlegare.

I meldingsdelen i språklova er det eit eige kapittel 8 om språk i forsking og høgare utdanning. Det er ei særleg uro for at redusert bruk av nynorsk, bokmål og samiske språk i høgare utdanning og forskingsformidling fører til domenetap også i arbeidslivet og på andre sektorar. Dette er ikkje følgt opp i arbeidslivsrelevansmeldinga, men bør bli det av Stortinget.

Framlegg til merknader

Kapittel 1 Læring for et arbeidsliv i rask endring

Komiteen peikar på at norsk høgare utdanning og forsking skal kvalifisere til norsk arbeidsliv. Det er viktig at kandidatar på alle nivå meistrar norsk fagspråk. Komiteen er oppteken av at arbeidslivsrelevanspolitikken ved universiteta og høgskulane er med på å nå dei overordna måla i § 1 i språklova. 
Komiteen er oppteken av at norsk skal vere daglegspråket i størst mogleg del av arbeidslivet. Komiteen ventar at utdanningane gir studentane eit godt fagspråk for å kommunisere faget sitt på både bokmål og nynorsk.

Kapittel 5 Mer og bedre praksis
Komiteen er uroa for at nynorskkommunane og andre aktørar med nynorsk som arbeidsspråk, melder at studentar i praksis ikkje meistrar nynorsk godt nok når dei er i arbeidspraksis. Komiteen minner om at ansvaret for å vedlikehalde og utvilke norsk fagspråk etter UH-lova inneber eit ansvar også for nynorsk fagspråk. Det er til dømes avgjerande at lærarstudentar er kvalifiserte til å arbeide i dei over 100 kommunane der nynorsk er opplæringsspråk i skulen.