Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Høring: Videokonferansehøring: Meld. St. 23 S (2020-2021) Musea i samfunnet. Tillit, ting og tid
Notatdato: 21.04.2021
Nynorsk forum takkar for høvet til å kome med høyringsinnspel til museumsmeldinga.
Vi ønskjer at komiteen stadfester at musea bør halde seg til føremålsparagrafen i språklova. Og har elles nokre innspel til korleis den språklege dimensjonen i kulturarven kan følgjast opp.
Vi viser til Innst. 253 L (2020-2021) om språklova der komiteen har samla seg om merknadene:
«Komiteen viser til at det er eit mangfald av museum som arbeider med blant anna samiske språk, kvensk, romani, nynorsk og teiknspråk. Komiteen meiner desse musea kan samarbeide tettare for å formidle språkleg mangfald og å vere ressursar for språkdimensjonen av museumsarbeidet elles. Komiteen viser til at regjeringa har varsla at det kjem ei ny museumsmelding der den språklege dimensjonen i kulturarven kan følgast opp av komiteen.»
«Komiteen viser til at både Sunnfjord kommune og Nynorsk kultursentrum har teke initiativ til nettverk for å styrkje nynorsk kulturformidling i til dømes bibliotek, kulturhus, museum og scenekunstinstitusjonar. Komiteen er positive til samarbeid som er med på å styrkje den språkpolitiske dimensjonen av kulturpolitikken på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.»
Meld. S. 23 (2020-2021) innleier med å seie at musea spelar ei viktig rolle i vår eiga tids forståing av oss sjølve – både kven me har vore, kven me er og kven me vil vere. Det står vidare at musea er med på å forme grunnleggjande samfunnsverdiar. Språket er ein viktig identitetsmarkør og måten vi i Noreg handterer språklege konfliktar på, heng saman med samfunnsverdiane våre. Nynorsk forum ser fram til å høyre meir om korleis Kulturdepartementet vil følgje opp ambisjonen om å «styrke norsk språk [...] som grunnleggjande kulturberarar» gjennom musea.
I Språklova, Innst. 253 L (2020-2021) kapittel 1.2 slår Stortinget fast at «det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka språket». Museumsforbundet skreiv i sitt høyringsinnspel til språklova:
Synlege og språkbevisste museum kan vere med på å nå dei overordna måla for det nynorske skriftspråket. [...] Musea kan ha ein særleg rolle i å dokumentere nærveret av to skriftspråk i Noreg. Dei har også ein viktig rolle i å bruke og utvikle eit nynorsk fagspråk.
Nynorsk forum stiller seg bak dette og meiner det bør framhevast at fleire museum enn dei som brukar nynorsk aktivt i dag, bør auke bruken av nynorsk, for at musea skal vere med på å nå desse måla. Vi ønskjer at komiteen stadfester at musea bør halde seg til føremålsparagrafen i språklova.
Familie- og kulturkomiteen har forplikta seg i språklov-innstillinga til å gå vidare med den språklege dimensjonen i kulturarven i denne meldinga. Institusjonar og organisasjonar som representerer mindretalsspråka etablerer no på eige initiativ fleire samarbeidsplattformer seg i mellom, mellom anna gjennom nettverket for språkmuseum. Andre nettverk kryssar andre språkgrenser, som t.d. Litteraturnettverket som i 13 år har utvikla eit godt fagleg samarbeid mellom bokmåls- og nynorskinstitusjonar.
Den språklege dimensjonen i kulturarven kan elles følgjast opp gjennom desse innspela:
Kapittel 5 Solid kunnskapsproduksjon
Kapittel 6 Relevant formidling
Kapittel 7 Heilskapleg samlingsutvikling
Kapittel 9 Aktiv samhandling
Nynorsk forum er eit samarbeidsorgan for nynorske institusjonar, organisasjonar og bedrifter. Forumet drøftar viktige spørsmål om nynorsk i kulturlivet og samfunnet. Medlemer i forumet er BUL i Oslo, Dag og Tid, Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Jærmuseet/ Garborgsenteret, Kringkastingsringen, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Norsk Barneblad, Norsk Målungdom, NRK Nynorsk mediesenter, Nynorsk avissenter, Nynorskfylket Vestland, Nynorsk kultursentrum og Nynorsk pressekontor.