Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Høringsnotat fra Fartøyvernsentrenes Fellesråd

Høring: Statsbudsjettet 2022 (kapitler fordelt til familie- og kulturkomiteen)
Notatdato: 22.10.2021

Prop.1 S kap. 1429 post 74 og 75 (KLD) og kap. 322 post 70 (KUD)

Post 74 Tilskot til fartøyvern

Det er foreslått 70,6 mill. kroner på posten for 2022, dette er en reduksjon på om lag 6 mill. kroner. Dokumentert behov i Nasjonal verneplan for fartøy 2010-2017 var 97 mill. kroner for 2014. Vi ber derfor om at posten vert auka til 140 mill. kroner.

  • Behovet for auka løyving på denne posten er stor. Berre 19 pst av fartøya på vernelista har ordinært vedlikehaldsnivå. 25 pst. eit moderat behov for tiltak, medan 56 pst. har stort behov for tiltak og utbetring (s. 185). Etterslepet er dermed betydeleg og aukande og det nasjonale målet om vedlikehaldsnivå blir stadig meir urealistisk.
  • Dei nasjonale måla for kulturmiljøfeltet er knytte til omgrepa «engasjement», «berekraft» og «mangfald» (Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold (kulturmiljømeldinga). Dei nasjonale måla legg vekt på kor viktig kulturarven er for samfunnet og for arbeidet med å nå FNs berekraftsmål. Kulturmiljøet skal framleis sikrast, og arbeidet for å redusere tap og skade skal halde fram.
  • Fartøyvern og kystkultur er i svært høg grad prega av frivillig innsats og høgt engasjement.
  • Klimaendringar har ført til større behov for midlar til sikring og restaurering.
  • Historiske fartøy inngår mange stader i kulturbasert næring.
  • Tilskot frå post 74 utløyser i mange tilfelle andre tilskot og gir store ringverknader.
  • SV foreslo ei auke på 10 mill. kr i sitt alternative statsbudsjett for 2021.
  • Handverksaktivitetane ved dei tre nasjonale fartøyvernsentra er hovudsakleg finanisert gjennom oppdrag, der tilskot kjem frå post 74. Dermed er denne posten òg avgjerande viktig for fartøyvernsentra sitt arbeid med tradisjonshandverk og immateriell kulturarv.

Post 75 Tilskot til fartøyvernsenter

Det er foreslått 15,6 mill. kroner på posten for 2022 noko som inneber ein reduksjon på om lag 1 mill. kroner. Vi ber om at posten blir auka til 16,5 mill. kroner.

  • Ifølge prop-teksten vert formålet også tatt i vare av forslag til løyvingar på Kulturdepartementets budsjett. Dette er ikkje korrekt og ser ut til å vere ei mistyding. Det er berre Hardanger fartøyvernsenter som er del av et konsolidert museum og mottar midlar frå Kulturdepartementet. Men desse går ikkje til oppgåvene som er omfatta av post 75. Midlane over post 75 er ikkje driftsmidlar, men går til konkrete oppdrag og oppgåver som fartøyvernsentra får frå Riksantikvaren.
  • Kunnskap om tradisjonshandverk og materialkunnskap er heilt avgjerande for å ta vare på freda og verneverdige bygningar, anlegg, fartøy og annan kulturarv. Fartøyvernsentera, bygningsvernsentera og andre rådgjevingstenester for kulturmiljø har mykje å seie for det praktiske istandsetjings-, skjøtsels- og vedlikehaldsarbeidet. Dei fungerer som eit lett tilgjengeleg tilbod for både eigarar og handverkarar og speler ei viktig rolle for å sikre tilgang til kompetanse innan tradisjonshandverk.
  • Frå 2021 er det mogleg for andre aktørar enn dei tre nasjonale fartøyvernsentra å søke om midlar frå denne posten. Dette vil føre til større press på posten og ein endå meir krevjande situasjon for fartøyvernsentra.
  • Vi har notert oss at AP foreslo ei auke på 5 mill. kr på post 75 i sitt alternative statsbudsjett for 2021 og SP foreslo ei auke på 3 mill. kr.

 

Post 70 Nasjonale kulturbygg

Statsbudsjettet gjer framlegg om at prosjektet Tett På ved Hardanger fartøyvernsenter får 5 mill. kroner i 2022 og tilsegn om 33 mill. kroner i seinare budsjettår. Prosjektet vil bli eit løft for kystkultur og fartøyvern nasjonalt. Vi oppmodar om at løyvinga blir ståande og følgd opp med tilsegn for 2023 slik at prosjektet kan bli realisert i 2024.

For meir info, ta gjerne kontakt.

Med helsing

For Fartøyvernsentrenes Fellesråd,

Åsmund Kristiansen, direktør i Hardanger og Voss museum (Hardanger fartøyvernsenter)

Tlf. 91 74 68 11

E-post: asmund.kristiansen@hvm.museum.no

: