Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Høring: Kommuneproposisjonen 2023
Notatdato: 18.05.2022
Noregs Mållag har desse innspela til kommuneproposisjonen 2023:
Nynorsk må attende i kommuneproposisjonen
For å oppfylle ordlyden i den nye språklova om å fremje nynorsken som det minst bruka norske skriftspråket må kommuneproposisjonen få attende kapittelet «Bruken av nynorsk i kommunane», som var eit fast kapittel i kvar proposisjon fram til 2014. At dette kapittelet er vekke, er openbert eit tilbakesteg, og det må kome attende. Kommunane og fylkeskommunane er mellom dei alle viktigaste for å nå det overordna målet om å sikre det norske språket sin posisjon som eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg. For å sitere Kommuneproposisjonen 2012: «For å få til eit meir systematisk arbeid for å styrkje nynorsk språk og den nynorske skriftkulturen på brei basis, er det m.a. naudsynt å rette merksemda mot språk og språkbruk i kommunar og fylkeskommunar».
Departementet må følgje språklova
Den nye språklova var gjeldande frå 1.1.2022. Føremålet for den nye lova gjeld for både kommunane og fylkeskommunane. Etter det nye føremålet har både fylkeskommunar og kommunar no eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket. Her må Kommunal- og moderniseringsdepartementet ta eit særleg ansvar for å følgje opp den nye lova. Dei må skrive inn desse særlege forventingane for å fremje nynorsk til sine underliggjande etatar og i rettleiinga si til kommunane.
Den nye språklova legg eit endå tyngre ansvar på det offentlege til å fremje nynorsk, og å særskild vurdere situasjonen for nynorsk som mindretalsspråk spesielt – til dømes i politikkutvikling eller regelverkspraktisering som gjeld norsk språk. I proposisjonen vil me særleg trekkje fram det omfattande digitaliseringsarbeidet av kommunal- og fylkeskommunal sektor, som er omtala i proposisjonen.
Innkjøpt teknologi legg i mange tilfelle føringar for kva slags språk som skal bli nytta av brukarane. Krav til språkleg tilgang og kvalitet må bli tatt inn i regelverket for offentlege innkjøp. Særskilt må offentleg innkjøpspolitikk slå fast at Noreg har to offisielle norske skriftspråk, bokmål og nynorsk.
På side 30 i proposisjonen er nye heildigitale tenester for handsaming av byggesaker omtala.
Departementet begynner nå å se at en del kommuner, som for eksempel Skjåk, Lom og Sandnes, benytter handlingsrommet i eForvaltningsforskriften til å gå foran i den digitale omleggingen gjennom å innføre digitalt enevalg lokalt for profesjonelle søkere.
Om ein går inn på t.d. nynorskkommunen Skjåk sine heimesider for å sende ein byggesøknad vert ein automatisk vidaresend til fyrst Direktoratet for byggkvalitet så til eByggsøk. Ikkje eit ord på desse sidene er på noko anna enn bokmål. Det syner at dette er eit felt der omsynet til norsk språkpolitikken er heilt fråverande.
Det er viktig at departementet tek eit særleg språkpolitisk ansvar i det omfattande digitaliseringsarbeidet som er omtala i proposisjonen. Framtida til både norsk og til nynorsk, samisk og dei nasjonale minoritetsspråka avheng av viljen til å prioritere språkpolitikken i digitaliseringsarbeidet.