Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Høringsnotat fra Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World Colege (UWC Røde Kors Nordisk)

Høring: Statsbudsjettet 2024 (kapitler fordelt til utdannings- og forskningskomiteen)
Notatdato: 16.10.2023

UWC Røde Kors Nordisk og UWC Norge

United World Colleges, Notat, Høyring i Utdannings- og forskingskomiteen Oktober 2023 

UWC RKN fekk i år ikkje moglegheiten til å vitje komiteen, men takker for moglegheita til å sende våre innspel skriftleg.

Om United World Colleges og den norske innsatsen 

Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College (heretter UWC RKN) i Fjaler kommune er ein internasjonal vidaregåande skule som leiar fram til diplom i International Baccalaureate (IB). Skulen er ein av til saman atten United World Colleges (UWC) på verdsbasis. Det første colleget vart grunnlagt i 1962 i Wales, som ei motvekt mot samfunnsutviklinga under den kalde krigen. UWC-skulane tek i mot studentar frå heile verda, valde på grunnlag av personlege eigenskapar, utan omsyn til rase, religion, politisk ståstad og betalingsevne, valde gjennom eit nettverk av over 160 nasjonalkomitear. Skulane har eit overordna mål om å bruke utdanning til å fremje fred og berekraftig utvikling. 

Noreg sitt bidrag til UWC sitt arbeid er omfattande, både til UWC RKN og nasjonalkomiteen i Noreg, UWC Norge. UWC RKN har sidan skulen vart oppretta i 1995 vore drive med støtte frå alle nordiske land og autonome regionar. I 2023 mista skulen støtta frå den svenske regjeringa med bakgrunn i store kutt i bistandsmidler og reduksjon i antall partnarar. Signalar frå Sverige er at det ikkje var tatt ei nøye vurdering av kvifor UWC RKN vart kutta, men i prosessen med å redusere antall partnarar vart diverre også UWC RKN råka. Dette er noko vi jobbar med å snu, og seinast i førre veke hadde vi eit arrangement på den norske ambassaden i Stockholm for ei rekkje svenske gjestar og politikarar.

Noreg har vore største bidragsytar til UWC RKN sidan starten, kap 227 post 78. Det samla nordiske bidraget er vesentleg for utdanningstilbodet for ei samansett elevgruppe på 200 frå nær 90 ulike land, kor 30% av elevane til ei kvar tid kjem frå Norden. Auka i tildeling for 2024 er svært viktig for at skulen kan oppretthalde sitt tilbod i henhold til vedtektene. Samtidig er det like viktig at midlane blir deflatorjustert frå år til år.

Stortinget gir kvart år 80 stipend (40 per årskull) til norske elever som er vald ut av UWC Norge, via grunnbevilgningen til HK-dir, kap. 272, post 51 og 71. Vi har registrert at det er foreslått eit kutt i bevilgningen til HK-dir, men vonar at dette er grunna omorganisering og nedlegging av andre program i same post, og at det ikkje vil bety ein reduksjon i støtta til UWC Norge. Forøvrig påverkar den svake krona UWC Norge sin økonomiske situasjon, sidan stønaden frå Lånekassen ikkje er valutajustert. Det betyr at eigenandelen for norske elevar stadig står i fare for å måtte aukast. I dag får studentar på universitetsnivå valutajustert sine skulepengar, men ikkje vidaregående elevar, noko vi meinar også vidaregåande elevar bør få.

 Takk! 

Vi vil nytte høvet til å takke Utdannings- og forskingskomiteen for den samla støtta til verksemda vår. Dette er noko som supplerer den sterke norske innsatsen for utdanningsfeltet  internasjonalt, og for det nordiske samarbeidet for den einaste felles-nordiske vidaregåande skulen i Norden.                                                                                                                

Vi vil spesielt takke for at grunnbevilgninga til UWC RKN har blitt auka med NOK 5 millionar og på dette tidspunktet ynskjer vi berre å forsikre oss om at auka på NOK 5 millionar vert ståande i åra framover.  Vi vil også rette ein stor takk til komiteen som har lytta til oss når det gjeld at midlane til UWC RKN frå eit år til eit anna blir deflatorjustert.

Invitasjon til å vitje UWC i 2024 

UWC RKN feirer 30 år i 2025. Magien oppstår i møte med elevane, og med eit svært mangfaldig elevmiljø oppstår læring både i og utanfor klasserommet. Sidan opprettinga har skulen alltid tatt imot elevar frå ulike konfliktområder, i dag representert ved både ukrainske, russiske, palestinske og israelske elevar.

Vil vil med dette sende ein invitasjon til Utdannings- og forskingskomiteen om å vitje skulen på ein av reisene sine i løpet av året. Om det ikkje høver i 2024 håpar vi at det let eg gjennomføre i jubileumsåret 2025.

  

Med venleg helsing                                                                               

Leonora L. Kleiven                                                                                               Andreas Dahlen Røijen  

Direktør Samfunnskontakt & Kommunikasjon, UWC RKN                                Styreleiar UWC Norge

: